Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vegopprør i Gaular



Mot slutten av 1700-talet vart det stilt krav til eit betre vegnett. Det skuldast ei fastare ordning med postføringa. Bøndene vart tvinga til å byggja og vedlikehalda vegane, og i tillegg var dei pålagde skyssplikt for alle som var ute og reiste i offentlege gjeremål. Alt i alt vart dette grobotn for misnøye og opprør. Bøndene i Gaular protesterte mot tvangsordningane.

Bøndene var vane med vegar for hest og kløv. Også dei var til ein viss grad opparbeidde og vedlikehaldne, men eigna seg ikkje for køyrereiskap. Her ser vi vegen opp til Kvandalsstølen i Gaular. Vegane på 1700-talet var nok mykje likt dette. Bøndene hadde sjeldan vogner eller køyredoningar før langt ut på 1800-talet. Mange hadde ikkje vogner før bilen kom. Stort sett var det berre skysskarane som hadde høveleg utstyr for transport av folk eller varer. Bøndene brukte oftast slede, eller slep, når dei skulle frakta varer, anten det var sommar eller vinter.

Bøndene var vane med vegar for hest og kløv. Også dei var til ein viss grad opparbeidde og vedlikehaldne, men eigna seg ikkje for køyrereiskap. Her ser vi vegen opp til Kvandalsstølen i Gaular. Vegane på 1700-talet var nok mykje likt dette. Bøndene hadde sjeldan vogner eller køyredoningar før langt ut på 1800-talet. Mange hadde ikkje vogner før bilen kom. Stort sett var det berre skysskarane som hadde høveleg utstyr for transport av folk eller varer. Bøndene brukte oftast slede, eller slep, når dei skulle frakta varer, anten det var sommar eller vinter.

Eigar: Olav Njøsen. Fylkesarkivet. SFFf-1987046.0002

Datering: 1930

Fotograf: Mads Sæle

"Almuen .. uvillig"

I byrjinga galdt pliktarbeidet i hovudsak vegar av riksinteresse, hovudvegane, men også innanfor prestegjeldet fanst det vegar som skulle dekka lokale behov. Prestane var til dømes avhengige av vegar for å komma seg fram til kyrkjene og til sokneborna sine. Presten Wingaard i Gaular (Indre Holmedal) klaga til bispen i 1771 over at "Almuen udj hans Præstegield viiser sig uvillig til at opkiøre og opbryde Vejene for ham til Annexkirkene, naar stort Sneefald indtræffer". Bøndene vart bøtlagde for slik obsternasigheit.

Motstand mot postvegen

Etter 1750 byrja dei store pålegga om vegarbeid å melda seg. I eit brev frå generalvegmeister Nicolai Fredrik Krogh i 1782 (i embetet 1768-1786) til dei tre lensmennene i Fjaler og Gaular, heitte det at vegane i Ytre og Indre Holmedal var "i den afskyeligste Tilstand, mer lignende uarbeidede Steen-Urer, Rende Steener og Sæter Vejer end en hoved Lande- og alfar Konge Vej." Han gav difor ordre om at dei tre lensmennene skulle setja i gang ei veke med arbeid. Dei som ikkje stilte opp skulle bøtleggjast.

Inndeling av vedlikehaldsroder

Ser ein på rodeinndelinga (inndelinga av vedlikehaldet) av delar av strekninga Viksdalsvatnet-Osen-Lending i 1772 (20-30 km), dreier det seg om langt over 100 gardar som var involverte i vedlikehald og byggjing. I Viksdalen ser det ut som bøndene rett og slett nekta å vera med på ordninga. Lista over bøtlagde gardbrukarar i samband med vegarbeid i 1782, viser at 22 gardbrukarar skulda 40 dagar med arbeid. Årsaka til opprøret var i hovudsak at arbeidet var lagt til sommaren, då dei fleste hadde meir enn nok å gjera på sine eigne gardar. Særleg ille var det for folk som budde langt unna vegen og hadde ei lang reise for å komma seg til arbeidsstaden. Holmedalssokna måtte arbeida i Bygstad og Sandesokna. Kommunar og grender som ikkje fekk pliktarbeid måtte betala med pengar. Dette vart ein ny skatt i tillegg til dei mange dei var pålagde frå før.

Byggjing av postvegen

Med fast postordning, som vart vedteke i 1785, vart det lagt enno større byrder på bøndene i Gaular. Av vegar som skulle byggjast var det i første rekkje postvegen mellom Bergen og Trondheim. Ei sporadisk postrute gjekk mellom Vadheim, Sande og Førde fram til 1785. Vegen, opparbeidd som 2,5-3 m brei rideveg, gjekk i Gaular innom gardane Drægebø, Grytås, Årberg, Årbergsbotnen, Løfall, Steien, Sande, Myrmel, Lunde, Skilbrei til Langeland. I 1785 vedtok vegkommisjonen at posten skulle gå landevegen i ruta Leirvik-Dale-Sveen-Langeland til Førde. Opparbeidinga av den nye vegen medførte meir vegarbeid og auka vedlikehaldsplikter.

Motstand mot Krogh sine forordningar

På vårtinget 10. mai 1780 bad fylkesmannen om at futen og sorenskrivaren undersøkte motstanden som fanst mot arbeidstvangen på den planlagde postvegen gjennom Sunnfjord. Generalvegmeisteren og vegkommisjonen hadde rapportert om misnøye mot prosjektet. Jølstringane hevda at den vegen som fanst, var meir enn god nok, medan bøndene i Gaular omringa fullmektigen. Dei var nokså harde mot han og nekta all form for vegarbeid.

På hausttinget same året i Dale, las futen opp eit brev frå generalvegmeisteren. Her kjem det fram at i heile Holmedalssoknet var det mest ikkje gjort noko arbeid. Dei svara at arbeidet var for tungt for dei, sidan det var 2-3 mil å reisa til arbeidstaden i Bygstad- og Sandesokna. Dessutan hadde dei sine eigne vegar som skulle vedlikehaldast.

Protestbrev til kongen

Liknande aksjonar mot vegbyggjinga oppstod mange stader. I 1784 vart folk i Vevring hardt straffa med pengebøter for manglande arbeid. Også i Leikanger protesterte folk mot vegarbeidet. Sorenskrivar i Sunnfjord, Hans Arentz, skreiv eit brev til leiinga i København om dei urettvise bøtene. Det førde til at bøtene vart reduserte til det halve. I brevet bad folk om at vegarbeidet vart organisert lempelegare. Det gjekk over 100 år før vedlikehaldsplikta vart teken bort. I fleire generasjonar var vegarbeid ei tung arbeidsbør for bøndene, sjølv om dei etter kvart vart meir avhengige av betre vegar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hestebeit, Rognald: Om samferdsle. Gaularsoga, bd III, Gaular Sogenemnd 1968.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Stavanger 1990.

PERMANENT IDENTIFIKATOR