Kulturhistorisk leksikon

Strid (10)

  • Målstriden i Vik

    Målstriden i Vik var uvanleg hard, kanskje hardare enn i noka anna bygd i Sogn og Fjordane. Striden varte frå rundt 1890 til kring 1930, men hardaste taka var rundt 1910.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Striden for veg over Gaularfjellet

    Gaularfjellsvegen sto ferdig i 1938. I nær hundre år hadde det vore eit krav om vegsamband mellom Sunnfjord og Sogn. Ein ny stamvegplan for heile landet gav rom for Gaularfjellsvegen som hadde anleggsstart i oktober 1936.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Balestrand
  • Arbeidarane på Gaularfjellsvegen organiserer seg

    Vegarbeidarane følte tidleg at det var trong for å organisera seg. Arbeidstilhøva var lite regulerte i høve til dagens forhold, og fleire gonger var det konfliktar mellom arbeidarane og vegkontoret på Hermansverk.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Balestrand
  • Strid om tverrsambandet mellom indre Sogn og Sunnfjord

    I 1950-åra var det ein heftig debatt om kvar tverrsambandet mellom indre Sogn og Sunnfjord skulle gå. Tre alternativ peika seg ut: veg langs Sognefjorden til Høyanger og Vadheim, heilårssamband over Gaularfjellet med tunnel og vegsamband via Fjærland/Jølster.

  • Kamp om vegmidlane i indre Nordfjord

    Mot slutten av 1800-talet var det ein intens dragkamp mellom dei tre kommunane Stryn, Eid og Hornindal om vegmidlane. Eid ville ha veg til Stryn, Stryn ville ha samanhengjande veg til Oppland, og Hornindal ville ha vegen mellom Eid og Stryn, men lagt på nordsida av Hornindalsvatnet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Motstand mot Flåmsbana

    Då Bergensbana vart lagt over Myrdal og Finse etter eit stortingsvedtak i 1883, gjekk fylkestinget i Sogn og Fjordane inn for at det skulle byggjast ei sidebane til Sognefjorden gjennom Flåmsdalen. 10. juli 1908 vedtok Stortinget å byggja jernbanelina frå Myrdal til Flåm, men vedtaket vart ikkje sett ut i livet før i 1923. Men Flåmsbana hadde mange motstandarar - ikkje minst i eige fylke. Debatten om Flåmsbana varte mest heilt til bana stod ferdig i 1940.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Jernbaneplanar i Sogn og Fjordane

    I 1921 la Fylkestinget fram ein jernbaneplan som føreslo jernbaneutbygging i store delar av fylket. Det kom lite ut av planane. Flåmsbana var og er den einaste jernbanestrekninga i fylket.

  • Vegopprør i Gaular

    Mot slutten av 1700-talet vart det stilt krav til eit betre vegnett. Det skuldast ei fastare ordning med postføringa. Bøndene vart tvinga til å byggja og vedlikehalda vegane, og i tillegg var dei pålagde skyssplikt for alle som var ute og reiste i offentlege gjeremål. Alt i alt vart dette grobotn for misnøye og opprør. Bøndene i Gaular protesterte mot tvangsordningane.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gaular
  • Amtmann og prest i nappetak om fattigprotokoll

    ".. til eegenraadige (..) Amtmand Mons Teistes udødelige æreminde..", står det innført i protokollen for fattigkommisjonen i Leikanger år 1772. Det var soknepresten i Leikanger som skreiv denne heilt eineståande innførsla om amtmann (fylkesmann) Mons Teiste. Dei hadde kort tid i førevegen på det næraste vore i tåttane på kvarandre for open scene om protokollen.

  • Nynorsk - Gustav Indrebø og målstriden

    "Fyremålet med den norsk målreisingi hev vore å få løyst målunionen med Danmark, og få reist eit sjølvstendigt norsk nasjonalskriftmål." (Gustav Indrebø (1937) i artikkelen God norsk).