Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Kjøkenreiskap og matstell



På Ytre Moa utgjer kjøkenreiskap og utstyr til matlaging ei interessant gruppe gjenstandar, som både kvar for seg og samla kan gje oss innblikk i kvardagen til dei som budde på Ytre Moa i vikingtida.

Fragment av kleberkar, funne på Ytre Moa. Truleg har det vore feste ein hank gjennom holet. Karet har truleg hatt same form som karet på teikninga under. Slik kleberkar har ei generell datering til jarnalder/mellomalder, men generelt har kleberkar vore nytta til langt opp i historisk tid.  (Foto: Fylkesarkivet).

Fragment av kleberkar, funne på Ytre Moa. Truleg har det vore feste ein hank gjennom holet. Karet har truleg hatt same form som karet på teikninga under. Slik kleberkar har ei generell datering til jarnalder/mellomalder, men generelt har kleberkar vore nytta til langt opp i historisk tid. (Foto: Fylkesarkivet).

Drikkeglas frå kontinentet

Her er funne m.a. restar av tetningskitt som vart nytta til å tette trekar eller tiner, fragment av kleberkar, steikjepanne og eldstål, kvernstein og knivar, i tilegg til bryner. Det er også funne eit fragment av eit lyst grønt, fasettert glasbeger. Fragmentet er for lite til at ein kan seie noko om storleik, form og funksjon, men truleg har det vore eit drikkeglas - lik dei mange importerte glasa som vart importerte frå Kontinentet i denne perioden?

Rektangulære eldstader

Bustadhusa på Ytre Moa hadde rektangulære eldstader, plassert i den indre delen av husa, i midtaksen. Eldstadene var nytta både for å gje lys og varm, og til å lage mat. Maten kan også ha vore tillaga i kokegrop, lik den som vart funne i hus A. Til å gjere opp eld nytta dei eldstål og flint.

Kokekar og tiner

På Ytre Moa har ein funne fragment av eit klebersteinskar, truleg rundforma. Slike kar var vanlege i vikingtida, noko dei mange klebersteinsbrota frå denne tida vitnar om. Vi kjenner m.a. brot i Luster og Vik - men vi veit ikkje om karet på Ytre Moa kjem derifrå.

Graut eller velling

Graut eller velling har truleg vore ein av basisrettane i vikingtida - slik det også var i det gamle bondesamfunnet. Til kvardags laga ein graut på vatn, mens det for særskilte høve truleg var vanleg å lage han på mjølk, og ete han med smørauge til. Fram til langt opp i historisk tid var det vanleg å bruke kleberkar til å å koke graut og velling i. Andre rettar som kan ha vore laga i kleberkar er sodd og suppe, som t.d. neslesuppe.

Mjølkestellet viktig

På Ytre Moa har dei truleg hatt både kyr og sauer, og mjølkestellet må ha vore ein viktig del av oppgåvene på garden. Vi har berre funne eit fragment av tetningskittet til det som truleg har vore eit trekar eller tine - kan hende har dette vore nytta i samband med mjølkestellet og til bearbeiding av mjølkeprodukt?

Handkvern

Det er hittil ikkje påvist om, eller eventuelt kor dei hadde kornåker på Ytre Moa. Det som er sikkert, er at dei mol kornet sjølv, og då ved hjelp av ei handkvern. Det er funne to fragment av overliggaren til ei handkvern - som har vore av same type som vart funne i Osebergfunnet. Kan hende har mjølet vore nytta til å bake brød på steikjepanna? Frå Sverige veit ein at "osyrat bröd" laga av mjøl og vatn vart steikt på liknande steikjepanner langt opp i historisk tid. Truleg var steikjepannene nytta til å steikje kjøt og fisk også, sjølv om steikjespidd og jarnrist, som det ikkje er funne på Ytre Moa, nok var vanlegare å nytte til dette. Ut fra det beinmaterialet som er funne på Ytre Moa, mellom anna utanfor bustadhusa, ser ein at dei har ete både sau/geit, gris og storfe. Fiskebein har ein ikkje kunne påvise på Ytre Moa.

Knivar og bryne

Knivar og bryner har vore viktige reiskap på garden, og vart m.a. nytta til slakting og tilverking av kjøt. På Ytre Moa er det funne tilsaman 11 knivar/knivsfragment. Dei er alle av ein vanleg type frå denne tida. I tillegg er det funne mange brynefragment, av ulikt materiale - både leirskifer og skifer, og ulik form - avlange med tre eller fire sider, knokkelforma og hengjebryne.

kjelder:

Bakka, E. 1965. Ytre Moa - eit gardsanlegg frå vikingtida i Årdal i Sogn. Viking bind XXIX.
Bakka, E. 1971. Ytre Moa. Ein øydegard frå vikingtida. I S. Ve (red.): Bygdebok for Årdal, band 1, s. 149-178. Bergen
Larsen, K. 1995. Ytre Moa. Et gårdsanlegg fra vikingtid i Årdal, Sogn. En studie av byggeskikk og gårdsstruktur. Upubl. Hovedfagsoppgave, Universitetet i Bergen.
Lillehammer, A. Funn frå forhistorisk tid. I S. Ve (red.) Bygdebok for Årdal, Band 1. 1971.
Nordeide, S. W. Rapport vedrørende grunnlaget for rekonstruksjon av vikingtidsgård, Sognefjord vikingsenter, Balestrand. Basert på materiale fra Ytre Moa. Topografisk arkiv, Bergen Museum. 1990.
Rabben, Anders M. Med vevsverd og stekepanne. Tekstilredskaper og kjøkkenredskaper i vestnorske mannsgraver fra yngre jernalder. Hovedfagsoppgave i arkeologi, Universitet i Bergen 2002.
Solberg, B. Jernalderen i Norge. 500 før Kristus til 1030 etter Kristus. Cappelen Akademisk forlag. Oslo 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR