Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. mai 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum – 1814 i Askvoll prestegjeld



Kielfreden i januar 1814 braut bandet mellom Noreg og Danmark. Statthaldar og prins Christian Fredrik tok styringa i Noreg og stilte seg i spissen for den norske sjølvstenderørsla. 19. februar kunngjorde han at det skulle veljast ei representativ forsamling som skulle skrive grunnlov og velje ein konge for Noreg. Prestegjelda fekk i oppgåve å velje valmenn som så skulle møtast og velje representantar til grunnlovsforsamlinga.

«Askevold prestegård, 1849» måla av Anders Askevold. Askvoll kyrkje var vallokale tre gonger i 1814: På den særskilde bededagen 18. mars, ved valet av valmenn til omframt storting 9. september og ved valet av valmenn til det første ordinære stortinget 30. desember.

«Askevold prestegård, 1849» måla av Anders Askevold. Askvoll kyrkje var vallokale tre gonger i 1814: På den særskilde bededagen 18. mars, ved valet av valmenn til omframt storting 9. september og ved valet av valmenn til det første ordinære stortinget 30. desember.

Eigar: KODE

Datering: 1849

Fotograf: Thor Westrebø

Askvoll prestegjeld i 1814

Askvoll prestegjeld omfatta i 1814 området frå Grimelia i nord til Lifjorden i sør, og inkluderte etter dagens kommunegrenser deler av kommunane Askvoll, Hyllestad, Solund og Fjaler. Prestegjeldet var delt i fire sokn: Askvoll (hovudsokn), Vilnes, Hyllestad og Øn. Prestegjeldet hadde i 1814 skuleordning, fattigstell og forlikskommisjon. Soknepresten var sentral i det offentlege livet i prestegjeldet, ikkje berre som prest. Han var også leiar for skulekommisjonen og fattigkommisjonen, i tillegg til å vere medlem i forlikskommisjonen.

Sokneprest i Askvoll i 1814

I 1814 var det Peter Johan Arnet (1740-1826) frå Skogn i Levanger som var sokneprest i Askvoll. Han tok til i stillinga i 1789 og gjekk av med pensjon 14. desember 1815 grunna alderdomsveikskap og nedsett syn. Han skal då ha vore så godt som blind. I kallsboka for Askevoll prestegjeld kan ein om Arnet lese at:

 Han var en velbelæst Mand. Historien var især hans Livsstudium, uagtet han derved ingenlunde forsømte sit egentlige Studium Theologien. Læsning var hans kjæreste og eneste syssel. Hans blide venlige væsen, og hans retskafne tænke- og handlemåde, erhvervede ham mange Velyndere. Sin menigheds kjærlighed besad ham i høi grad og den fulgte ham i graven.

 Særskild bededag – eidsavlegging og val

I 1814 fekk sokneprest Arnet brevsending frå biskopen i Bergens Stift. Det var kunngjering frå Prins Christian Frederik, Noregs Regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet. Kyrkjelyden skulle først sverje å forsvare det norske sjølvstendet og deretter velje to valmenn til eit amtsvalmøte. På amtsvalmøtet skulle det så veljast tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april.

Eidsavlegginga skulle dokumenterast i form av eit underskrive vitnemål om «at vedkommende menighets indvaanere med fædrelandssind hadde avlagt nævnte ed». Det var «de tilstedeværende Øvrigheds-Personer og Embedsmænd», samt 12 «af Menighedens Agtværdigste Mænd» som skulle underskrive vitnemålet. Dei same mennene skulle også underskrive ei adresse til regenten som gav dei to valmennene fullmakt «at overbringe samme, og paa folkets vegne at møte og stemme ved den berammede forsamling av nationens utvalgte mænd».

 Bededag i Askvoll kyrkje

 I Askvoll prestegjeld vart bededagen halden 18. mars i Askvoll kyrkje. Kyrkja var ein tømmerbygning i relativt dårleg stand sett saman av det gamle stavbygde våpenhuset med tårn frå den gamle stavkyrkja, eit nybygg frå 1600-talet og eit tilbygg frå 1700-talet kalla «N-kyrkja». 20. mars har sokneprest Arnet gjort følgjande innføring i kyrkjeboka:

NB: Efter foregaaende Bekjendtgjørelse vare samtlige Menigheder
i Askvolds kald Fredagen den 18de Marts forsamlede i Askvold
Hovedkirke til den hans kongelige Højhed Prints Christian Fredric
paabudne Bededags Helligholdelse og i foreenet Fædrenelandsind
med opløftede Fingre aflagde den paa tilspørgsel ?
Høytidelige Eed: at hævde Norges Selvstendighed og at vove
Liv og Blod for det elskede Fædreneland. Hvilket i Kirken og
og på Alteret blev attesteret med Nedenskrevne Underskrift

P: J Arnet. - P: J. Zithelun. - O: E. Kaland. J: P: Askevold.
A:J: Eyner – G: J: Leervaag . P: H: Hyllestad. M: Ø: Askevold.
O: O: Strømmen – S: N: Stang – C: C: Ulvig – B: A: Leerpol.
Villum Jans: Vildnes – Villats Johansen Norefolkestad.

Av disse blev O:E: Kaland og V: J: Vildnes udvalgte som
deputerede at møde ved Forsamlingen i Viig den 30te Marts, hvor
atter 3 blive udvalgte for hele Amtet at møde paa Eidsvold
den 10: Apriil, nl: Sorensk: Irgens, Pastor Niels: og bonde Peder [?] i Lejrdal

Sjølv om innføringa i kyrkjeboka er datert til 20. mars, har altså sokneprest Arnet, som siste avsnitt over syner, skrive ho etter at amtsvalet i Vik var gjennomført.
 

Underskriven adresse og fullmakt

Sokneprest Arnet var både forrettande prest og «valstyre» på bededagen. Det var han som skreiv adressa som skulle leverast til prins Christian Fredrik. Adressa fungerte som nemnt både som vitnemål på at kyrkjelyden hadde avlagt eiden om å forsvare norsk sjølvstende, og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet. Adressene vart samla inn på amtsvalmøtet og deretter tekne med til Eidsvoll og levert til prins Christian Fredrik. Adressa frå Askvoll har følgjande ordlyd:

Til
Hans Kongelige Højhed, Norges Regent, Prints Christian Frideric.
At samtlige respective Menigheder i Askevolds Kald efter foregaaende Bekjendtgjørelse Fredagen den 18de Marts var forsamlede i Askevolds Hovedkirke til den anordnede Bededags Helligholdelse og i forenet Fædrenelands Sind med opløftede Fingre avlagde den paa Tilspørgsel avfordrede højtidelige Eed: om at hævde Norges Selvstændighed og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland», med denne lydelige Forsikring: Det sværge Vi, saasandt hjelpe os Gud og hans hellige Ord!

Dette bliver herved attesteret med vores Samtliges Underskrivt.

Peter Johan Arnet, Sogneprest til Askevolds Kald.
P. J. Zitzelun, Kloker.
O. E. Kalland.
Johan Petersen Askevold, Forligel.Comsair.
Ole Olsen Strømme
Svend Nilsen Stang
Gierdt Jonsen Lervaag
Christen Christen. Ulvig
Anders Jonasen Soreymind.
Mathias Østensen Askevold.
Bertel Andersen Lerpaalen.
Peder Hartvigsen Hyllesta.
Willas Jonsen Norefolkesta.
Willum Jansen Wilnes.

Til det berammede Møde i Viig den kommende 30te Marts blev det paa Askevolds Menigheders Vegne overdraget de 2de valgte Deputerede S: T: Herr Ole Eliasen Kaland, Gjæstgiver og boesadt i Søngesund, med agtværdige Bondemand, Willum Jansen Vildnes at overlevere ovenskrevne Document.
Askevold ut supra.
 

Underdanigst av P. J. Arnet.

Dei to valmennene frå Askvoll

Ein regel for valet på valmenn var at minst ein skulle vere bonde. I Askvoll valde dei den «agtværdige Bondemand» Willum Jansen Vildnes og Ole Eliasen Kaland, «Gjæstgiver og boesadt i Søngesund».

Ole Eliasen Kaland (1781-1820) kom frå Naustdal. I 1812 gifte han seg med Berte Susanne Olsdtr. Eikefjord (?-1847). Berte hadde overteke drifta av gjestgjevarstadene Sauesund og Stavenes etter at den første ektemannen hennar Elias Mathiasson Zitzelau omkom på sjøen i 1807. Sjølv om Kaland her er omtala «som gjæstgiver» høyrer det med til historia at Berte allereie hadde drive gjestgjevarverksemda åleine i kring seks år før ho gifte seg med Kaland, og at ho også dreiv verksemda åleine i vel 20 år etter at Kaland døydde. Som kvinne hadde ho ikkje røysterett.

Villlum Janson Vilnes (1774-1854) var brukar på Vilnes. Han var gift med Synneve Pedersdtr. Furrevik og fekk ni born.

K for kvinne

Sjølv om kvinnene ikkje hadde røysterett veit vi at det var kvinner til stades på bededagen i Askvoll kyrkje. 18. februar var det nemleg også dåp i kyrkja og sokneprest Arnet gjort følgjande innføring i kyrkjeboka:

18: Døbt Niels: Foræld: Niels Hermansen og k: fra Storag - Vid, Ser-
-geant Ole Saeter(?) og k: Ole Skorpen og k: Niels Tejge . –

Som ein ser av sitat over har ikkje presten funne det verdt å nemne kvinnene ved namn. Mora til barnet og dei to kvinnelege fadderane er ganske enkelt nemnde som «k».

Dei som skreiv under

Adressa frå Askvoll prestegjeld er underskriven av 14 personar, inkludert dei to valmennene. Kyrkja kan seiast å vere sterkt representert i form av underskrifta til soknepresten, hans fire medhjelparar (ein medhjelpar var i «Gudfrytig Mand» i kvart sokn som mellom anna skulle ta seg av heimedåp når det var naudsynt) og to klokkarar. I tillegg finn vi ein «forligel. Comsair», ein gjestgjevar og tre skulehaldarar på lista. Av dei 14 som har skrive under er 10 eller 11 bønder (vi kjenner ikkje yrkesbakgrunnen til Stang), noko som gir ein prosent på 71 eller 79. Gjennomsnittet for amtet under eitt er at kring 75% av dei som skreiv under adressene var bønder.

 Amtsvalet i Vik

1. mars sende amtmann Hermann Gerhardt Treschow rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

 [Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow

Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

  • Bonde Peder Hjermann, Lærdal
  • Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (Sogndal, Indre Sogn sorenskrivardøme)
  • Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)

 Grunnlova av 17. mai 1814

Den 17. mai 1814 var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde prins Christian Frederik til konge i Noreg. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.»

Krig og forhandlingar

 Danskekongen Fredrik 6. hadde ved Kielfreden avstått Noreg til Sverige, og svenskekongen Carl Johan likte ikkje utviklinga i Noreg. Han prøvde å få dei europeiske stormaktene til å gripe inn, og i juni og juli vart det mekla mellom kong Christian Fredrik og kong Carl Johan. Kong Christian Fredrik forstod raskt at ein union med Sverige ikkje var til å unngå, og jobba i meklinga for at Noreg skulle få best moglege vilkår i unionen. Men kong Christian Fredrik og kong Carl Johan vart ikkje samde, og meklinga vart avslutta. 26. juli 1814 gjekk den svenske hæren til åtak på Noreg.

Det svenske overtaket var tydeleg frå starten av, og alt 5. august inngjekk Noreg og Sverige våpenkvile. Resultatet av forhandlingane mellom Noreg og Sverige etter våpenkvila var den såkalla Mossekonvensjonen. I konvensjonen forplikta svenskekongen seg til å godta prinsippa i den norske grunnlova, samstundes måtte Christian Fredrik gå av som konge. Christian Fredrik skulle gi frå seg makta til statsrådet som skulle styre Noreg fram til stortinget kunne samlast. Stortinget si oppgåve vart så å forhandle fram endringar i grunnlova slik at ho vart tilpassa ein union med Sverige.

Val til omframt storting om hausten

Valet til det ekstraordinære stortinget, omframstortinget, som var spesifisert i artikkel 1 i Mossekonvensjonen var betre førebudd enn valet til Eidsvollforsamlinga. Kongeleg reskript til biskopane datert 13. juni 1814, fastsette at det i samsvar med grunnlova, paragraf 51, skulle setjast opp manntal over røysteføre. I Nordre Bergenhus skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på "stemmeberettigede"; 0-100, ein valmann, 100-200, 2 valmenn osb.

Men kven var «stemmeberettiget»? I utgangspunktet måtte ein vere mann over 25 år OG vere embetsmann, byborgar, sjølveigande bonde, leiglending som hadde bygselkontrakt på matrikulert jord i meir enn fem år eller eige jord i byane over ein viss verdi. Forpaktarar, kårfolk, heimeverande bondesøner, husmenn, tenarar og mange andre grupper hadde ikkje stemmerett. At kvinner ikkje hadde stemmerett var så sjølvsagt at det ikkje stod direkte nemnt.

På bakgrunn av desse kriteria skulle Askvoll prestegjeld velje tre valmenn til amtsforsamlinga i Vik. 9. september gjer sokneprest Arnet denne innføringa i kyrkjeboka:

I min Fraværelse, blev Valgs Forsamlingen foretaget af Hr. Pastor Nilsen den 9de Septbr [fredag] i Askevolds H. Kiærke..; hvorved da Peder Kumle, Bertel Leerpol, og Christen Ulvigen blev valgte til Amts – Forsamlingen i Vigøren.

Omframstortinget og grunnlova av 4. november

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til omframstortinget.

Dei valde vart:
• Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn
• Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn
• Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord
• Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord

Det omframme stortinget møtte i Kristiania 7. oktober. 4. november vart stortingsmennene ferdig med å endre grunnlova. Paragraf 1 i grunnlova hadde no denne ordlyden: «Kongeriget Norge er et frit, udeleligt og uafhændeligt Rige, forenet med Sverige under een Konge». Same dagen valde omframstortinget Karl 13. til konge over Noreg.

Unionen med Sverige vart markert med bededag i alle landets prestegjeld etter reskript frå «den norske Regjering i Kongens Navn». I kyrkjeboka for Askvoll kjem det fram at «den befalede bede og takkefæst» vart halden i Askvoll prestegjeld 8. januar 1815.

 

kjelder:

Aaras, Margrethe Henden, Torkjell Djupedal, Sigurd Vengen og Finn Borgen Førsund, På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 1. Nordfjord og Sunnfjord, Selja forlag, 2000.
Ei kulturhistorisk samling om Vilnes og kyrkja, Atløyprosjektet 1998-2000.
Kellmer, Inger Hellesøe og Finn Borgen Førsund (red), Hyllestad bygdebok. Soga om folket. Band 1, Hyllestad kommune, 1990
Loftheim, Abraham, Askvoll Bygdebok, I, Kristendomens innføring år 996. Kyrkjehusi, gravplassane, prestekallet, prestane og anna personell m.m., Askvoll sogenemnd, 1963.
Loftheim, Abraham, Askvoll Bygdebok. Folket II A. Ættarbok frå det 16. århundrad til 1969, Askvoll sogenemnd, 1971.
Loftheim, Abraham, Askvoll Bygdebok. Folket II B. Ættarbok frå det 16. århundrad til 1969, Askvoll sogenemnd, 1972.
Losnegård, Gaute, Havfolk og Fjordfolk. Allmennsoge for Askvoll. Bind 1, Askvoll kommune 2009.
Riksforsamlingens forhandlinger, 2den del, adresser og fuldmagter, utgit efter offentlig foranstaltning ved sorenskriver Arnet Olafsen og Cand. Jur. Kr. Birch-Reichenwald. Grøndahl & Søns boktrykkeri, 1914.

Digitalarkivet: Soknepresten i Askvoll, Ministerialbok, 1776-1821

PERMANENT IDENTIFIKATOR