Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Tønnefabrikkane i Dale



Tilverkinga av tønner i indre deler av Dalsfjorden utvikla seg til ein heil industri i første halvdel av 1900-talet, med Dale som sentrum.

Dampskipet <i>Bonden</i> ligg fullasta med tønner frå Dale Tønnefabrikk. Ola Hovland starta i 1915 tønneproduksjon i Wilkenbua - bygningen vi ser på biletet. Wilkenbua vart utvida i 1954. I 1987 vart bygningen totalskadd i ein brann, men er bygd opp att slik at den frå sjøsida ser om lag like eins ut som før.

Dampskipet Bonden ligg fullasta med tønner frå Dale Tønnefabrikk. Ola Hovland starta i 1915 tønneproduksjon i Wilkenbua - bygningen vi ser på biletet. Wilkenbua vart utvida i 1954. I 1987 vart bygningen totalskadd i ein brann, men er bygd opp att slik at den frå sjøsida ser om lag like eins ut som før.

Eigar: Magne Bjergene/Fylkesarkivet, SFFf-96023.0046.

Datering: 1925-30.

Fotograf: Ukjend.

Godt fiske, mange tønner

Då vårsilda vende tilbake til Vestlandet i 1808, skulle det bli starten på ein lang vekstperiode for fiskeria. Tiåra 1850-1870 var kanskje dei mest eventyrlege, og også folk frå innlandet reiste ut på kysten for å delta, i 1868 over 300 mann berre frå Gaular og meir enn dobbelt så mange frå Fjaler. Det rike fisket skapte dessutan ei anna næring, tilverking av tønner. I byrjinga utøvd som handverk, ofte av fiskaren sjølv, som frakta med seg sine eigne tønner for å fylle dei opp med salta sild. Alt i 1753 hadde det kome ei forordning som gav bøndene sjølve lov til å framstille tønner for sal, og det var fjordbygdene med sin rikelege tilgang på skog til materialar som vart åstad for tønneproduksjonen. Så også Dale.

Frå handverk til industri

På byrjinga av 1900-talet, og særskilt under jobbetida under første verdskrigen, endra tønneproduksjonen karakter, frå ei attåtnæring for bøndene til fabrikktilverking. I 1915 starta Dale Tønnefabrikk A/S opp si verksemd i Dale, omtrent samstundes med Hovland & Rakneberg Tønnefabrikk. Fabrikkane laga ikkje berre tønner, men dreiv også sildesalting. I byrjinga var det mykje sesongarbeid, men etter kvart som sildeflåten vart havgåande, vart det i aukande grad heilårsdrift.

Samanbrot og nedlegging

I byrjinga av 1950-åra hadde dei to fabrikkane kvar 20-30 tilsette og ein årsproduksjon på 50 000 sildetønner, og dessutan stor produksjon av trantønner. Men sildeeventyret skulle ikkje vare evig. I 1960-åra minka fangstane dramatisk og kring 1970 var det heilt slutt. Samstundes tok plasttønnene over og utkonkurrerte tretønnene. Dale Tønnefabrikk heldt ut lengst, den siste tida ved å produsere tønner til bruk som møblar. Men då fabrikken brann ned i 1987, var det heilt slutt med produksjon av tønner i Dale og Norge.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Danielsen, Rolf m. fl: Grunntrekk i norsk historie. Oslo 1991.
Det norske næringsliv. Sogn og Fjordane Fylkesleksikon. Bergen 1953.
Losnegård, Gaute, o.fl.: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.
Sogn og Fjordane. Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1973.

Nettstader:

PERMANENT IDENTIFIKATOR