Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Skredene på Eiki



Eiki er første garden ein møter når ein kjem til Vetlefjorden frå Dragsvik. Bakanfor gardstunet ligg Eikadalen. Her har det losna svære snøskreder som har rasa nedover langs elva og utover den flate dalbotnen. 1868 og 1877 var vintrar med mykje snø og fårlege skreder. Begge desse åra gjekk Eikeskreda voldsomt.

Bruk nr. 1 på garden Eiki. Eikjadalen ligg oppe til venstre for husa. Bak husa ligg dei store flate bøane som vart dekka av uhorvelege mengder med skog, grus og stein i 1877.

Bruk nr. 1 på garden Eiki. Eikjadalen ligg oppe til venstre for husa. Bak husa ligg dei store flate bøane som vart dekka av uhorvelege mengder med skog, grus og stein i 1877.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-91127.0001.

Datering: 1954.

Fotograf: Ukjend.

Skreda i 1868

I kyrkjeboka for Balestrand i 1868 finn me denne innførsla: "Markus Johannessen Eiken, Tjenestedr., omkom i Sneskred." Markus døydde 11. februar og vart gravlagd den 18. Det var Eikaskreda som tok livet hans. Markus og ein annan dreng sov på fjøslemmen då skreda kom. Skreda velta fjøset. Markus låg nærast veggen, og han fekk ein stokk over bringa. Då folk om til, var det liv i han og han kunne tala noko. Han tolde ikkje at dei hogg i stokken. Då fekk dei tak i ei stikksag hjå ein snikkar som var i arbeid på Eiki. Han døydde før dei fekk han laus. Den andre drengen kom frå det utan skade.

Hjelp frå grannane

På denne tida var det Torald og Ingrid Eiki som hadde bruket. Skreda vart eit hardt slag. Dei miste mest all buskap. Ei ku og ein gris levde etter skreda. Kua vart vill og sette horna i grisen so han laut slaktast. Då nyhendet spreidde seg i bygda, samla grannane seg og hjelpte Torald og Ingrid med ny buskap. Kvar bonde tok med seg ei daud kyr og gav Eikjafolket att ei levande. Tor Ulvestad var tre år då dette hende. Han mintest at faren om kvelden hadde med seg fire kuføter som han la på golvet.

Ny skrede i 1877

I 1877 gjekk ei ny skrede. Dagen var på nytt 11. februar. No gjekk skreda om dagen. Torald Eiki og drengen skulle fram på Øygarden og henta lauv eller høy. Det var ei svær snødokk og den eine skulle ri føre og laga veg. Dei oppdaga då at den eine selepinnen var borte. Torald måtte laga ny pinne og dette hefte dei litt. Då dei køyrde laust, kom skreda. Ho feidde heilt inn på tunet og tok fjøset, men karane og hestane var trygge. Hadde dei vore komne ut på flate bøen mot Øygarden, hadde dei kome midt framføre skreda.

Enorme krefter

Skreda i 1868 kom ned på Eikjaøyrane med ein stor stein som vart liggjande på den andre sida av elva. Der seig han ned i molda. Då skreda kom på nytt i 1877, låg denne steinen fastfrosen i marka. Skreda støytte mot steinen. Han klovna ved marka og vart ført over elva og minst 200 meter opp i Ulvastadbakkane til ein stad som heiter Anfinnhaugen. Det var 30 meter høgare enn steinen låg før. Tor Ulvestad minte bort steinen. Det vart 84 steinlass på godt føre. Båe skredene fylte heile dalen frå Eiki til Ulvastad, og andre fonna låg heilt opp til løa på Ulvastad. Folk kunne stiga frå løa og bort på fonna. Tor Ulvestad og Knut Torsnes gjekk opp breidda der fonna låg. Siste fonna var 400 meter brei. Den fyrste skreda skal òg ha øydelagt to løer på Ulvastad. Andre skreda gjorde ingen skade på Ulvastad.

Stor skade

Fjøset på Eiki vart øydelagt begge gongene, og buskapen gjekk tapt. I 1868 hadde garden 3 hestar, 34 storfe og 60 sauer. Fjøshus og sel i Eikjadalen vart og øydelagde. Etter desse skredene vart tunet på Eiki flytt lenger unna. Etter skreda i 1877 låg det att uhorvelege mengder med skog, grus og stein. Om våren samlast heile bygda, og der var 30 hestar og menn. Dei makta å rydda to salser (eit slags jordmål) av storåkeren som var på 12 salser. Det vart eit godt kornår i 1877 trass i svært sein vår. Før 1868 stod husa på Eiki på det som heiter Storåkerhaugen. Men etter at Eikjaskreda hadde gått to gonger og teke all buskap, vart husa flytte dit dei står i dag for bruk nr. 1 og 2.

Minnesteinar

Til minne om desse ulukkene vart det sett opp to steinar som vart funne i Øygardslia. Den eine står i tunet på bnr. 1, og den andre er sett opp inne på eigedomen til bnr. 2. Det er fleire hundre meter mellom steinane, og dei syner kor brei skreda var. Innanfor dette området reknar folk med byggjefare. Husa til Olav L. Ulvestad på Ulvastad, husa på bruk nr. 1 på Eiki og husa på Haugen på Feten er plasserte i høve til dette.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand, 1991.
Balestrand prestegjeld, kyrkjebok 1867-1878.

PERMANENT IDENTIFIKATOR