Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hetlastøylen



Hetlastøylen ligg ca. 535 m o.h. og høyrer til Hetle, gard nr 99. Stølen ligg med skog omkring og med rydda slåttemark nedanfor. Fram til 1940 stod der 4 sel og 4 fjøs. Seinare har nokre av dei mindre bruka oppført hus på eigne kvier. Hetlastøylen ligg ved sida av Kålsstøylen. Rita Bente Hetle fortel at begge stølane var inngjerda i lag med vandegard (risgard). Vandegarden heldt ikkje alltid sauene ute og einkvan måtte derfor vere att på stølen om dagen for å passe på at dyr ikkje kom inn.

Hetlestølen med breen bak.

Hetlestølen med breen bak.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1998.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I dag er det 3 km skogsbilveg/dyrkingsveg til Hjelltunet og så 1 km traktorkøyrd rås opp til stølen. Rita Bente Hetle fortel at tidlegare brukte dei kring 1 time til stølen. Namn langs råsa frå Kvile var: Kvilabakkane og Kvilaledet, Gausmyra eller Danielhjellen, Slettegota med Supasteinen, Kronkelisvadet (halvvegs), Tikabakkgrova, Tikabakken, Tikabakkmyra, Snøfokemyra, Hjeltunbakken, Hjeltunmyra og Hjeltunbrua. Her var det kvile. Vidare Nederste rotevadet, Mittlia, Flaskesteinen og Høsebrekka.

Bruk av stølen

Det var vanleg å gå på stølen "etter kaffi". Det hende at kyrne "la seg att" og måtte då hentast. Om hausten i skodde og regn var ikkje det alltid lett. I eldre tider sila dei opp i treaskar og bar heim rømme og surmjølk kvar for seg. I dei seinare åra vart mjølka boren heim søt.


Frå vel 1940 tok stølsdrifta etter kvart slutt. Nokre heldt ut til kring 1960, så var det kulturbeitet heime som tok over. Stølskviene vart gjødsla og slått. Gamle folk meinte at frå gamalt av slo dei heile kvia i lag og delte høyet etterpå. Men så langt attende nolevande kan hugse slo dei kvar sine kvier. Dei siste slutta med denne slåtten kring 1960.

Nokre fakta

Hetle, gard nr. 99, Breim sokn, hadde 5 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR