Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gul midtstripe Sandane-Andenes



I 2001 fekk enno ein bit av Kyststamvegen i Sogn og Fjordane moderne standard og gul midtstripe. E-39 mellom Sandane og Andenes erstatta den gamle riksvegen langs Gloppefjorden. Det var planlagt ny veg alt på 1960-talet, men debatten om linevalet skapte vanskar.

Den tidlegare vegen mellom Sandane og Hjelmeset gjekk langs sjøen gjennom mange idylliske stader i Gloppefjorden. Den gamle vegstrekninga var smal og svingete. Den vart vedteken bygd i 1898. Vegen var særleg viktig når det var is i Gloppefjorden. Anleggsarbeidet byrja i 1909 og vegen ut til kyrkja på Vereide var ferdig i 1912. I 1924 var vegen fullført til Klæberget.

Den tidlegare vegen mellom Sandane og Hjelmeset gjekk langs sjøen gjennom mange idylliske stader i Gloppefjorden. Den gamle vegstrekninga var smal og svingete. Den vart vedteken bygd i 1898. Vegen var særleg viktig når det var is i Gloppefjorden. Anleggsarbeidet byrja i 1909 og vegen ut til kyrkja på Vereide var ferdig i 1912. I 1924 var vegen fullført til Klæberget.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: Ukjend

Fotograf: Hope

Uklårt om vidare hovudveg frå Sandane

Då ferjesambandet over Nordfjorden til Nordfjordeid vart drøfta på 1950-talet, var det tale om å leggja vegen på sørsida av Gloppefjorden med ferjesamband frå Hestenesøyra. Valet fall i staden på Anda, og i 1968 starta ferjesambandet Anda-Lote opp. Den gamle vegen langs stranda mellom Sandane og Hjelmeset vart teken opp som riksveg. Det vart bygd ny veg vidare derifrå til Anda. Noko endeleg lineval for ny veg vart ikkje avgjort. Norsk vegplan II, som vart lagt fram i 1979, hadde med fleire alternativ for ny hovudveg mellom Sandane og Anda.

Stor usemje om linevalet

I 1981 godkjende Vegdirektoratet utbetringar av eksisterande veg. I 1983 gjekk dei for ei nedre line, som vart godkjend av Samferdselsdepartementet i 1984. Dette medførte store protestar frå lokalsamfunnet, og mange gjekk aktivt inn for å endra vedtaket. Fleire av grunneigarane reiste tvil om kostnadsoverslaget. Nye utgreiingar vart gjort, og i 1988 vart det endelege vedtaket om ei øvre line teke. Då hadde det vore ikkje mindre enn tre kommunestyrevedtak for ei øvre line.

Vegarbeid

Den nye vegstrekninga går mellom Kleivedammen på Sandane til Andenes like før Sandane Lufthamn og Anda ferjekai. Strekninga mellom Andenes og Hjelmeset vart ombygd i 1997 og er ein del av heile anlegget. Den nye vegen vart lagt mellom 50 og 100 m over havet, i fjellsida opp for Sandane sentrum. Vegen ligg stort sett i skogs- og beiteområde ovanfor dyrka mark og busetnad. 9,3 km er hovudveg, 2,5 km er samlevegar og 4 km er sekundærvegar. Arbeidet med den nye veglina byrja 22. januar 1998.

Arkeologiske utfordringar

Langs veglina vart det registrert ei rekke fornminne, og på Vereidesletta går vegen gjennom eit verna gravfelt, der arkeologisk institutt ved Universitetet i Bergen i perioden 1990-94, gjorde registreringar og utgravingar. Utgravingane synte at vegen ville gå gjennom det største og eldste gravfeltet som er funne på Vestlandet. Arkeologar sette difor i gang med store undersøkingar. Områda vart etter kvart frigitte for vegbygginga. Utgravingane kosta 12 mill. kroner.

Farleg sprengingsarbeid

Ved bustadfeltet på Leirbrekka ovanfor Sandane sentrum var det naudsynt med omfattande sikring under sprengingsarbeidet. Sjølv om det var mange utfordringar for veganlegget generelt, var det stor merksemd rundt dette sprengingsarbeidet. Det skjedde ingen alvorlege uhell, men då første salva gjekk losna ein 70 cm lang festebolt, som tok vegen i retning av dei husa som var evakuerte. Bolten landa fem meter frå folk. Det kunne med andre ord ha gått gale. Resten av sprenginga gjekk utan dramatikk.

Gjennomgangstrafikken ut av Sandane sentrum

Den gamle vegen gjekk gjennom Sandane sentrum. Nyare vegplanlegging legg i hovudsak nye vegsamband utanom sentrum grunna miljøproblem som støy og trafikkvanskar, men og for å betre framkomsten. På Sandane var det delte meiningar om dette. Mange av dei forretningsdrivande hevda at vegen ville ta mykje av næringsgrunnlaget vekk frå dei. Det har ikkje skjedd og pr. 2006 er det full semje om at øvre line er ei god løysing.

kjelder:

Skougaard Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Bd. I, Kristiania 1899.
Ese, Kristin: Vegbygging i verna område. I Vegstubben, s. 14-15, nr. 2-1999.
Handeland, Olav: Kleivedammen-Andenes er i gang. I Vegstubben, s. 8, nr. 1-1998.
Handeland, Olav og Svangstu, Olav: Vegprosjektet Kleivedammen-Andenes i farta. I Vegstubben, s. 20-21, nr. 4-1998.
Rygg, Anne Brit Sande: E39 Kleivedammen-Andenes: Mange utfordringar også i år 2000. I Vegstubben, n s. 12-13, nr. 1-2000.
E-39 Kleivedammen-Andenes. Statens vegvesen 2000.
Husum, Dagrun: Inn i siste sesong og Kleivedammen-Andenes. I Vegstubben, s. 10-11, nr. 1-2001.
E-39 Kleivedammen-Andenes. Statens vegvesen 2001.
Bulling, Liv: Skikongen kutta bandet. I Vegstubben, s. 4-5, nr. 6-2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR