Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Loftet på Stølen



På bruk nr. 2 på garden Stølen i Jølster står eit loft frå seinmellomalderen. Bygningsmessig ser ikkje huset ut som eit loft, men det hadde funksjon som loft i gardstunet i eldre tid.

Frå tunet på Garden Stølen i Jølster. Her ser vi fjøset i bakgrunenn og loftet i framgrunnen til venstre. Loftet skriv seg frå tidleg på 1500-talet.

Frå tunet på Garden Stølen i Jølster. Her ser vi fjøset i bakgrunenn og loftet i framgrunnen til venstre. Loftet skriv seg frå tidleg på 1500-talet.

Eigar: Sunnfjord Museum, Førde.

Datering: 1954.

Fotograf: Ludvig Svidal.

Ikkje ein vanleg loftsbygning

Huset har svalgang på sidene, og står på høge, mura pilarar. Ein av pilarane er ein einaste stein. Det er trapp i eine enden. Etter det Arne Berg skriv, er det underleg at denne bygningen vert kalla loft, ettersom byggjemåten ikkje minner om hus som til vanleg er rekna for loft. Dei er i to høgder, medan dette huset er i ei høgd, og har to rom etter einannan, begge med dør i langveggen. Det største rommet er kalla loftet, og det minste vesleloftet. Berg trur nemninga loft på dette huset kan ha tre forklaringar. Den første er at loftet opphavleg var del av eit tradisjonelt loft. Den andre forklaringa kan vere at huset har hatt funksjon som eit loft. Den tredje forklaringa er at huset står på høge fundament, slik at huset kjem uvanleg høgt over bakken.

Innskorne krossar

Huset er flytta hit frå ein annan stad. Det minste loftet er tydeleg sett inntil det største seinare, truleg før det vart flytta til Stølen. Det er visse byggjetekniske fellestrekk mellom dette huset og stabburet på Fletene i Førde, bygt i 1524. Dette kan tyde på at også loftet på Stølen skriv seg frå tidleg på 1500-talet. Døra er låg, men merke etter ei eldre dør tyder på at denne var berre 90 cm høg og ca. 60 cm brei. Midt over døra er de skore inn eit magisk teikn, sikkert til vern mot vonde makter. På dørstokken og på døra finn vi tjørekrossar, også til vern mot vonde makter. Det opne rommet under loftet vart nytta til vekksetjing av vogner, sleder og annan reiskap. Her var òg høgt nok til å stå med mangt slags arbeid.

Den opphavlege funksjonen over

På begge dei to gardsbruka på Stølen var det frå gammalt av mange små hus, stove, fjøsar, løer, eldhus, bu og loft. Den gamle sperrestova vart nedriven i 1922 då nytt våningshus vart bygt. Ny driftsbygning kom i 1953, og då vart den gamle løa og fjøsen rivne. Då var òg loftet sin opphavlege funksjon på garden over. I loftet vart seng- og gangklede plassert, og romma vart nytta til soveplass om sommaren, t.d. når det kom gjester til gards. I eldre tider er det òg rekna med at korn vart lagra på loftet.

Restaureringsarbeid

Då gamlestova på garden vart riven i 1922, vart glasa der sette i loftet. Det eldste vindauga hadde små ruter i blyramme, der rutene var gule og blåaktige. I 1935 vart det lagt nytt nevertak på loftet, og ein del kledning vart skifta. Bygningen hadde då sige seg skeiv, og vart retta opp. Sidan vart det ikkje gjort noko med huset før restaureringa i 1990-åra.

Det var såleis ikkje rart det vart konstatert at huset var i dårleg stand i 1990. Fundamenta var for ein del glidd inn under huset. Bjelkane under huset var skadde av rote. Sameleis var det roteskade på bjelkar under husesvala, og i nedste delen av veggpartia. Taket var tekt med never og torv som òg trong sterkt til reparasjon og fornying.
I 1994 vart det utført eit grundig reparasjonsarbeid, etter tilsyn og kostnad frå mellomalderprosjektet til Riksantikvaren. Det meste gjort i samband med undervisning av handverkarar. Huset vart teke heilt ned, og fekk ny ramme under. Gamle og rotne delar av stokkar vart hogne ut og nye felt inn. Vegger og tak vart reparerte. Mura pilarar og den høge steintrappa vart retta opp.

kjelder:

Berg, Arne: Norske tømmerhus frå mellomalderen. Bind V. Riksantikvaren. Landbruksforlaget. Oslo 1995.
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturavdelinga:
Bygningsteknisk arkiv.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Arkivmappe KAL/SF-1431.013.
Munnleg informasjon frå:
Oddvar Stølen, Jølster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR