Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Vegsambandet Værlandet-Bulandet



Øyriket Værlandet - Bulandet omfattar området vest for Aldefjorden. I 1981 la Askvoll kommune fram eit forslag til vegsamband mellom Værlandet og Bulandet, men først 20 år seinare small startskotet for den vestlegaste fylkesvegen i Sogn og Fjordane. Sambandet vart opna i desember 2003.

Værlandet-Bulandet med sine seks bruer: 1) bru over Langøysundet, 2) bru ove Olsundet, 3) bru over Brattholmsundet, 4) bru over Åsgarden, 5) bru over Ytre Melværsund som knyter Bulandet til Værlandet, og 6) bru over Indre Melværsund.

Værlandet-Bulandet med sine seks bruer: 1) bru over Langøysundet, 2) bru ove Olsundet, 3) bru over Brattholmsundet, 4) bru over Åsgarden, 5) bru over Ytre Melværsund som knyter Bulandet til Værlandet, og 6) bru over Indre Melværsund.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

Bruer og ferje på Bulandet

Frå 1979 vart øyar i Bulandet smått om senn knytta saman med bruer og vegar. I 1979 kom det veg mellom Nikøy og Hillersøy og bru mellom Nikøy og Kjempenes. Nikøysund bru vart bygd i 1987. Brua ligg 15,5 m over havflata og er eit av dei høgaste punkta i heile øygruppa. Ho står som eit landemerke i det elles låge kystlandskapet. I 1988 fekk Bulandet ferjesamband til fastlandet og naboøya Værlandet.

Rett til gode kommunikasjonar

Folket i Bulandet og Værlandet reiste krav om betre samband til fastlandet. Dei hevda same rett til trygge og gode kommunikasjonar som folk andre stader i landet. Samanhengjande veg mellom øyane var difor i lang tid eit svært aktuelt spørsmål for dei om lag 450 bulendingane og værlendingane.

Mange utgreiingar

I 1981 utarbeidde Askvoll kommune eit framlegg til vegsamband mellom Værlandet og Bulandet. I 1990 vart det laga ei konsekvensutgreiing som viste kva eit vegsamband ville gi av innsparingar av offentlege utgifter. Fylkeskommunen laga i 1998 ein rapport om næringsliv, busetnad og offentlege tenester, og vurderte alternative måtar å binda øyriket saman. Vegvesenet utarbeidde i 1999 eit forprosjekt for vegsamband mellom øyane.

Store kostnader

Kostnadsoverslaget var på mellom 110 og 200 mill. kroner. Prosjektet vart ikkje rekna som lønsamt, og kostnadene var usikre. Med vegsamband ville fylket spara ferje- og snøggbåtsubsidiar. For om det framleis skulle gå ferje til Bulandet, måtte fylket ha kosta ei ny, havgåande ferje til ca 80-100 mill. kroner. Askvoll kommune løyvde 10 mill. kroner, og fylket selde kraftaksjar for å få prosjektet i hamn. Den reelle kostnaden med heile sambandet vart 192 mill. kroner (2003-kr.). Linevalet vart avklara gjennom ein kommunedelplan som vart godkjend i juni 2000.

Seks bruer

Vegarbeidet starta 3. juli 2001. Med seks bruer på til saman 1000 m og ny veg på 4240 m, vart Værlandet og Bulandet samla til eitt rike i desember 2003. Bruene vart prefabrikerte i Sandnessjøen. Stålkonstruksjonane kom på slep til byggeplassen. Den første brua lengst vest i sambandet går over Langøysundet. Ho er 57 m lang og veg 77 tonn. Dei andre bruene går over Olsundet (286 m) , Brattholmsundet (60 m), Åsgarden (32 m), Ytre Melværsund (317 m) og Indre Melværsund (234 m). Brua over Ytre Melværsund knyter øysamfunnet Værlandet og øysamfunnet Bulandet saman.

 

Eittfelts veg

15. august 2003 kunne dei køyre mellom øyane. Vegen er for det meste eittfeltsveg. Bruene har og eitt køyrefelt med møteplassar. Rundt 1300 m privat veg (no fylkesveg) vart opprusta, og rundt 800 m ny veg vart bygd på Værlandet. Snøggbåtruta er nedlagt, og transporten til og frå fastlandet går med ferje Værlandet-Askvoll. Men alle fekk ikkje veg. På Sandøya, som ligg utanfor Bulandet, er det to familiar som framleis ikkje har fått veg. Det er lite truleg at det blir vegsamband dit med det første.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Handeland, Olav: Vegar og bruer i Bulandet og Værlandet, Askvoll kommune, Vegstubben, s. 22-23, nr. 4-1987.
Husum, Dagrunn: Vegutgreiing på Værlandet-Bulandet, Vegstubben s. 20, nr. 6-1998.
Hanekamhaug, Arild og Bulling, Liv: Noregs vestlegaste fiskevær får veg, Vegstubben s. 6-7, nr. 3-2001.
Handeland, Olav: No kjem bruene på Værlandet-Bulandet, Vegstubben s. 22, nr. 2-2002.
Torvanger, Magnus Halge: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000, Selja Forlag 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR