Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. april 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Graver i Fortun - minne om ulukker i Jotunheimen



Turtagrø har i uminnelege tider vore stoggestad for ferdafolk over Sognefjellet, og eit mangfald av spor vitnar om variert utmarksbruk, - stølsdrift, torvskjering, beiting, jakt og fangst. I meir enn hundre år har Turtagrø også vore startpunkt og endemål for fotturistar og fjellklatrarar. Stadig fleire - frå inn- og utland - har søkt til denne delen av Jotunheimen på jakt etter spenning og utfordringar. Nokre ganske få var uheldige. Dei kom til skade eller i verste fall miste livet. Det er óg ein del av soga til fjellheimen ved Turtagrø.

Utsyn frå Turtagrø mot Skagastølstindane (t.v.) og Dyrhaugryggen. Sommaren 1939 låg 10 engelske studentar på Turtagrø, og det var under klatring i Skagastølstindane at ein fall utfor eit 500 meter høgt stup.

Utsyn frå Turtagrø mot Skagastølstindane (t.v.) og Dyrhaugryggen. Sommaren 1939 låg 10 engelske studentar på Turtagrø, og det var under klatring i Skagastølstindane at ein fall utfor eit 500 meter høgt stup.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Kring 1950.

Fotograf: Normann/postkort 12-2-90.

To gravminne i Fortun
På kyrkjegarden i Fortun finst to gravminne som skil seg ut frå dei andre ved at dei har innskrifter på engelsk. Årstala ber bod om to ungdommar. På det eine gravminnet (på grava til Douglas Sweeney) står:
To Douglas * in loving memory * from * his friends in England.

På det andre gravminnet står:
In loving memory * of * GORDON GRAHAM * ANLEY HAWES * beloved son of * Colonel and Mrs. L.A. Hawes * who died aged 17 ½ * without fear of death * and in the arms of his friends * at Luster on 18 August 1939.
A real nature lover * with all that this implies.

Douglas Sweeny omkom under fjellklatring
Sommaren 1936 låg åtte studentar frå Cambridge University på Turtagrø i eit par veker. Dei var vande fjellklatrar og tok turar utan hjelp av lokal førar. Om morgonen søndag 28. juni la tre av dei i veg på klatretur i Skagastølstindane. Dei var komne opp på Skagastølsryggen då den 23 år gamle Rupert Douglas miste balansen og fall utfor eit 500 meters høgt stup. Dei to kameratane kunne ingen ting gjera anna enn å ta seg attende til hotellet og melda frå. Folk la straks av garde og leita heile natta utan resultat. Den omkomne vart ikkje funnen før tysdag.

Gravferda
Douglas Sweeney vart gravlagd på Fortun kyrkjegard 9. juli 1936. Sogns Tidend skreiv m.a. dette om gravferda:

"Den engelske konsul i Bergen og ein engelsk herre og ei engelsk dama var komne frå Bergen. Dertil var det fleire engelske turistar, soleis føraren for dei 8 som den avlidne hadde fylgt. Dessutan var med mange bygdefolk i dei næraste grender. (..)
I kyrkja heldt prost Rødland syrgjetalen.
Den engelske konsulen i Bergen, Christensen, la ned krans frå avlidne si slekt og frå det britiske konsulatet."

Gordon Graham omkom i ei elv ved Skogadalsbøen
Sogns Avis melde 22. august 1939 om korleis det bar til at den 17 år gamle Gordon Graham Anley Hawes miste livet. Han var saman med ein flokk engelskmenn som låg i leir nede i Fortunsdalen.

"Han og 10 kameratar skulde på tur til Skogadalsbøen og skulde over ei elv, då guten vart hangande fast på ein slags måte. Etter det me hev frett gjorde han seg ikkje nokon skade, men han fekk eit slikt sjokk av hendet at han sovna av. Det var ein tysk lækjar til stades, og han arbeidde lenge med guten, men fåfengt. Guten døydde der dei var. Dei fekk han ned til Turtagrø og derifrå med bil til Fortun der leiren var. Truleg vert liket sendt til Bergen."

Gravlagd i Fortun
Den avlidne vart ikkje sendt til Bergen. Gordon Hawes vart gravlagd i Fortun 23. august 1939, og avisa Sogn og Fjordane skreiv m.a. dette om gravferda:

"Den unge engelskmannen som døydde så brått i Jotunheimen, vart gravlagd på Fortun kyrkjegard onsdag [23. august]. Engelskmenn som er der inne (..) og bygdefolk med, synte avlidne den siste æra. Båra var førd til kyrkja, og vent pynta. Konstituert sokneprest Jarlund forretta; dessutan tala ein engelsk prest som var komen frå Balestrand. (..) Hjå Erik Øyene fekk gravfylgjet gjestmild bevertning."

Gravminna
Vi veit ikkje når gravminna vart sette opp, men ei kvinne i Fortun som har stelt desse to gravene i mange år, har fortalt at dei var der i 1947 då ho kom til Fortun. Kyrkjetenaren, Arne Rebni Øvreås, har opplyst at begge gravminna truleg vil få status som permanent verna graver.

kjelder:

Sogns Avis. 03.07.1936.
Sogns Tidend. 30.06, 10.07.1936.
Sogns Avis. 22.08.1939.
Sogningen. 22.08.1939.
Informasjon frå:
Luster kommune, Arne Bondevik.
Kyrkjetenaren i Fortun, Arne Rebni Øvreås.

PERMANENT IDENTIFIKATOR