Kulturhistorisk leksikon

Ulukke (19)

  • Om Andreas Tansø og frakteskuta «Fresvik»

    Nyhende på førstesida til avisa Sogn og Fjordane, måndag 4. august 1963: «Andreas Tansø gjekk ned då «Fresvik» forliste». Ei tragisk hending, og ein syrgjeleg slutt, for ein mann og eit fartøy. Avisa fortel litt om begge. «Fresvik» var ei kjend skute på Sognefjorden, sameleis eigaren, Andreas Tansø, eller Tansøyen som han vart kalla. Han har vore reiar for «Fresvik sidan 1920, og hadde før reist med andre kjende sogneskuter, såleis «Vangsnes» av Fresvik». Denne artikkelen har meir om Tansøyen og skuta hans, etter leiting i fleire kjelder.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • V-5311 «Seeotter» - krigshending ved Værlandet juni 1945

    Avisa Firda, 23. juni 1945: «Tysk minesveipar minesprengt ved Værlandet 23 tyskarar omkom. Frå Askvoll vert meldt at ein tysk minesveipar gjekk på ei mine ved Værlandet måndag [18.06.1945]. Det vart ein fælsleg sprengssmell. 23 tyskarar vart drepne, og mange vart såra. To færingar som låg i nærleiken av minesveiparen vart øydelagde, men ingen nordmann kom til skade.»

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Skip frå den spanske armada til Norevikane?

    Mange i Ytre Sogn kjenner sogene om det spanske skipet som for lenge sidan skal ha drive inn til Norevikane i Høyanger kommune. Fleire av sjøfolka skal ha slege seg ned i grenda, og vart etter kvart ein del av bygdefolket. Mange reknar enno anene sine frå desse sjøfolka. Kanskje var det også kvinner med?

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Skipsforlis og strandingar i Solund

    Skjergarden i Solund var brutal for seglskuter i sterkt pålandsvêr. Men også motorfarty tok feil, med tragisk utgang. Kring i øyriket ligg mange vrak, fleire er i dag lokkande dykkarmål.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • "Mercantil Marcia"-havariet i Solund - ei eldprøve i oljevernarbeid

    Den 21. oktober 1989 fekk "Mercantil Marcia", ein bulkbåt frå Rio de Janeiro, maskinhavari og dreiv på grunn ved Storsvalene i Solund. Mannskapet vart berga, men storsjøen braut skipet ned. Lasta gjekk tapt og all bunkersoljen lak ut og innover mot strendene. Statleg, kommunal og privat oljevern kjempa hardt for å avgrense skadane etter havariet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Anker på Værlandet - minne om skipsforlis

    Natt til 30. desember 1919 gjekk grunnstøytte D/S "Orm Jarl" vest av Alden. To bergingsbåtar kom fram til havaristen og det såg ei tid ut til at båten kunne bergast. Men storm og sjøgang påførte etter kvart båten så store skader at skroget brotna i to og gjekk til botnar. Noko av lasta og andre ting om bord blei berga, mellom anna eit anker. Det ligg no ved ferjekaia på Værlandet som eit minne om forliset.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Graver i Fortun - minne om ulukker i Jotunheimen

    Turtagrø har i uminnelege tider vore stoggestad for ferdafolk over Sognefjellet, og eit mangfald av spor vitnar om variert utmarksbruk, - stølsdrift, torvskjering, beiting, jakt og fangst. I meir enn hundre år har Turtagrø også vore startpunkt og endemål for fotturistar og fjellklatrarar. Stadig fleire - frå inn- og utland - har søkt til denne delen av Jotunheimen på jakt etter spenning og utfordringar. Nokre ganske få var uheldige. Dei kom til skade eller i verste fall miste livet. Det er óg ein del av soga til fjellheimen ved Turtagrø.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Restar av betongkar på Silda - spor etter merkeleg forlis

    Natt til 13. januar 1925 grunnstøytte D/S ''Aladdin'' på austsida av Silda. Heile mannskapet kom levande frå den dramatiske hendinga, men det vart slutten for skipet. Det vart hogge opp på staden og frakta bort som skrapjern. Men eit sundbrote betongkar ligg framleis att i fjøresteinane som minne om eit merkeleg forlis.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Då hurtigruteskipet ds «Haakon VII» forliste i 1929

    Hausten 1929 grunnstøytte DS «Haakon VII» ved Stavenes i Sogn og Fjordane. 18 menneskeliv miste livet, og båten vart seinare kondemnert. Denne artikkelen er ei oppsummering av hendinga med avisene i Sogn og Fjordane som kjelde.

  • Då hurtigrutskipet "Astræa" grunnstøytte i 1910

    Vinteren 1910 grunnstøytte DS «Astræa» ved Stabben fyr i Sogn og Fjordane. Ingen menneskeliv gjekk tapt, men båten sokk og vart seinare kondemnert. Dei to florø-avisene Nordre Bergenhus Amtstidende og Nordre Bergenhus Folkeblad hadde brei dekning av grunnstøytinga og bergingsaksjonen. Begge refererte også frå sjøforklaringa. Andre lokalaviser òg skreiv om forliset.

  • Då hurtigruteskipet ds Kong Harald grunnstøytte ved Atløy

    Hausten 1950 gjekk hurtigruteskipet «Kong Harald» på grunn ved Heggøybåen i leia mellom Atløy og Florø. «Dramatiske minutt då passasjerane måtte gå i livbåtane». «Fylkesbåten «Atløy» som var i Bulandsrute, gjekk til hjelp». Begge Florø-avisene hadde brei omtale av grunnstøytinga og bergingsaksjonen.

  • Bergingsdåd i Nordsjøen 1883 og påskjønning 50 år etter – T.B. Davis

    Hausten 1933 hadde Firda Folkeblad ei etterlysing: «Kva sunnfjording var med skonner «Urda» til England i 1883? (…) fyrenamnet hans skulde vera Rasmus ...» Det var Politikammeret i Florø som dreiv på med etterforsking. Ein «englender» hadde blitt berga i Nordsjøen, og no ynskte han å koma i kontakt med bergingsmennene eller etterkomarar. «Ei forvitneleg soga» var overskrifta i ei anna avis i Sogn og Fjordane.

  • Minne om drukningsulukke på Bremangerlandet

    I mars 1898 drukna to jenter i Dalevatnet på Bremangerlandet. Dei gjekk gjennom isen då dei var på veg ned til sjøen. Dei vart gravlagde på kyrkjegarden på ytre Grotle. I 2009 står det framleis gravminne på gravene deira.

  • To drukningsulukker - Fresvik

    Den har været Dødens Gjæst / den har seilt paa en Torden / Den er døbt i Rædsler vorden. Det er Henrik Wergeland som byrjar det vidgjetne diktet sitt om Sognefjorden med desse orda. Død og redsle er òg noko av historia til den 20 mil lange fjorden frå Fortun til Sygnefest. I 1911 skjedde ei drukningsulukke ytst i fjorden, i 1936 ei lenger inne. Begge råka hardt i Fresvik.

  • Bergingsdåd ved Silda i 1944

    Dei siste krigsåra trappa allierte styrkar opp flyaktivitet frå Storbritannia mot norskekysten. Tyske krigsanlegg og skip i tysk kystfart var målet. Fly frå begge sider blei frå tid til anna nedskotne med tap av menneskeliv. Av og til berga flymannskap livet ved at dei blei plukka opp or sjøen av folk som kom til. I desember 1944 berga to menn to allierte flygarar eit stykke nord for Silda.

  • Bergingsdåd utanfor Kråkenes i 1943

    Dei siste krigsåra trappa allierte styrkar opp flyaktivitet frå Storbritannia mot norskekysten. Tyske krigsanlegg og skip i tysk kystfart var målet. Fly frå begge sider blei frå tid til anna nedskotne med tap av menneskeliv. Av og til berga flymannskap livet ved at dei blei plukka opp or sjøen av folk som kom til. I september 1943 berga to fiskarar ein tysk flygar i havet utanfor Kråkenes på Vågsøya.

  • Forlis på Stadhavet - snurpebåten "Brenning"

    Om morgonen, torsdag 1. mars 1956, forliste sildesnurparen "Brenning" på Stadhavet. Båten høyrde heime i Røsvåg i Salten og var på veg heim etter at vintersildefisket var avslutta. Nitten fiskarar miste livet.

  • Drukningsulukke på Nordfjorden i 1876

    Søndag 29. oktober 1876 skjedde ei drukningsulukke i Nordfjord, midtfjords mellom Totland og Rugsund. Sju menneske omkom. Lokalhistorikaren Hans Eirik Endal (….-….) frå Davik skreiv eit stykke om hendinga i Fjordenes Tidende 17. august 1988. Nordre Bergenhus Amtstidende hadde ein samtidig omtale av ulukka. Her er begge stykka attgjevne slik dei stod, med tillegg av mellomtitlar og ordforklaringar.

  • Då Osen bru ramla i elva

    Gaula renn ut inst inne i Dalsfjorden. Osen bru ligg nesten ved utløpet. Den 30. april 1959 stod ei heller uvanleg kunngjering i Firda: "Fylkesvegen mellom Osen og Eidevik er sperra for all ferdsle ved Osbrua, meddi denne brua er sett ut av funksjon ved skotskade." I denne artikkelen fortel Svein Ove Nistad, fødd 1948, kva som skjedde.