Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Vegen gjennom Flåmsdalen - anleggsveg og turistveg



I 1893 vedtok Stortinget at jernbana Oslo-Bergen skulle gå over Voss og Myrdal. Jernbanebygginga gjorde det nødvendig med ein anleggsveg mellom Flåm og Myrdal. Vegen var ferdig i 1898. Vegen og jernbanebygginga skapte eit nytt og endra samfunn i Flåmsdalen. Nye yrkesgrupper voks fram, og turistrafikken vart ein viktig leveveg. Også i dag er vegen ein viktig del av turistsatsinga. Over 16 000 turistar syklar vegen i sommarmånadene.

Då Flåmsbana vart teken i bruk i 1940, vart det mindre trafikk langs vegen opp til Myrdal enn tidlegare, men frå 1990-talet vart vegen på nytt ein viktig del av turismen.  Rallarvegen som vegen i dag kallast, er ein stor turistattraksjon. Det er svært populært å sykla ruta frå Haugastøl, ned dei bratte svingane frå Myrdal og vidare ned Flåmsdalen til Flåm stasjon. Mellom Flåm og Haugastøl er det 80 km. Rallarvegen vart opna som sykkelveg i juli 1974.

Då Flåmsbana vart teken i bruk i 1940, vart det mindre trafikk langs vegen opp til Myrdal enn tidlegare, men frå 1990-talet vart vegen på nytt ein viktig del av turismen. Rallarvegen som vegen i dag kallast, er ein stor turistattraksjon. Det er svært populært å sykla ruta frå Haugastøl, ned dei bratte svingane frå Myrdal og vidare ned Flåmsdalen til Flåm stasjon. Mellom Flåm og Haugastøl er det 80 km. Rallarvegen vart opna som sykkelveg i juli 1974.

Eigar: Kristin Ese.

Datering: 1990.

Fotograf: Kristin Ese.

Ein dårleg veg

Det var på tale å opparbeida ein skikkeleg veg opp Flåmsdalen alt mot slutten av 1700-talet. I 1778 fekk alle prestar, sorenskrivarar, futar og kompanisjefar ordre om å melda frå om tilstanden på vegar og bruer i Bergens stift. Om vegane i Flåm skreiv soknepresten i Aurland, Jens Brun, at hovudvegen frå sjøen opp til kyrkja i Flåm var ein rideveg, men kunne køyrast med vogn dersom steinane i vegen vart brotne sund og tekne vekk. Ridevegen vidare opp dalen var svært bakkete og sterkt utsett for skred. Etter ei synfaring som generalmeisteren føretok i 1782, kostnadsrekna dei ein ny veg opp dalen til nær 3000 riksdalar. Det vart for dyrt, og ingen ting vart gjort.

Ny veg med den første vegtunnelen i fylket

Byggjinga av Bergensbana gav nye moglegheiter. Anleggsarbeidet gjekk føre seg fleire stader samstundes. Gravhalstunnelen vart driven frå begge sider. Det måtte difor byggjast transportvegar både frå Voss og frå Flåm. Stortinget vedtok å byggja ny veg mellom Flåm kyrkje og Kårdal, og midlane kom over jernbanebudsjettet i 1895, 1896 og 1897. Den 11,8 km lange vegen med køyrebreidd mellom 2,5 og 4 m var vart kostnadsrekna til 249.400 kroner. Vegvesenet hadde ansvaret for byggjinga, og heile veganlegget sto ferdig sommaren 1898.

Den gamle vegen mellom Flåm og Melhus gjekk på vestsida av dalen, men skredfåre gjorde at vegen vart bygd i tunnel på austsida. Kårdalstunnelen var den første vegtunnelen i fylket. Han er 117,5 m lang, 3,55 m brei og 4 m høg.

Frå Kårdal til Myrdal

Frå Kårdal og opp til Myrdal, 860 moh., vart det bygd ein fire km anleggsveg med 23 svingar opp den bratte fjellsida. Stigninga var 350 m. Arbeidet med Gravhalstunnelen frå austsida byrja hausten 1896, samstundes som vegarbeidet nede i dalen føregjekk. Mellom 60 og 70 mann arbeidde med vegen, medan rundt 130 arbeidde med jernbanelina. Jernbaneverket var ansvarleg for denne vegstrekninga, som vart ferdig i 1896, og kosta kr 23.700. Det vart og bygd anleggsveg vidare langs jernbanetraseen frå Myrdal til Haugastøl. Den var ferdig i 1902, og då var det kjerreveg frå Flåm over til Hallingdalen og vidare austover.

Usemje om vedlikehaldet

Fylkestinget hadde gitt lovnad om å vedlikehalda heile vegen Flåm-Myrdal. Vegen måtte då byggjast slik at han kunne tena som sambandsveg for distriktet til Myrdal stasjon. No var vegstyret i ettertid misnøgde med vegstandarden mellom Kårdal og Myrdal, som dei meinte ikkje var i høve til dei vedtekne planane. Vegen var knapt farbar etter anleggsdrifta på Bergensbana av di vedlikehaldet hadde vore for dårleg. Ansvaret vart difor tillagt jernbaneverket. Vegen Flåm (Fretheim)-Kårdal var hovudveg fram til 1940, og er den einaste hovudvegen i fylket som aldri vart korkje riks- eller fylkesveg. Vegen er i dag kommunal veg.

Samferdsla endra Flåmsdalen

Vegen gjennom dalen var vital for den aktiviteten som føregjekk under bygginga av Bergensbana og seinare Flåmsbana. Perioden frå 1894 til 1940, då Flåmsbana vart opna, var det ei travel tid i Flåmsdalen. Hestar og folk med materialar til jernbanebyggjinga gjekk i skyttelfart mellom Flåm og Myrdal. Då Bergensbana stod ferdig i 1909, vart det daglege damskipsanløp, og postruta gjekk tre gonger i veka til Myrdal. Skysskarar frakta turistar mellom fjorden og fjellet, og nye hotell, landhandlar, kafear og skulebygg voks fram. Den stille jordbruksbygda i Flåmsdalen vart i løpet av første del av 1900-talet endra til ei travel bygd med nye næringar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Bind I, Kristiania 1899.
Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger i Aaret 1907. Bergen 1908.
Skougaard Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1914. Bind II. Kristiania 1914.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Gubberud, Ivar J. og Sunde, Helge: Flåmsbana. Historien om en av verdens bratteste jernbaner. John Grieg Forlag 1992.
Indrelid, Svein: Aurland Bygdebok. Soga om Flåm. Bind I Bygdi. Aurland Sogelag 2003.

PERMANENT IDENTIFIKATOR