Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hunskorstøylen



Hunskorstøylen ligg på ei stor hylle høgt oppe i lia med flott utsikt over Breimsvatnet og fjellheimen omkring, i ei høgd på ca. 660 m o.h. Stølen høyrer til Hunskor, gard nr 78. Stølen ligg med skog omkring eit stykke nedanfor skogsgrensa, men med romslige beite- og slåtteareal. Det er 2 bruk på Hunskår og dei held bra vedlike 1 fjøs og 3 sel. Det er steinmur etter ein stor fjøs.

Hunskårstølen med utsikt mot Breimsvatnet.

Hunskårstølen med utsikt mot Breimsvatnet.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Frå tunet er om lag 1 km skogsbilveg. Vidare ca 2 km rås oppover. Tidlegare rekna dei ein times gange opp til stølen. Her går mange dyreråser og i skogen er det fort gjort å ta feil rås. For ukjende vandrarar er det best å bruke kart eller å få hjelp av kjentfolk.

Bruk av stølen

Om våren var kyrne fyrst på beite 1 vekes tid nedanfor tunet. Deretter 1-2 veker på Gamlestøylen. Den låg ikkje meir enn ein halv times gange frå tunet slik at stølsjentene overnatta heime. Seinare var kyrne på sommarstølen ut august månad. Til slutt 1-2 veker på Gamlestølen før dei vart tekne heim. Stølsdrifta vart slutt rett etter 1950. Sjå eigen artikkel om Gamlestølen.

Nokre fakta

Hunskor, gard nr 78, Breim sokn, hadde 2 bruk i 1890. Det budde 19 menneske på dei to bruka i 1865.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR