Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Osen gard



Osen ligg inst inne i Dalsfjorden ved utlaupet av Gaulardalsføret. Såleis låg staden viktig plassert for dei som kom både inn fjorden og ned dalføret. Jektene kunne segle inn, men då dampbåten kom i 1858, var Osbogen for grunn slik at endestoppen vart Svædene. Dermed miste staden sin sentrale posisjon.

Oversiktsbilete over Osen slik den såg ut kring 1990.

Oversiktsbilete over Osen slik den såg ut kring 1990.

Eigar: Ukjend.

Datering: Kring 1990.

Fotograf: Leif Hauge.

Høvdinggard i mellomalderen

Dei rike gravfunna på garden tyder på gammal busetjing. Ein snakkar då om ein høvdinggard i vikingtida knytt opp mot Gaularhovet. Ein må rekne med at Osen hadde fleire gardar i distriktet under seg. Med jordisk rikdom i vikingtida følgde også militær, juridisk og ikkje minst åndeleg makt. Osen vart såleis eit sete for den tids gudsdyrking i form av eit hov, det såkalla Gaularhovet. Rett nok har det vore spekulert om kvar dette låg, men det er rimeleg å tru at Osen vart ein naturleg stad for ein slik samlingsplass. Osen var den naturlege innfallsporten til området. At hovet låg lenger oppe i dalen, er mindre sannsynleg.
Då kristendommen overtok som offisiell religion frå midten på 1000-talet, vart det ofte bygd kyrkjer på dei gamle hovstadene. At dette ikkje skjedde i Osen, kan såleis verke merkeleg. Men tankegangen den gong var at dei nye kyrkjene skulle ligge høgt og lett synleg for folk. Det kan vere med på å forklare at lokalkyrkja for Bygstad vart reist på ein annan storgard, nemleg Bygstad.

Bilete av hovudbygningen i Osen.

Borgarsete med ting, handel og gjestgiveri

Vi kan dokumentere at det vart drive handel i Osen frå 1630-åra. Då finn vi fire bergensborgarar nemnde som kremmarar. I 1770-åra skriv sokneprest Wingaard at garden i eldre tider skulle ha "været et saa betydeligt Borger-Leje at der skal have ernært sig paa een Tiid 4 Borgere, siden 2, som indtog hele Dahlens Vahrer og forsynede den igjen med det fornødne, førend Almuen havde faaet Smag paa selv at besøge Kjøbstaden for at omsætte deres Vahrer."
Osen var også tingstad, men kor lenge attende i tid, er vanskeleg å seie. Den første tingboka byrjar med vårtinget i 1681, og då er tingstaden Osen. Men det er rimeleg å rekne samlingsstaden som mykje eldre enn det. Bygdetinget har røter attende til vikingtida, og i den samanheng er det naturleg at dei var samla her. Tingsetet varde i to dagar og då var det mykje folk samla. Ikkje berre var det sakene som stod i sentrum for bygdefolket. Tingsetet vart ein stad der ein kunne få vite nytt, gjere ein handel eller ta seg ein tur innom skjenkestova i meir uformelt lag. Denne samlinga fann stad tre gonger i året, vår, sommar og haust. Ordninga stod ved lag fram til kring 1870, men dei siste tiåra hadde ikkje bygdetinget same betydning som tidlegare.

Tilbakegang

I siste halvpart av 1800-talet vart den sentrale posisjonen mindre. Då Fylkesbaatane tok til med trafikk på Dalsfjorden i 1858, kunne ikkje båten kome inn til Osen på grunn av botntilhøva. Endestoppen vart såleis Svædene, seinare også Kviteneset. Då det så vart bygt veg til Bygstad på slutten av 1800-talet, gjekk all trafikk dit. Til ut i 1930-åra stod det framleis att nokre gamle buer med torvtak og blyinnfatta småruter med grønleg skjer. Enno står bryggja, og det er att restar av gamlevegen som gjekk ned til handelsstaden.

Bilete av strandmiljøet på Osen.

Bilete av strandmiljøet frå Osen.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR