Kulturhistorisk leksikon

Gardsbruk (56)

  • Jorddyrking i Stardalen

    I den halvtanna mil lange Stardalen, på mellom 280 til 300 m o.h., var det i 1920-åra 37 gardsbruk. Mykje av innmarka vart årvisst overfløymt. Opptakten til regulering vart gjort i 1897, men ikkje fullført før i 1980-åra.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Kapteinsgarden i Måren

    Borgarhuset Kapteinsgarden gjer eit solid inntrykk der det ligg ved Sognefjorden, i den vesle, veglause bygda Måren.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Plassen Munken

    Inne i ein hage like ved ferjekaien i retning Esefjorden ligg ei gamal stove. Dette er Munkastova på folkemunne. Her budde folka på plassen Munken, nær fjorden der dei henta dei høy, ris og lauv. I fjorden fann dei og mykje av den maten dei åt. Fjorden var ein god granne.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Balestrand
  • Garden Flesje

    Garden Flesje ligg ved sjøen kring 5 km vest for Balestrand sentrum. Frå den lune vika framføre hovudhuset har vakre robåtar lagt ut på kyrkjeferd. Her har det vore poststad og stoppestad for dampbåten. Framføre hovudhuset spaserte både Wergeland og Gude og let seg imponera av den vakre staden og det makelause utsynet over den opne Sognefjorden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Balestrand
  • Osen gard

    Osen ligg inst inne i Dalsfjorden ved utlaupet av Gaulardalsføret. Såleis låg staden viktig plassert for dei som kom både inn fjorden og ned dalføret. Jektene kunne segle inn, men då dampbåten kom i 1858, var Osbogen for grunn slik at endestoppen vart Svædene. Dermed miste staden sin sentrale posisjon.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gaular
  • Garden Lien

    På garden Lien har det vore busetnad tilbake til 1658. Her er fleire hus frå 1800-talet, mellom anna ei stampe. Det er òg teke vare på uvanleg mange gamle bruksgjenstandar, mange med årstal på.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hornindal
  • Gardstun på Nedrestrond

    På Nedrestrond i Viksdalen ligg eit eit tun som har vore uendra dei siste 150-åra. Det var her Eilert Sundt budde då han var på reise i distriktet hausten 1865.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gaular
  • Garden Erikstad på Svanøy

    Erikstad - som lokalt uttalaster'sta- ligg vest på Svanøy. Gardstunet er bygd eit kort stykke opp frå Erstadvågen på nordsida av øya. Her er mange gamle hus og fleire velvaksne tuntre. Sauer går på inngjerda beite, og ein stad går det fleire hestar.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Svanøy hovudgard

    Lengst sør i Flora kommune ved innløpet til Førdefjorden, med Stavfjorden i sør og Brufjorden i nord, ligg den vakre og frodige øya Svanøy. Øya og godset hadde opphavleg namnet Bru. Godset var lenge eit sentrum i Sunnfjord. Her budde futar på 1500-talet og hit kom haugianarane på 1800-talet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Eika på Eikenes

    På Gardneset, der Hyefjorden munnar ut i sjølve Nordfjorden, tronar Eika på Eikenes. Den gamle kjempa har nok gjeve garden Eikenes det namnet han har i dag. Alderen til treet har av fagfolk tidlegare vore tippa til å vere mellom 500 og 600 år. Nye opplysningar kan tyde på at eika er mykje eldre enn det.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Gaular prestegard på Steia

    Prestegarden på Sande er i dag lite synleg fordi området har vorte nedbygt av private og offentlege bygg. Men før dette skjedde må garden ha vore godt synleg der den låg som eit åndeleg sentrum. Med etableringa av prestegarden på Sande ser ein her byrjinga på det som seinare vart sentrum i kommunen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gaular
  • Prestegarden på Vereide

    Gjennom 1000 år har det budd prestar på Vereide. Dei første var nok sterkt knytte til stormannsætta som budde her frå før 900, og var nærast som gardsprestar å rekne. Men etter kvart vart "soknet" utvida. Vereide kyrkje vart ei av fjerdingskyrkjene i Firdafylket. Det gav presten ekstra status.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Karnilstunet og Karnilshaugen

    Stiftinga Karnilstunet vart skipa i 1994. Det skjedde etter at den siste eigaren av Karnilsbruket, Kornelius Hauge, døydde i 1988, og etter ønskje frå arvingane om at garden skulle testamenterast til kulturelle formål. Det meste av arealet på bruket vart frådelt og lagt som tilleggsjord til grannebruka, medan stiftinga har fått hand om tunet med eit areal på rundt fem dekar.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Fureneset - futegard og fagsenter

    Fure var futegard i nærare 200 år. Seinare vart det statleg forskingsgard her.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Fjaler
  • Familiane Landmark og Lillingston på Tysse

    Gjennom nærare to hundre år var garden Tysse i dei herskapelege familiane Landmark og Lillingston si eige.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Fjaler
  • Hauglum - Sagi

    I 2000 er det lite att av det gamle Fresvikgodset. Garden Hauglum ligg der godset var,- garden vert og kalla Sagi sidan der frå gamalt av har vore eit sagbruk.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Otterhjell i Fresvik

    Garden Otterhjell i Fresvik har mange gamle bygningar, og på garden er det ei stor samling av gamalt verktøy og gamle reiskapar. Dei gamle tinga er avfotograferte og registrerte.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Bergheim i Feios

    Bergheim er fremste garden i Åfetdalen i Feios. På garden er det mange gamle hus, og kornbrotet har ein særmerkt byggjemåte.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Le i Arnafjorden

    Garden Le er ein bratt høgdegard, 300 moh, som merkjer seg ut med eit svært rikt kulturlandskap. Her har gamle driftsmåtar vore nytta heilt til vår tid.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Gamlehusa på Tistel

    I gardstunet på Tistel står tre gamle bygningar som er restaurerte, det er stovehus, bu og stabbur. Desse husa vitnar om byggje- og bumåte i eldre tider.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Lensmannsgarden i Bø

    Lensmannsgarden i Bø i Vik er vorte kalla meisterverket til bergenssnekkaren Jan Lund. Denne bygningen vart ført opp i 1840-åra av lensmann Christoffer Parelius Aarestrup. Det freda huset ligg ca. 4 km frå Vikøyri med flott utsikt over bygda.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Høgdegarden Grønsberg

    På høgdegarden Grønsberg i Vik, 450 m over havet, har der vore drive jordbruk på gamlemåten heilt fram til 1990-talet. All innmark er svært bratt, og der har ikkje vore utskifting.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Garden Årdal med husmannsplassen Rydjorda

    Garden Årdal ligg i ein liten dal like ved fjellet Liberra (470 m o.h.) på sørsida av Stadlandet. Avstanden inn til Selje er om lag fem km. Garden er fråflytt og har ikkje bilveg.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Jernaldergarden i Kvernhusdalen

    Det finst ikkje mange øydegardar frå jernalderen i Sogn og Fjordane. Ein av dei er Kvernhusdalen i Selje. Oppmålingar, C14-dateringar og pollenanalysar her ifrå vitnar om gardsdrift i både eldre og yngre jernalder.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Garden Dyrstad

    Garden Dyrstad ligg på vestsida av Berstadvatnet i Berstaddalen, vel 200 m o.h. Vegen frå vatnet opp til dei gamle tuftene er bratt, og garden har i følgje gamle kjelder fleire gonger vore lagd øyde av skred.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Kyrkjestaden Bø på Selja

    Bø er namnet på ein gard på innsida av Selja. Bø er eit av dei eldste gardsnamna i Norge og indikerer alltid ein sentral og stor gard som ligg ope til på solsida. Kanskje har Bø ein gong vore ein kongsgard. I mellomalderen vart det bygd soknekyrkje på ei flate ned mot sjøen. I 1654 vart ho flytta inn til fastlandet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Selje prestegard

    Prestegarden i Selje har tradisjonar attende til middelalderen og er nemd i skriftlege kjelder fyrste gong kring 1350. Det gamle namnet på garden var Hove.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Husmannsplassen Halabrekka

    På vestsida av innløpet til Tynjadalen ligg husmannsplassen Halabrekka. Plassen høyrer til garden Øvrevoll i Lærdal kommune. Dei fyrste husmannsfolka fekk feste her kring midten av 1600-talet og dei siste på byrjinga av 1900-talet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Garden Dyrdal

    Garden Dyrdal ligg ved sjøen, på vestsida/nordsida av Nærøyfjorden og på vestsida av Dyrdalselva. Det gamle gardstunet ligg på ein terasse, kring 200 meter opp frå sjøen. Nede ved sjøen og ved gardstunet var det åkrar, og i liene oppover dalen var det slåttemark. Frå garden går dalen nordover og vestover og fører opp til stølsområde og jaktterreng.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Storgarden Kvåle

    Garden Kvåle i Sogndal har vore ein stor og rik gard i mellomalderen (1030-1536/37) og seinare. Korleis kan me vita dette i dag? Ved å nytta historiske og arkeologiske kjelder kan me seia noko om tilhøva heilt tilbake til jarnalderen (500 f. Kr. - 1030 e. Kr.)?

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Løken - frå skrivargard til kultursenter

    I bygda Naustdal i Eid kommune ligg garden Løken, på austsida av utløpet til elva Hjalma. Garden var i mellomalderen sete for ei stormannsætt, og vart på byrjinga av 1700-talet sorenskrivargard. På 1960- og 1970-talet vart det gjort ein del restaureringsarbeid på hovudbygningen, og i 1974 vart garden kjøpt av dei noverande eigarane. Frå 1976 til 1996 heldt Leikvin Kultursenter til i hovubygningen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Sorenskrivargarden Volden

    Sorenskrivargarden Volden er den einaste embetsmannsgarden i Førde som framleis husar ein embetsmann, men no er det presten som bur her. Kontorbygningen på tunet kan vere det eldste huset i Førde sentrum. Ti sorenskrivarar budde på Volden frå 1855 til 1971, og dessutan ein kjend diktar.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Prestegarden i Førde

    Prestegarden i Førde har truleg alltid lege på staden der den gamle prestebustaden framleis står, 350 m søraust for kyrkja på kanten av ein terrasse. I dag ligg det gamle prestegardshuset noko einsamt att mellom Førdehuset og ungdomsskulen, medan presten bur på den gamle skrivargarden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Kapteinsgarden

    Kapteinsgarden Ytre Skei er den av gardane på Skei som har lengst samanhengande busetnad av embetsmenn, heile 250 år, dei fleste militære. Hovudbygningen har ei lang og skiftande historie, der dei eldste delane er vel 200 år gamle.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Futegarden på Bruland

    Futegarden på Bruland er rekna som eit av dei best bevarte døma på ein vestlandsk embetsmannsgard. Hovudbygningen i seinbarokk stil er frå 1750-talet, og vart flytta til Bruland i 1789. Futegarden har vore freda sidan 1924.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Bendiktunet på Nedrebø

    Bendiktunet ligg på Nedrebø, gnr. 71-2, i Jølster. Sidan 1983 har det vore eigd av Stiftinga Bendiktunet som har stått for restaureringa av bygningane. Tunet var i sterkt forfall då restaureringsarbeidet starta.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Midttunet i Sandal

    Med eit dusin hus på sin opphavlege plass, er Midttunet eit særmerkt kulturminne. Men det har ikkje vore lett å få dette anlegget fullt ut tilgjengeleg for publikum.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Garden Horten

    Horten ligg på austsida av Aurlandsfjorden, kring 560 moh., om lag ein kilometer nord for Nedbergo. Ein kan gå frå fjorden opp til garden frå nordsida, frå munninga av Kotning-dalselva. Ein kan også gå opp frå ein stad sør for garden. Garden er svært liten og vanskeleg tilgjengeleg. I ein perioden på vel 150 år frå kring 1700, var det drift på garden det meste av tida. Frå midten på 1800-talet vart garden nytta som slåttemark av ein bonde i Undredal.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Garden Nedbergo

    Nedbergo ligg på austsida av Aurlandsfjorden, 3-400 meter nordaust for Undredal. Garden ligg heller bratt opp frå sjøen, 540 moh. Oppå berget er det ein stor skråande bakke med dyrka mark. Her er god jord og gode vekstvilkår, men det kan stundom bli for turt. Det er tre stølar austover og sørover i fjellet, Heimestølen, Vassete og Nisedalen. Garden har jaktrettar på hjort og rein.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Garden Stigen

    Stigen ligg på vestsida av Aurlandsfjorden, kring 200 meter søraust for Beitelen og innløpet til Nærøyfjorden. Garden ligg bratt opp frå sjøen, kring 360 moh. Her er det fleire flater og hyller i terrenget med god matjord. Garden er omkransa av fjorden i aust, Koldegjelet i sør og fjellryggen frå Beitelen til Stiganosi i vest. Garden ligg avsides til, men på dei to gardsbruka hadde folka rimeleg gode levekår.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Høgdegarden Sinjarheim i Aurlandsdalen

    I Aurlandsdalen finn ein fleire nedlagde gardar, ein av desse er Sinjarheim. Garden ligg høgt og fritt på eit høgdedrag med gjel, juv og fossar på alle kantar. Sjølv om omgjevnaden er dramatisk har det budd folk her i lange tider. Garden vart fråflytt i 1922 og forfallet sette etter kvart inn. Men bygningane på Sinjarheim vart i 1988 restaurerte av Fortidsminnesforeningen og garden vert no brukt som støl av Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Mula - gard med samansett næringsgrunnlag

    Det er ikkje store bilturen frå Førde til Mula på sørsida av Førdefjorden. Men ein er komen langt frå forretningsbyen når ein står i sjøsprøyt nede i Mulavika framfor to små bruk. Heilt til 1980 var denne staden lite tilgjengeleg. Å leve her kravde tilpassing til naturkreftene. Men fjorden og nokre jordflekkar gav livsgrunnlag. Hallvard Mulen veit mykje om det livet.

  • Lensmannsgarden, Lensmannsstova og Tinghaugen på Onstad

    Onstad var tidlegare sentrum i Aurland. Her budde lensmannen, og her var tingstaden. Her ligg hovudbygningen på garden og Lensmannsstova.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • På leit etter kunnskap om ei gardssag

    Den fråflytte garden Rud i Leikanger ligg ein halv times gange opp frå ferjestaden på Hella. Det vart aldri bygd veg for traktor og bil til Rud. Dei måtte greia seg med den gamle gang- og sledevegen. Gardslandskapet på Rud er interessant. Her er mykje å leggja merke til: den gamle gardsvegen, rydningsrøyser, steingardar og gjerde, grindar, styvde tre, gamle fruktre, mange bygningar og mangt anna.

  • Garden Hemri

    Garden Hemri ligg på vestsida av Nærøydalen kring 4 km frå Nærøyfjorden, men tunet og husa ligg på austsida av elva. Garden ligg fint til mellom fjellfoten og elva, men fjellsida mot vest er heller bratt og ulend. Det var tradisjonell drift på garden fram til 1970-åra. Etter den tid har brukaren drive med utleige av fiskerett og campinghytter.

  • Garden Solbjørgo

    Garden Solbjørgo ligg på vestsida av Nærøydalen, vest for gardane Hemri og Skjerpi, høgt oppi fjellsida kring 600 moh. Sjølve gardstunet ligg rett ovanfor eit stupbratt berg. Stølen ligg ovanfor og vest for garden kring 1000 moh. Stien opp til Solbjørgo går i sikk sakk opp den bratte fjellsida, men han er i dag tilgrodd og vanskeleg å finna.

  • Garden Ramsøy

    Garden Ramsøy ligg ved sjøen, på austsida av Nærøyfjorden, lengst i sør. Det gamle gardstunet ligg ved ein berghammar, kring 200 meter opp frå sjøen. Før 1900 vart tre av bruka flytte lenger mot sørvest, til flatane ved fjorden og elva. Innmarka ligg ved husa og lenger mot sørvest, på austsida av elva, lenger framme i Nerøydalen. Stølane til garden ligg sørvest for Nærøydalen, i retning mot Vikafjellet.

  • Garden Skjerpi

    Garden Skjerpi ligg på austsida av Nærøydalen kring 4 km frå Nærøyfjorden. Det var berre eitt bruk på garden like fram til 1870-åra, men då vart garden delt i tre bruk. Garden har høge fjell i søraust, og sola er bort frå byrjinga av oktober til langt ut i mars månad. Gjennom gardsområdet renn Hallinggroa. Den er turr i lange periodar i året, men ved flaumar kan denne bli svært stor og gjera skade på åker og eng.

  • Garden Hylland

    Garden Hylland ligg på vestsida av Nærøydalen kring 6 km frå Nærøyfjorden. Det er i dag to bruk på garden, eitt stort og eitt mindre, og på det største er det full drift. Fjellsida ovanfor garden er svært bratt og ulend, og her ligg bergnabben kalla Hyllandshella. Det har levd eit sagn om at ein spelemann i dalen, Lisbeth-Per, ved eit høve på 1700-talet kom og spelte for å binda denne bergnabben til fjellsida.

  • Henrik Wergeland og stadnamnet Verkland

    Farsslekta til Henrik Wergeland kom frå garden Verkland i Gulen. Dette er gard nummer 124 i Gulen kommune. Skrivemåten på slektsnamnet og på gardsnamnet har vore forskjellig gjennom tidene.

  • Vetti - fjellgarden i Utladalen

    Høgst opp i Utladalen, sør for elva Utla, ligg fjellgarden Vetti. I skriftkjeldene kan ikkje garden fylgjast lenger bakover enn til 1611, då ein Eirik brukte garden. Likevel er det truleg at garden har lege der heilt sidan eldre jarnalder og kanskje lenger.

  • Garden Naddvik

    I Vikadalen i Årdal er det spor etter menneske heilt attende til steinalder, men det er fyrst tidligast i bronsealder, og i alle fall i jarnalderen at ein ser for seg at spora har samband med folk som har budd på gardane i dalen.

  • Garden Ytre Moa - gardsdrift og ressursutnytting

    Livberginga på Ytre Moa henta dei frå det same naturgrunnlaget som folk har gjort fram til nyare tid - frå jorda, skogen og fjellet. Saman med tufter, steingjerde og gravfunn, vitnar gjenstandsfunna om ei variert utnytting av naturgrunnlaget. Garden vart fråflytta på 900-talet, truleg på grunn av vassmangel. Området har sidan ikkje vore dyrka, og det gamle gardsanlegget frå vikingtida er difor så godt som urørt, og har gitt oss mykje ny og overraskande kunnskap om vikingtida i Noreg.

  • Høgdegarden Segestad

    Garden Segestad ligg på ei fjellhylle lengst heime i Glomsdalen. Garden vart truleg teken i bruk noko før år 1000. I 1980-åra var garden til nedfalls, men stor innsats frå fleire hald har berga denne kulturperla.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Garden Undredal

    Garden Undredal ligg på vestsida av Aurlandsfjorden, fem km sør for innlaupet til Nærøyfjorden. Gardsvaldet, eit kring 85 km2 stort område, strekker seg sørvestover på begge sider av Undredalsdalen like til grensa mot Voss kommune. Gardsvaldet omfattar også fjellsida nord for gardstunet på vestsida av fjorden, til Koldegjelet, og fjellsida på austsida av fjorden, til grensa mot Kappadal og Nedbergo i nord.

  • Ivarsplassen

    Ivarplassen ligg på ei elveavsetjing ned mot Årdalsfjorden på garden Hovland, Naddvik. Elveavsetjinga utgjer det lågaste terrassenivået, 5 m o.h., og er nokså tettbygd. Området ligg om lag 500 m frå hovudvegen, og er tilgjengeleg frå ein gammal, smal gardsveg som går like forbi plassen og ned til fjorden. Husmannsplassen ligg like ovanom naustrekkja ved sjøen, og er på om lag 6 dekar.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Årdal