Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 01. februar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sørbøvåg bedehus



Hyllestad kommune har fem bedehus. Fire er i bruk; bedehuset i Skifjorden, på Ramsgrø, på Løland og i Sørbøvåg. Sørbøvåg bedehus vart truleg teke i bruk hausten 1933. Huset vart nytta som kyrkje frå 1940 då Øen kyrkje brann ned, til ny kyrkje stod ferdig i 1958.

<p>S&oslash;rb&oslash;v&aring;g bedehus i Ulvika i S&oslash;rb&oslash;v&aring;gen.&nbsp;</p>

Sørbøvåg bedehus i Ulvika i Sørbøvågen. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Kross i kvart møne

Huset står i Ulvika. Ein kvitmåla trekross i kvart møne signaliserer bedehus. Frå utbygget på oppsida kjem ein inn i Storsalen (med open himling) og Småsalen (med lem). Salane går i eitt men kan skiljast med heisedør.

Gåvebrev

Som på Ramsgrø har dette bedehuset også fortid som skulehus. Det var eit gamalt skulehus på klokkargarden i Ulvika som kort tid etter 1930 vart bygt om og teke i bruk som bedehus. O.A. Liland og Nikoline Liland gav ved gåvebrev, datert 19. april 1933, - ”en tomt” til ”benyttelse for Øns Indremission (ved Øns Indremissions ungdomsforening”) til ”opførelse av bedehus”. Det gamle skulehuset var også gåve, frå Magnus Rye og Mary Rye, ved gåvebrev datert 15. juli 1933. Vi kjenner ikkje til nøyaktig når bedehuset stod ferdig til bruk, men det er rimeleg å tenkja seg at huset vart ”ført opp” og teke i bruk hausten 1933. 

Brukt som kyrkje

I 1940 brann Øn kyrkje. Bedehuset på Sørbøvågen vart då teke i bruk til kyrkjelege handlingar. Ny kyrkje stod ferdig i 1958. Det finst i dag handfaste spor etter den provisoriske bedehuskyrkja, font for dåpsfat nede i salen og salmenummertavle bortsett oppe på galleriet.  

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Håkon Gil: Øne kyrkje. I Sogskrift for Hyllestad (2008) 

To gåvebrev 

PERMANENT IDENTIFIKATOR