Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. desember 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fresvik bedehus



"Så seier eg Fresvik bedehus retteleg innvigt til sitt bruk. Amen." Det var orda til sokneprest Imenes under vigslinga, søndag 15. oktober 1978. Huset stod ferdig nøyaktig 56 år etter at dei første kronene blei sette inn i Leikanger sparebank.

<p>Fresvik bedehus stod ferdig i 1978 og vart vigsla om hausten same &aring;ret.</p>

Fresvik bedehus stod ferdig i 1978 og vart vigsla om hausten same året.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa.

Bedehuset 2007

Bedehuset i Fresvik ligg tett nedom vegen om lag 300 m opp frå krysset på hovudvegen gjennom bygda. Huset er 20 x 10 m og bygt i to fulle høgder. I første høgda er der stor romsleg gang, storsal og vetlesal. Underetasjen har stor sal, opphavleg matsal, no aktivitetsrom for barneklubb, og fullt utstyrt kjøken.

Storsalen er innreidd med røyrstolar og småbord, Vetlesalen med sofamøbler. Talarstolen står på golvnivå. Veggene er utsmykka med bilete og teppe. Midt på veggen framme heng eit stort målarstykke med motiv Engelen styrkjer Jesus. Det er laga av Herdis Kleppa etter original av ein annan kunstnar. I salen nede heng det to store åkle.

Aktivitet og bruk

Opphavleg var det Fresvik Indremisjonslag som stod som eigar av huset. Då indremisjonslaget vart nedlagt, vart det oppretta eit eige styre for huset. Aktiviteten har endra seg noko med åra. Det er heilt slutt med møte ved emissærar (reisande forkynnarar, predikantar). Bedehuset har bønnemøte kvar 14. dag og basar til inntekt for huset kvar haust. Elles er det ei rekkje aktivitar ved andre: Soknerådet har kyrkjelydsfest ein eller to gonger i året. Frelsesarmeen og Helselaget står for juletrefesten. Konfirmantundervisninga føregår i Vetlesalen. Soknerådet står for ungdomsklubben. Huset vert nytta ved barnedåp, konfirmasjonar og gravferder.

Innsamling og bygging

Fresvik kyrkje feira 100 år i 1981. I jubileumsskriftet står eit stykke om bedehuset som då var tre år gamalt. Nedanfor fylgjer stykket slik det er skrive, men her med innsette mellomtitlar.

1922-1953

"Kva tid tanken om bedehus først kom opp, veit me ikkje. Men me lyt gå attende til tidi då Johan Thorkildsen var lærar og klokkar i bygdi (..). Det har vore fortalt at han lova å gjeva tomt til bedehuset på eigedomen sin.

I 1922 var det nokre som samlast i heimen til Lars Hatleli. Han lova då å gjeva fri tomt til huset. J. Thorkilsen vilde gjeva kr. 500. -. Innsamling til bedehuset tok til dette året og heldt ved fram gjenom 20-30-åri med noko skiftande framgang. Etter krigen tok dei til på ny. I 1946 skreiv Lars Hatleli gåvebrev og skøyte på tomt til bedehuset på eigedomen sin. Arkitekt Olav Vangsnes hjelpte til med plan og teikningar.

I 1953 fekk me ei testamantarisk gåva frå Botolv Otterhjell. Den skulde gå til nytt kyrkjeorgel og til bedehus. Bedehuset sin lut var kr. 4.500;- Bedehusforeining vart skipa 1952, og har vore i arbeid alle åri etter."

Nye krav - utsetjing

"Det vart enno lenge å venta til byggeplanane kunne setjast i verk. Ymse nytt kom til innan byggjesektoren: ny bygningslov, bygningsråd som skulde godkjenna alle byggeplanar. Tomti som vart gjevi i 1946 var altfor liti. Men eigarane av gardsbruket, sokneprest Storebø og frua, var velviljuge og gav det arealet som trengdest i tillegg."

Byggjearbeid 1977-1978

"Våren 1977 kunde arbeidet med tomti taka til. Arkitekt Ottar Bondevik hadde arbeidt ut teikning til huset, og entreprenør var siv.ing. Dagfinn Bondevik. Bygdefolket slutta godt opp og hjelpte til med gåver og arbeid. Ogso utflytte fresvikjer og andre utanbygds frå har hjelpt til. Byggjearbeidet gjekk fram, huset kom snart under tak."

Vigslingshøgtid

"Året etter, 15. oktober, fekk me halda vigslehøgtid. Det vart ein festdag. Først samlast me i kyrkja til høgmessa ved sokneprest Imenes. Etterpå gjekk vegen til bedehuset som var fullsett av bygdefolk og ein del tilreisande. Soknepresten heldt vigsletalen. Elles deltok formannen i Sogn Indremisjon, sokneprest Paus, Vik, og fleire bar fram helsingar." (Her sluttar stykket i kyrkjeheftet.)

Gåver til vigslinga

I 1968 skreiv signaturen "O.P.H." (Olav P. Hatleli) eit stykke om det nye bedehuset i Sognevarden. (blad fo Midtre Sogn Indremisjon). Her går det fram at huset fekk tre gåver på vigslingsdagen. Ordførar Kåre Ness overrekte ein gåvesjekk på 500 kroner, entreprenøren, Dagfinn Bondevik, kom med ein lysestake og Håkon Hov, utflytt fresvikje, gav ei vakker gjestebok.

Bedehuskonto i Leikanger Sparebank

Dei oppretta konto for bedehuset i Leikanger Sparebank 11. november 1922 og sette inn 110 kroner. Seinare syner kontoen eitt eller fleire innskot nesten kvart einaste år. Summen auka jamt og trutt: 1936: 3530 kroner, 1950: 12 317 kroner og 1959: 26 370 kroner. (Etter 1959 føreligg det ikkje kontooversyn i sparebanken sitt arkiv.)

Marknad i 1968

Hausten 1968 vart det laga til marknad til inntekt for bedehuset. Marknaden gjekk over to dagar og det var gjeve mange fine ting til utlodning. Første kvelden var det matservering og emissær Skårdal heldt andakt. Andre kvelden var kaptein Moskvil frå Frelsesarmeen i Sogndal og Trygve Bakketeig frå Kaupanger på besøk. Det kom inn kr. 1.680.- brutto på marknaden.

kjelder:

Fresvik kyrkje, jubileumsskrift.
Sognevarden. 30.04.1968
Informant:
Marie Hauglum Ekeberg, Fresvik

PERMANENT IDENTIFIKATOR