Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Myklebustsætra i Ålfoten



På vegen mellom Ålfoten og Svelgen ligg Myklebustdalen med Myklebustsætra plassert rett attmed Sætravatnet. Her ligg ei av dei få setrane i Sogn og Fjordane som enno er i drift.

I Myklebustdalen, like ved riksveg 614, ligg den idylliske Myklebustsætra, eller Ålfotsætra som ho òg vert kalla. Dette er ei av dei få setrane i fylket som enno er i drift i år 2002.

I Myklebustdalen, like ved riksveg 614, ligg den idylliske Myklebustsætra, eller Ålfotsætra som ho òg vert kalla. Dette er ei av dei få setrane i fylket som enno er i drift i år 2002.

Eigar: Lars Olav Rylandsholm.

Datering: Kring 1995.

Fotograf: Lars Olav Rylandsholm.

Tretti bygningar

Frå gammalt står det 30 hus på Myklebustsætra, 10 sel, 10 fjøs og 10 løer. Alderen veit ein ikkje sikkert, men sela hadde grue og ljore, noko som var sjeldsynt etter 1850. På det meste var setra delt mellom 12 av brukarane på Myklebust.

Bilete av dei ulike bygningane på sætra.

Bilete av to av selane - Hans-selet (venstre) og Jørnane-selet (høgre)

Seterdrift stod sentralt i ressursutnyttinga

Seterdrifta var lenge eit viktig element i den lokale ressursutnyttinga, både i Sogn og Fjordane og elles i landet. Driftsforma blir rekna for å vere like gammal som gardsdrifta, men ein god del av dei setrane ein kjenner i dag voks fram frå 1700-talet og utetter. Når talet på setrar auka kan det sjåast på som eit utrykk for folkeveksten og den påfølgjande ekspansjonen av kulturlandskapet. Ein veit ikkje kor mange setrar det var på det meste, men i den første seterteljinga frå 1907 vart det registrert meir enn 10 000 setrar i Sogn og Fjordane.

Bilete av eit setrestemne kring 1920-åra.

Kvar seter hadde ein sentral plass i drifta på heimegarden. Før det mekaniserte jordbruket slo gjennom for fullt, skjedde storparten av produksjonen om sommaren. I løpet av nokre hektiske sommarveker vart ein stor del av avdråtten (avkastninga som februket gav), henta ut, mens vinteren helst var ei passiv årstid der føremålet først og fremst var å halde liv i dyra til neste sommar. I denne samanhangen var setrane svært viktige for produksjonen av ost og smør, men også for å fø fram velfødde slaktedyr. I ein typisk "seterkommune" som gamle Davik var, kan ein rekne med at kring 1/3 av mjølkemengda vart produsert på setra.

Bilete av Myklebustsætra.

Sommarseter og og mjølkeseter

I dette distriktet skil ein grovt mellom to typar seterdrift, mjølkeseter og sommarseter. Mjølkesetra vart, som namnet seier, nytta berre til mjølking og mjølka vart boren heim kvar dag. Sjølv om denne setertypen ofte låg noko nærare garden, kunne det likevel vere tale om fleire kilometers bering av mjølka, og då mange stader i brattlende.
Myklebustsætra høyrer til den andre kategorien, nemleg sommarseter. Dette var ei meir organisert form for seterdrift enn mjølkesetra. Som regel låg desse eit godt stykke frå garden. Myklebustfolka måtte gå fem kilometer med ei høgdestiging på kring 250 meter. Sommersetrane er også kjenneteikna ved at dei har ein fast tunskipnad, med både fjøs til kyrne og sel til folka.

Jenter og kvinner rådde grunnen

Drifta av setra sørgde budeiene for. Dei var som oftast anten ungjenter eller koner frå Myklebust. Etter kvart vart det meir vanleg å leige inn budeier utanfrå. I tillegg til budeiene brukte ein gjerne gjetargutar på setra til å sjå etter dyra og varsle om det var rovdyr på ferde. Mesteparten av arbeidet fall likevel på budeiene, som hadde ei travel tid med mjølking og stell av dyra. Her var særleg mjølking, kinning og ysting eit tidkrevjande arbeid. Smøret var eit særs viktig produkt som ein kunne få god pris for, og sidan fjellsmøret vart rekna å vere av god kvalitet, var dette gjerne betre betalt ein gardssmøret. Denne produksjonen var difor særs viktig i ei tid då kontant-inntektene frå gardsdrifta elles var små.

Ikkje berre slit

Sjølv og seterlivet nok kunne vere ei strevsam tid, kunne det også vere ei rik tid, sosialt sett. Seterlivet kunne også by på eit yrande folkeliv. Dei var jo ein heil flokk i seg sjølv, budeiene og gjetargutane som budde der gjennom sommaren. I tillegg var det ikkje lange vegen over til Vikasætra, rett på andre sida av Sætravatnet. Med så mange jenter samla på ein stad var det nok også likt til at det slang innom ein del gutar på laurdagskvelden, eller at familien tok turen frå Ålfoten ein fin laurdags ettermiddag. På setra kunne dei då samlast til rømmegraut og kanskje felespel og dans.

Huldrefolk og rovdyr

Huldrefolk skal også ha vore tittgjengde gjestar på setrane. Med rikt fiske og mykje vilt var Myklebustdalen ein framifrå stad for slike folk. Det har blitt fortalt at ein kunne møte både huldrefolket sjølve og buskapen deira kring setra. Dette var eit folk som lett kunne skape store vanskar for seterdrifta om dei kjende seg trakka på, men som også kunne yte god hjelp om tilhøvet mellom folk og hulder var godt. Dei fekk såleis ære og skuld for høvesvis gode og dårlege hendingar på setra.
Det vert også fortalt om kraftig kjærleik mellom folk på setra og huldrefolk. Eit døme på dette er forteljinga om Samså-Anders frå Myklebust som i sin ungdom vart så innteken i ei fager huldrejente at han snautt sansa anna. For dei var visst litt av eit syn, desse jentene. Eller som det vart fortalt frå ein annan stad i gamle Davik: "Når eg såg inn i dei myrke augene hennar som strålte mot meg, fór resten av vitet."

Men om forholdet mellom folka på setra og huldrefolket til tider kunne vere bra, var forholdet til bjørn og andre rovdyr jamt dårleg. I området kring Myklebustsætra kunne ein støyte på både ulv og bjørn som såg med svoltne auge på husdyra som gjekk og feita seg opp. Den siste bjørnen i Ålfoten vart skoten på Svorsegga, nordaust for Myklebustsætra, i 1888. Sidan har ein sett lite av både rovdyr og huldrefolk.

Avvikling

I Sogn og Fjordane som elles i landet vart det stort sett slutt på seterdrifta ut etter 1900-talet. Etableringa av meieri gjorde det ikkje lenger lønnsamt å drive med smørproduksjon på fjellet. Samstundes vart kalving og mjølkeproduksjon fordelt meir jamt ut over året. Nydyrking og betre gjødsling av beite og eng førte dessutan til at ein vart mindre avhengig av fjellbeita.
Når ein på Myklebustsætra har halde fram med seterdrifta også inn i det 21. århundret, skuldast det i første rekke plasseringa rett attmed vegen mellom Svelgen og Ålfoten. Mjølka vert såleis levert med mjølkebilen like problemfritt som nede på sjølve Myklebust. Dei fire bruka som framleis brukar setra, driv ikkje lengre med ysting og kinning, men leverer berre mjølk. I 1994 vart setra opprusta ved at brukarane i fellesskap investerte i dieselaggregat til drift av mjølkemaskinar og tankanlegg.

Sjølv om det framleis er drift på Myklebustsætra er det nok ikkje så livleg som før, i alle fall ikkje om sommaren. Under hjortejakta om hausten kan det derimot enno vere stor aktivitet på setra. Det at den eine løa er bygd om til slakteplass seier sitt om at staden er ein samlingsstad for mange ivrige jegerar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bondesamfunnsavdelinga ved Institutt for samanliknande kulturforsking i Oslo: Sætrar og Sæterbruk i Noreg. Oslo 1936.
Tvinnerheim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Frå full drift til nedlegging. Volda 1997.
Endal, Hans Eirik: Upublisert manuskript om seterliv og huldrefolk og anna i Davik herad.
Tveite, Stein: Norsk landbrukshistorie 1750 - 1914: Utvalgte emner. Ås 1975.

PERMANENT IDENTIFIKATOR