Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. juni 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Garden Skjerpi



Garden Skjerpi ligg på austsida av Nærøydalen kring 4 km frå Nærøyfjorden. Det var berre eitt bruk på garden like fram til 1870-åra, men då vart garden delt i tre bruk. Garden har høge fjell i søraust, og sola er bort frå byrjinga av oktober til langt ut i mars månad. Gjennom gardsområdet renn Hallinggroa. Den er turr i lange periodar i året, men ved flaumar kan denne bli svært stor og gjera skade på åker og eng.

Ole Nilsen Skjerping (1906-1986), gardbrukar på Skjerpi, med hest og vogn.

Ole Nilsen Skjerping (1906-1986), gardbrukar på Skjerpi, med hest og vogn.

Eigar: Oddvar Skjerping, Lærdal

Datering: Kring 1950

Fotograf: Ukjend

Ein gamal gard

Namnet Skjerpi, etter gamalt Skarpr-vin, kan knytast til det magre, grusblanda jordsmonnet som er i området. Lekken vin betyr i gamalnorsk grasgang, grasslette. Til liks med dei andre gardane i dalen vart Ramsøy truleg rydda tre-fire hundreår etter Kristi fødsel. Vest for gardsområdet renn Nærøydals-elva, og i denne er det framleis både laks og aure.

Bruksdeling og folkeauke

I høgmellomalderen har det truleg butt ein familie på garden. Etter Svartedauden i 1349/50 låg garden mykje truleg aude like fram til kring 1550. I 1845 var det ein bonde og tre husmenn på garden, i alt 21 personar.

I 1850-åra utvandra brukaren og familien hans til Amerika, og ein familie frå Hardanger overtok denne garden. I åra etterpå flytte også to andre familiar frå Hardanger, Ulvik og Ullensvang, til Skjerpi. I 1900 var det 26 menneske på garden.

Produksjonen

I 1723 var avlinga 10 tønner havre, og dei hadde 10 storfe og 12 småfe, sauer og geiter. Kombinasjonen av husdyrhald og åkerbruk var tenleg, for den verdfulle husdyrgjødsla vart nytta på åkrane.

I 1845 var avlingane på gardsbruka og husmannsplassane 24 tønner bygg, 6 tønner blandkorn og 80 tønner poteter, og dei hadde 22 storfe, 54 sauer og 15 geiter. Det viktigaste husdyrproduktet var mjølk, og ho vart nytta til produksjon av ost og smør, koking av graut og anna. Etter 1900 fall korndyrkinga bort, og geitehaldet vart større. Utover på 1900-talet vart produksjonen av geitost heilt dominerande.

Innmark, utmark og stølar

I 1860-åra var innmarka kring 140 mål, og dette var langt meir enn gjennomsnittet for eit gardsbruk Berre 1/10 av innmarka vart nytta til åker, for det meste til kornåkrar. Det vanlege var at kring ¼ eller noko meir av innmarka vart nytta til åker.

På grunn av det bratte fjellpartiet i søraust, så er det små utmarksområde her på garden, og berre kring 1/7 av fôret vart henta frå utmarka. Dette gjorde at drifta vart mindre slitsam he enn den på nabogardane.

Skjerpi hadde i eldre tider, truleg før 1800, støl i Skjerpisdalen, søraust for garden, kring 900 moh. Tidleg på 1800-talet vart han i nokre år nytta av dei på garden Øvsthus på Vossestrand. Skjerpi hadde til liks med dei andre gardane i dalen stølar i Brekkedalen og på Haugane, sørvest for Nærøydalen, og dei vart nytta fram til kring 1980.

Etter 1900

Etter 1900 kom det mange turistar til Nærøyfjorden og Nærøydalen, og bøndene fekk ekstrainntekter med skyssing og anna arbeid. Bonden på Skjerpi hadde kring 1900 ansvaret for skysstasjonen i Gudvangen. Då hadde han etter visse reglar plikt til å skyssa reisande som hadde behov for det.

I 1980-åra vart det største bruket på Skjerpi selt til ein forretningsmann i Bergen. Han fortsette med gardsdrifta, med mjølkeproduksjon, og sette opp ein fabrikk for produksjon av møblar. Kring 1990 la Aurland kommune ut eit bustadfelt nord for innmarka på garden, og det vart bygt 7-8 bustadhus her.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR