Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Tystadstøylen



Tystadstøylen ligg i skoggrensa opp mot fjellet ovanfor tunet. Høgda er ca. 570 m o.h. Den høyrer til brukarane på Tystad, gard nr. 64. Sjølve stølen ligg på kanten mot Eidsdalen med flott utsikt mot fjord og bygder. Husa, 4 sel og 4 fjøs med høyloft, er fint istandstelt og delvis nokså nye.

Tystadstølen med grøn voll og velordna hus.

Tystadstølen med grøn voll og velordna hus.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Frå landevegen går det ca 3 km skogsbilveg (bomveg) og vidare 0,5 km rås opp til stølen. Eit fint utgangspunkt for turar på fjellet med mellom anna Haugsvarden. Tidlegare var det å bruke den bratte stølsråsa frå tunet opp til stølen.

Bruk av stølen

Tystadstøylen er spesielt velsigna, for der finn vi jomfru Maria sine nøklar - planten Marinøkkel. Eg har ikkje sett den på andre stølar. Dette er ei lita bregne på 5-10 cm. Den veks på fast bakke med smått gras og kan vere vanskeleg å få auge på. Her finn vi den ca 5 m ovanfor det massive steinbordet ved ein stein/bergnabb. Sjå etter den kring 15.juni - 15. juli.

Gunnar Tystad opplyser at dei på stølen hadde ca 25 mjølkekyr og nokre kviger. Dei flytta til støls kring 15. juni og heim 15. september. Dei 4 småbruka på garden sette opp sel og fjøs i 1935 og skifta om å halde budeie. Budeiene gjekk heim kvar dag etter morgonstellet og bar med seg rømme/mjølk. På ettermiddagen var det å gå opp att, finne tak i kyrne, mjølke og stelle og så grytidleg opp om morgonen og mjølke.

Stølskvia vart slegen og hesja. Noko av høyet vart nytta som tilleggsfor på stølen medan resten vart køyrt heim på slede utpå vinteren. Stølsdrifta tok slutt kring 1950-åra.

Rettssak frå 1725

På ei 'Aastedssak' "paa de tvende Gaarder Føleide og Rye udi Gloppen Skibrede" var det mellom andre saker ei klage om at "Tystads Opsiddere idelig og alltid gjør dennem stor Afbræk og Skade med deres Kvæg og Smaledrift Baade udi Risemarken og Berget ut og ind igjennem og det uden nogen Ret eller Adkomst dertil at have ---- Tystad svarede at det er Føleids og Ryes Opsiddere vel vitterlig at Tystads Opsiddere alle tider formedelst Mangel og ringe Hjemmehage som de har hos sig selv har havt deres Kreaturer om Vaar og Høst gaaende her i Føleids Marken indtil den Tid af Aaret de tilfjelds kan slippe og efterdi samme deres Fjeld eller Sætermark ikke optøe førend langt ud paa Sommeren og de imidlertid ingen anden steds har til at bjerge deres Kreaturer end her udi Føleides og Ryes tilliggende Vaarhage kaldet Risemarken og Berget hvor de fra gammel Tid ubehindret og upaaanket har gaaet ---".

I dommen vart det sagt at Tystad skulle få bruke omtala vårbeite, men "da saa snart deres Fjeld bliver aaben eller og om det kanskje til den Tid som Lovens 3. Bogs 13de Kap. 12 Art. omtaler maa de drive alle deres Kreaturer herfra og op igjennem deres egen gamle Færaag alt op til Fjeldet, men naar de kommer der har siden Kreaturene deres Frihed tilligemed andre at gaa Horn mod Horn Fjeldet ud og ind igjennem hvor dennem selv lyster ----."

Nokre fakta

Tystad, gard nr. 64, Vereide sokn, hadde 6 bruk i 1890. Det budde 46 menneske på garden i 1865. Folketalet hadde auka til 50 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 371. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR