Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gamlevegen mellom Hafslo og Marifjøra



Marifjøra var tidlegare ein sentral plass for bygdene i Jostedalen, delar av Hafslo og Gaupne. På 1800-talet hadde staden gjestgiveri, skysstasjon og landhandel. Vegen frå Hafslo gjekk høgt over det tronge Marheimsgjelet og bratt ned mot sjøen. Ut over 1800-talet auka trafikkmengda og den smale, bratte vegen vart for dårleg.

Marifjøra var tidlegare ein del av gamle Hafslo kommune. Frå gammalt av var Marifjøra ein allmenning, eit område til allmenn bruk. Her hadde folk frå andre stader i bygda naust, då dei var avhengige av fjorden som ferdselsåre. Det vart og nytta som hestebeite. Frå 1600-talet var her sagbruk. Marifjøra utvikla seg ut over 1800-talet til å bli ein livleg handelsplass med skysstasjon, gjestiveri og skjenkestove. Frå 1864 kom det postkontor her. Hit kom bønder og fiskarar, handelsmenn og driftekarar. Mot slutten av hundreåret kom også turistane.

Marifjøra var tidlegare ein del av gamle Hafslo kommune. Frå gammalt av var Marifjøra ein allmenning, eit område til allmenn bruk. Her hadde folk frå andre stader i bygda naust, då dei var avhengige av fjorden som ferdselsåre. Det vart og nytta som hestebeite. Frå 1600-talet var her sagbruk. Marifjøra utvikla seg ut over 1800-talet til å bli ein livleg handelsplass med skysstasjon, gjestiveri og skjenkestove. Frå 1864 kom det postkontor her. Hit kom bønder og fiskarar, handelsmenn og driftekarar. Mot slutten av hundreåret kom også turistane.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-100057.111162.

Datering: 1885-1888.

Fotograf: Ukjend.

På reise gjennom Sogn

Frå Hafslo gjekk det frå gammalt av ein kløvveg ned til Marifjøra. I 1823 var sorenskrivar G. P. Blom på reise i Sogn, og han skriv: "Over Hafslobygden, hvor der dog gaaer en Landevei fra Marifjæren til Sogndal, gjør man bedst i at passere til Hest." Om lag samstundes reiste biskop J. Neumann gjennom bygda og seier at vegen "er god og løber gjennem en skjøn Dal." Biskopen hadde då nettopp komme opp Gildreskreda mellom Årøy og Oklevik, eit vegparti som nok fekk Marheimsbakkane i Hafslo til å framstå som godt farande. Vegkommisjonen av 1778 seier at vegen mellom Hillestad og Marifjøra var ein 10 km lang rideveg, 3,8 m brei og delt i sju vedlikehaldsrodar. Dei meinte at vegen med tida kunne bli karjolveg. Vegen gjekk høgt oppe på sørsida av Marheimsgjelet ned Marheimsbakkane til Marifjøra.

Søknad om utbetring av vegen

I første halvdel av 1800-talet var det få lengre samanhengjande bygdevegar i fylket. Den lengste vegen var mellom Marifjøra i Hafslo til Sogndal. Alt i 1839 tok veginspektør Davidson opp spørsmålet om denne vegen ikkje burde bli hovudveg, men fylkesformannskapet la saka bort. Sogndal formannskap tok dette opp att i 1846, men fylket avslo. Kostnadene med hovudveg ville bli alt for store. I 1860 søkte Hafslo kommune om omlegging av både Marheimsbrekkene og Solvornsgalden. Den første vegbiten var kostnadsrekna til 4660 spesidalar. Men dei fekk inga løyving. Sjølv om vegen både var smal og bakkete, var det likevel råd å køyra med hest og kjerre mellom Sogndal og Marifjøra.

Trafikken aukar

Etter 1850 auka trafikken på vegane. Dei gamle vegane var ferdselsvegar for 2000 menneske i Sogndal og 3000 i Hafslo og "om Sommeren forøges Færdselen end yderligere ved en ikke ringe Konfluks af Reisende". Til saman hadde kommunane Luster, Hafslo, Sogndal og Jostedal over 11.000 innbyggjarar. Gjennomsnittleg passerte det 15.000 hestar til og frå Marifjøra. Marifjøra hadde ein marknad kalla "Fjøramarknaden" som vart halden ved mikkelsmessetider. Marknaden vart halden heilt fram til 1880-åra. Turistrafikken byrja så smått med dampskipsruter frå 1843 og Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (Fylkesbaatane)frå 1858. I 1868 hadde Marifjøra båt ein gong i veka. I 1891 var det tre anløp i veka. Marifjøra utvikla seg til ein livleg handelsstad med gjestgiveri, skysstasjon og fleire handelsmenn.

Ein dårleg vegstrekning

I 1876 vart vegen mellom Sogndal og Marifjøra klassifiserte som hovudveg, men det var nødvendig med omleggingar og utbetringar. I 1882 ba fleire av innbyggjarane i dei ulike sokna om at det vart gjort noko med vegstykket Marifjøra-Kjørlaug bru. Dei grunnga kravet mellom anna med den elendige forfatningen Marheimsbakkane var i. Hafslo, som sende 20.000 tønner poteter årleg til Bergen, måtte ofte venta på vinterføre for å frakta varene.

Også vegingeniøren var bekymra

Ingeniørløytnant Hanem skreiv i april 1882 til vegdirektøren: "Den gamle Vei der forbinder Sogndal med Marifjæren er ganske usedvanlig besværlig; den har Stigning af ligetil 1 paa 3 med uafladelige Op- og Nedtræk. (..) Kjørebredden er meget vexlende, like ned til 1,5 m, og veien er ofte saa sterkt kurvet og med saa skarpe Slyng, at den Reisende uanset Steilheden helst forlader kjøretøiet for at passere saadanna Steder tilfods." Han trekkjer fram at "Nedstigningen til Marifjæren, hvor der danner sig Issvul over Veien, der intetsteds er forsynet med Rækverk eller Stabbestene, saa man selv med stor forsigtighed og ved høilys Dag maa prise sig lykkelig ved heldig at være kommen over de mange stygge steder underveis. Ulykker baade med Folk og Heste hører da heller ikkje til Sjeldenhederne paa denne Route." I 1886-87 vart vegen mellom Kjørlaug bru og Marifjøra utbetra til 2,5 m breidd og møteplassar på 4 m.

Ei ny vegline

Ein ny vegplan mellom Sogndal-Marifjøra vart lagt fram av ingeniør Landmark i april 1891. Planen vart godkjend av vegdirektøren. Vegen var heilt ferdig i 1915. Marheimsbakkane var då borte, og vegen lagt ned i Marheimsgjelet på nordsida av elva. Ser ein på heile vegstrekninga Sogndal-Solvorn-Marifjøra-Jostedalen, starta den store omlegginga av heile vegsystemet frå 1880-90. Standarden vart betre, med breiare veg, færre stigningar og betre kurvatur. I 1905 var skjedde eit sprengingsuhell ved Osen ved utløpet av Hafslovatnet. Steinen gjekk i elva slik at vatnet vart demt opp. Dette vart ei stor sak i fylkestinget, og ingeniørane fekk skarp påtale. Det vart sagt at "ingeniører i almindelighed - undtagelser selvfølgelig fraregnet - ofte er i besiddelse af lidet praktisk skjøn "

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Kristiania 1899.
Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt, bd. 1 og 2. Kristiania 1901.
Nielsen, Yngvar: Reisehaandbog over Norge. Tiende Udgave. Christiania 1903.
Tang, Per: Hafslo. Ei orientering om Hafslo i gamal og ny tid. Leikanger 1955.
Knagenhjelm, Wibeke: Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane. Det Norske Samlaget 1990.
Ferdselsvegar i kulturlandskapet. Luster kommune Landbruks- og miljøetaten 1995.
Roterud, Henny Eikum og Svangstu, Mai: Strandstaden Marifjøra. Semesteroppgåve ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF), 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR