Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 01. september 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fire kyrkjer på Systrond i mellomalderen



Det var fire kyrkjer i Leikanger i mellomalderen. To av desse var truleg stavkyrkjer; Henjum og Hamre, medan to var steinkyrkjer; Njøs og Leikanger kyrkje. Kyrkjene var bygde før 1360.

Oversyn over Leikanger-bygda

Oversyn over Leikanger-bygda

Eigar: Marit Anita Skrede

Datering: 2007

Fotograf: Marit Anita Skrede

Private gardskyrkjer

Bergens Kalvskinn (BK) er ei jordebok frå rundt 1360 der eigedomen til alle kyrkjer og prestane i Bergen bispedøme skulle vera med. Dei fire kyrkjene på Systrond er nemnde i BK, noko som viser at dei var bygde før midten av 1300-talet. Dei fleste av kyrkjene som vart reist på gardar var truleg private gardskyrkjer i byrjinga, før dei vart soknekyrkjer i løpet av høgmellomalderen. Dette er truleg tilfelle for kyrkjene på Henjum, Njøs og Hamre. Dei vart sannsynlegvis alle bygd av stormenn på dei respektive gardane, truleg med midlar frå overskotet på garden og anna gods. Når det gjeld kyrkja på Leikanger, er det meir usikkert kven som har bygd den.

I BK står det oppført kven som betalte landskuld til dei ulike kyrkjene og kor mykje dei betalte. Landskulda var ein vanleg målestokk for verdien av jordeigedom og vart fastsett i forhold til avkastninga på garden. At ein gard betalte landskuld til ei kyrkje, viser at det var leiglendingsjord. Stort sett er landskulda gjeven opp i månadsmat (mm), men av og til ser me at skjetting og mæle er brukt som mål. Ein månadsmat var ei vareyting som svara til kosten til ein mann i ein månad. Denne ytinga svara til 1 laup smør på byrjinga av 1300-talet. 1 laup smør var 16,2 liter, 1 skjetting svara til 12,86 kg og 1 mæle var 15,5 liter.

Henjum kyrkje

Kyrkja på Henjum vart truleg bygd av storbonden der, mellom 1100 og 1300. På midten av 1300-talet åtte den jord i fire gardar: Henjum, Røysum, Halland og den til no ukjende garden i Skaganum, Skaginn. At kyrkja på Henjum eigde i dei fire gardane kan tyda på eit nært samband mellom desse – kanskje låg alle gardane under Henjum då kyrkja vart bygd? Til saman fekk kyrkja på Henjum inn 33,5 mm i landskuld, men då her ikkje var prest på den tida var det presten på Njøs som tok inntekt av jordegodset til Henjakyrkja. Etter reformasjonen, i 1544, vart kyrkja på Henjum vedteken nedlagt, og inntektene vart lagt til Korskirken i Bergen.

Njøs kyrkje

Njøs kyrkje var bygd i stein, og skal ha vore den flottaste av dei tre privatkyrkjene i bygda. Me veit likevel ikkje om dette var tilfelle allereie i den eldste fasen, eller om denne omtalen galdt seinare i mellomalderen. Den hadde berre inntekt av garden Njøs på midten av 1300-talet, men presten tok inn landskuld frå Øvre og Nedre Njøs, Kvålen, Bjørgum og Hemingswelli. Bjørgum og Hemingswelli er i dag ukjende gardar. Njøs kyrkje tok berre inn 1 mm i landskuld, medan presten på Njøs fekk inn 16,5 mm og 1 skjetting i landskuld. I tillegg tok presten her inntekt av jordegodset til Henjakyrkja, 33,5 mm. Samla ser det ut til at presten på Njøs fekk 50 mm i inntekt på midten av 1300-talet.

Me finn att kyrkja på Njøs i ei jordebok frå 1598. På denne tida tok kyrkja inntekt i tre fleire gardar enn rundt 1360. I 1667 var truleg kyrkja på Njøs nedlagt, og eigedomane var overført til Leikanger kyrkje.

Hamre kyrkje

Av BK kjem det fram at kyrkja på Hamre i tida kring 1360 har inntekt av Indre Hamre, Suppam og Rudsås. Til saman vert det 20,5 mm og 2 bøler. Prestebolet på Hamre har inntekt frå Hamre, Ytre Hamre (nedre tunet), Ytre Hamre (Øvre tunet), Frekaland, Grinde, Rudsås og Suppam, samt Eldridajord og Helgajord. Dei to sistnemnde gardane er ukjende, og det er mogleg at dette ikkje var sjølvstendige gardar, men underbruk til andre gardar, til dømes Hamre. BK viser at denne garden hadde fleire tun allereie på 1300-talet. Rudsås er truleg garden Rud. Presten på Hamre har hatt 11 mm, 4 mælar og 1 skjetting i inntekt på midten av 1300-talet. Til saman har kyrkja og presten teke inn 28,5 mm, 2 bøler, 4 mælar og 1 skjetting.

Kyrkja på Hamre er ikkje nemnt i jordeboka frå 1598, og det er sannsynleg at kyrkja vart nedlagt ein gong mellom 1563 og 1585.

Dei tre privatkyrkjene på Systrond

Dersom me ser inntektene til kvar kyrkje og presten der samla, ser me at kyrkja på Henjum hadde den største inntekta på midten av 1300-talet med 33,5 mm. Hamre kyrkje har fått inn i rundt 30 mm, medan kyrkja på Njøs berre har teke inn vel 18 mm.

At kyrkja på Njøs skal ha vore den flottaste, skulle tyda på eit høgt inntektsgrunnlag. Det er såleis noko overraskande at Njøsa-kyrkja tok inn forholdsvis lite landskuld midt på 1300-talet i forhold til dei to andre kyrkjene. Kyrkja på Henjum skulle ta inn nær dobbelt så mykje, men dette gjekk til presten på Njøs på det tidspunktet. Sjølv om inntektsgrunnlaget til Njøsakyrkja var heller lite, har presten truleg likevel vore velståande. Kan hende kan dette vera med og forklåra kvifor og korleis kyrkja på Njøs vart spesielt flott?

 

Kyrkja på Henjum åtte partar i Henjum, Røysum og Halland på 1300-talet. Som me har sett vart desse tre gardane også skifte ut samla. Det er såleis fleire kjelder som tyder på at desse gardane har ei utstrekt form for felles hopehav allereie i høgmellomalderen (1000-1350 e.Kr.).

Fysiske spor etter dei tre bortkomne kyrkjene

Det er ikkje så veldig mange fysiske spor som finst etter dei tre bortkomne kyrkjene. Der kyrkja på Henjum har stått heiter det ”Kyrkjegarden”. Her er det i fleire omgangar funne skjelett. Det største funnet vart gjort i 1947. Då vart det funne ei steinsett kiste og ei trekiste med bein i. Same året vart det også funne eit lite ufullstendig steinkross, og under dette fleire skjelettrestar. Skjeletta låg på ei 1,5 m lang og 0,75 m brei helle. Til saman vart det funne rundt 13 skjelett ved og rundt denne hella. Då biskop Neumann var på kyrkjestaden på Njøs i 1823, nemner han ein kyrkjegardsinnhegning. Tørre sumrar skal denne ha vore synleg på lang avstand fram til på 1900-talet. Han snakkar også om ein kyrkjegard rundt kyrkja, i tillegg til ein som ligg nærare stranda. I 1993 skal det ha blitt funne ubrente bein like vest for der kyrkja stod. Dei vart tolka til å vera frå gravleggingar på kyrkjegarden ved kyrkja. Det er ikkje funne restar etter gravleggingar i samband med kyrkja på Hamre, men Neumann nemner fleire steinar som kan ha avgrensa ein kyrkjegard.

Leikanger-kyrkja

Leikanger kyrkje vart truleg bygt rundt 1250. På midten av 1300-talet tok Leikanger kyrkje berre inn skatt frå Grinde, 33 mm. Kyrkja var på dette tidspunktet rundt 100 år gamal. Den unge alderen kan vera forklåringa på at kyrkja berre åtte delar av ein gard. Det er interessant å sjå at Leikanger-kyrkja åtte ein så stor del av Grinde-garden medan kyrkja på Hamre, som låg nærare, ikkje hadde eigedomsinteresser i denne garden. I fylgje BK betalte elleve gardar landskuld til presten ved Leikanger kyrkje. Presten ved denne kyrkja hadde eigedomar i store delar av bygda, samt i Vik, Feios og Fjærland. Til saman betalte desse gardane 76 mm til Leikanger-presten. Samla tok kyrkja og presten på Leikanger inn mykje meir skatt enn dei andre kyrkjene, til saman 109 mm.

Kunsthistorikaren Leif Anker hevdar på bakgrunn av dei mange store gardpartane at det er truleg at kyrkja er bygd av ein stormann på opphavsgarden Leikanger, men at det kan vera andelsbyggeri i avgrensa grad. Gardar med slike privatkyrkjer plar vera store, men då garden ikkje er nemnt i skattematrikkelen frå 1647, er det vanskeleg å vurdera storleiken. Namnet Leikanger er likevel nemnt fleire gonger i mellomalderen, utan at det ser ut til å vera knytt direkte til kyrkjestaden. Namnet til nabogarden i vest, Husabø, er ofte sett i samband med prestegarden. Soknekyrkja på Leikanger vart altså truleg stadbestemt av kongen sine menn i bygda. At Leikanger-kyrkja ligg sentralt i bygda på ein liten gard, er også indikasjonar på dette. Dette viser at denne kyrkja stod i ei særstilling, og det er ikkje sannsynleg at det var nært samband mellom gardane som skatta til denne kyrkja på den same måten som me har sett når det gjeld dei tre privatkyrkjene.

Frå jordeboka i 1598 går det fram at presten ved Leikanger-kyrkja då fekk inntekt frå 33 gardpartar, dei fleste i midtre Sogn. På denne tida fekk kyrkja partar i åtte gardar, mot berre Grinde på midten av 1300-talet. Grinde var enno ein viktig inntektsbasis for kyrkja. Etter om lag 1667 overtok kyrkja eigedomane til Njøsa-kyrkja.

Fire mellomalderkyrkjer på Systrond

Alle dei fire kyrkjene i bygda kravde inn landskuld frå gardane dei var deleigarar av. I tillegg fylgde eigedom med presteembetet. Dette var likevel ikkje tilfelle for presten på Henjum i fyrste halvdel av 1300-talet, sidan kyrkja på Henjum då var utan prest. Kyrkjene og prestane på Hamre, Henjum og Njøs åtte stort sett gardar i geografisk nærleik, noko som tyder på eit felles hopehav mellom desse gardane. Presten ved kyrkja på Leikanger åtte gardpartar i heile bygda, i tillegg til nabosokna. Dette viser truleg til ein kvalitativ skilnad mellom kyrkjene sin status frå fyrst av, sjølv om alle kyrkjene vart omtala som soknekyrkjer i BK i fyrstninga av 1300-talet.

Denne artikkelen er eit utdrag av ein større artikkel som vart publisert i det lokalhistoriske bladet Systrendingen i 2007: ”Alder og status til gardane på Systrond”. Hovudartikkelen er delt i seks nettartiklar. Den raude tråden er at Leikanger-bygda har hatt mange store og rike gardar langt tilbake i førhistoria, samt at bygda truleg kan delast i fem opphavlege ressursområde. For å få heile samanhengen bør alle nettartiklane lesast.

 

kjelder:

Bergens Kalvskinn
NG XII, 135
DN IX 96, DN VII 115, DN IX, 793
Anker, L. Stokk eller stein? Kirker, byggemåter og mulige byggherrer i indre Sogn om lag 1130-1350 belyst ved et utvalg kirker fra perioden. 2000
Buckholm, M.B.: Nedlagte kirker og kirkesteder i Hordaland og Sogn og Fjordane. Hvilke kirkesteder ble nedlagt, når og hvorfor? I Arkeologiske avhandlinger og rapporter fra Universitetet i Bergen 1. 1998
Eggum, T.: Leikanger kyrkje frå mellomalderen til i dag. 1999
Neumann, J. Bemærkninger paa en Reise i Sogn og Søndfjord 1823. Budstikken – Et Ugeblad af statistisk – oekonomisk og historisk Innhold. Femte aargang. 1824.
Slomann, W. Rapport om ettergravning på Henjum, Leikanger s. og p. Sogn og Fjordane, gnr. 17 bnr. 24. 1947. Topografisk arkiv v/ Bergen Museum.
Tryti, A. E. Bergen som sentrum i bispedømmet. By og land i middelalderen. Onsdagskvelder i Bryggens Museum – IX, s. 23-43 (Red. I. Øye) 1994

PERMANENT IDENTIFIKATOR