Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. juli 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fotograf Samson Brathole



Samson Brathole frå Dale i Luster fatta tidleg interesse for fotografering, og reiste som 25-åring til Bergen for å utdanne seg innanfor feltet. I løpet av karrieren dreiv Brathole firma i både Arendal og Bergen i tillegg til at han fotograferte mykje i heimkommunen Luster.

Brathole vaks opp på garden Løvolden, også kalla Løslette, på Dale i Luster. Biletet er handkolorert. Kolorering og retusjering av bilete var oppgåver Brathole jobba mykje med i løpet av karrieren som fotograf.

Brathole vaks opp på garden Løvolden, også kalla Løslette, på Dale i Luster. Biletet er handkolorert. Kolorering og retusjering av bilete var oppgåver Brathole jobba mykje med i løpet av karrieren som fotograf.

Eigar: Hans Lavoll.

Datering: Ca 1920-1950.

Fotograf: Samson Brathole.

Familiebakgrunn

Samson Brathole, også kalla Sam, vart fødd i Luster i 1884, som son av dei to tilflytta vossingane Ole Brathole og Ingeborg Sausjord. Ole og Ingeborg hadde flytta til Luster kring 1868 i samband med at Ole hadde fått seg jobb som kyrkjesongar, klokkar og lærar på Dale. Samson var den yngste av i alt ni born.

Læretid og verksemdsdrift i Arendal

Kring 1910 reiste Samson Brathole til Bergen for å gå i lære som fotograf. Samson var då 25 år. Kvar Brathole gjekk i lære dei fyrste åra i Bergen veit vi ikkje sikkert, men i løpet av denne perioden må han ha blitt kjend med fotografen Selmer Malvin Nordland (1875-1931).

I 1912 overtok nemleg Norland og Brathole fotograffirmaet "H. P. Nielsen og Søn" i Arendal. Firmaet dreiv dei heilt fram til 1923, då nye eigarar overtok. I løpet av denne perioden avla Samson Brathole både svenneprøve og handverksprøve. Svennebrevet fekk han i 1918, og handverksbrevet fire år seinare, i 1922. Begge desse to dokumenta er utstedt i Bergen, noko som tyder på at Brathole ikkje berre heldt seg i Arendal i perioden 1912-1922. Læremeisteren hans, Selmer Norland, var ein allsidig forretningsmann som dreiv fotobutikkar i fleire norske byar samstundes.

Attende til Bergen: Kompaniskapet "Fotograf Skagen og Co."

I 1923 flytta Brathole attende til Bergen, og 27. oktober same året skipa han firmaet "Fotograf Skagen og Co." i lag med Alfred Skagen. Dei to fotografane dreiv firmaet resten av sine yrkesaktive liv. "Fotograf Skagen og Co." heldt til i Strandgaten 60, og tok på seg alt frå portrett- til reklamefotografering.

Fremst blant arbeidsoppgåvene til Brathole var retusjering og handkolorering av bileta som firmaet produserte. Brathole jobba altså helst med etterarbeid av bileta, noko han i følgje Hans Bjørn Skagen, son av Alfred Skagen, var særs flink til. I tillegg til desse oppgåvene, hadde Brathole eit særleg ansvar for oppdragsfotografering for kunstmålarar. Brathole portrettfotograferte kunstnarane sine modellar, slik at målaren stod fritt til å jobbe med portrettmåleria sine også når den portretterte sjølv ikkje kunne sitje modell. Brathole tok mellom anna slike portrettbilete for kunstmålaren Hjørdis Landmark, syster til den kjende bergensarkitekten Ole Landmark.

Også frå media kom det oppdrag. Brathole vart ofte tilkalla av Bergens Tidende for å ta bilete av aktuelle hendingar i tida før avisa fekk eigne pressefotografar, minnest døtrene hans. Det var særskilt i tida før andre verdskrigen at Brathole tok denne typen oppdrag.

I 1925 gifta Samson Brathole seg med Solveig Sandahl frå Bergen. Dei fekk to jenter, Ingebjørg og Ellen Betty. Samson Brathole døydde i Bergen i 1960.

Portrettfotografering i Luster

Samson var heile livet sterkt knytt til Luster. Fotoatelieret i Strandgaten 60 låg eit steinkast unna Strandkaien. Brathole tok ofte turen ned til kaien når Fylkesbaatane kom for å sjå om han såg kjentfolk, fortel Hans Lavoll. Heimbygda vitja han dessutan kvar sommar.

På ferieturane heim fotograferte Brathole mykje både til privat bruk og på oppdrag frå bygdefolket i heimkommunen. Fleire av desse bileta er bevart. I 1979 fekk De Heibergske Samlingar - Sogn Folkemuseum ei samling glasplater i gåve frå Olav H. Lavoll, systersonen til Samson. Glasplatene hadde Ellen Betty Brathole funne då ho rydda i familien sin feriebustad i Luster.

Glasplatesamlinga er datert til ca. 1910-1940, og inneheld 456 glasplatenegativ. Glasplatene fortel oss at det helst var personbilete Brathole tok. Her finn vi både portrett og gruppebilete av familiar, skuleklassar og ulike lag og organisasjonar. Blant motiva er også bygningar og gardar i kommunen, inkludert fleire bilete frå Lyster sanatorium.

kjelder:

Bonge, Susanne (1980), Eldre Norske Fotografer: Fotografer og amatørfotografer i Noreg fram til 1920, Bergen: Universitetsbiblioteket i Bergen
Øyane, Lars E. (1986), Gards- og ættesoge for Luster kommune, Band II, Dale 1 Sokn, Luster kommune

Munnleg informasjon frå: Ellen Betty Brathole, Hans Lavoll og Hans Bjørn Skagen.

Skriftleg informasjon frå Aage Engesæter, DHS - Sogn Folkemuseum, og Ellen Betty Brathole.

Fotosamlinga SFFf-100114.

PERMANENT IDENTIFIKATOR