Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vikøyri



Vikøyri er namnet på området mellom elvane Vikja og Hopra i Vik. Her budde det mykje folk på eit lite område. Folka vart kalla strandsitjarar.

Oversiktsbilete av strandsitjarstaden Vikøyri, med elva Vikja i framgrunnen. Midt på biletet bedehuset, mot høgre Frelsesarme-bygget Ebenezer og garveriet. Lengst bak garden Hamnen.

Oversiktsbilete av strandsitjarstaden Vikøyri, med elva Vikja i framgrunnen. Midt på biletet bedehuset, mot høgre Frelsesarme-bygget Ebenezer og garveriet. Lengst bak garden Hamnen.

Eigar: Vik Lokalhistoriske Arkiv.

Datering: 1900-1920.

Fotograf: Gerhard Einan, Sogndal.

Namnet Vikøyri

Stundom vert namnet Vikøyri nytta som namn på heile bygda, men vikjene gjer ikkje det sjølve. I daglegtale seier vikjene berre Øyri. Området aust for elva Vikja heiter Vetløyri eller Seimsøyri. Namnet Seimsøyri kjem av at gardane på Seim åtte området. Sistelekken, - øyr, er området der ei elv renn ut i sjøen eller fjorden.
Vikøyri har ei soge som skil seg ut frå resten av bygda. Jordbruket har vore den viktigaste næringsvegen i Vik, og storparten av folket budde på gardar eller husmannsplassar. Men dei som budde på Vikøyri, var i ein liten landsby og hadde ikkje åker og eng rundt husa sine som dei kunne livberga seg av.

Strandsitjarstad

Det var vanleg med tettstader kring bergverk, jernverk og annan industri, eller ved kysten på grunn av skipsfart eller fiske. Ein så stor tettstad i ei jordbruksbygd er ikkje vanleg, men me finn det same i Sogndal og Lærdal. Alle tre stadene vart kalla strandsitjarstader eller strandstader.
Vikøyri byrja å utvikla seg til ein tettstad frå 1600-talet. Fyrste gong me høyrer om folk på Vikøyri er i ei skatteliste frå 1611. Då budde der to husmenn. I ei skatteliste frå 1645 er 14 strandsitjarar nemnde. Etterkvart som folketalet steig i Vik, vart det fleire som slo seg ned på Vikøyri. I 1801 budde det 262 menneske der, i 1900: 464 og 1960: 549. Etter 1960 har folketalet gått sterkt ned.

Budde billeg

Dei fyrste som slo seg ned på denne flata langs strandkanten, var fattigfolk. Dei fekk gratis tomt eller svært billeg tomt, gjerne med arbeidsplikt hjå eigaren som betaling. Ein typisk strandsitjar livberga seg ved å arbeida kringom på gardane i bygda, leigde ein liten åkerflekk, hadde nokre få sauer i kjellaren og fiska litt til matauk. Men mange levde og av å vera handverkarar - snekkarar, smedar, skomakarar, blekkenslagarar og andre. Men mange måtte ha hjelp frå det offentlege for å livberga seg.

Ivar Sjursen Bø

Ivar Sjursen Bø (1839-1925) illustrerer godt den typiske innbyggjaren på Vikøyri. Han var fødd utanfor ekteskap i Bø i Vik. Han gifte seg i 1864 med husmannsdottera Anna Kristensdtr. Hopperstad.
Dei budde fyrste åra etter giftarmålet hjå foreldra til Anna på Hopperstad. Ivar livnærte seg då ved å arbeida kringom på gardane i Vik. Etter å ha budd tre-fire år på Hopperstad, flytta Anna og Ivar med borna ned på Vikøyri. Dei fekk kjøpa seg eit hus. Ivar byrja som handelsmann. Han kjøpte ost, smør, griser og anna hjå bøndene og selde vidare. Ivar reiste mange turar til Bergen med varer. Dei fleste av borna til Ivar og Anna slo seg ned på Vikøyri som handverkarar. To av borna vart skomakarar og ein vart skreddar.

Tett busetnad

Husa på Vikøyri sto svært tett, det var ofte berre ein smal passasje mellom husa, eit hammarslag. I slike tettstader var brannfaren stor, og det har då og vore to storbrannar på Vikøyri, i 1838 og 1922.
Mange av husa er i dag feriebustader, ei utvikling som kommunen mislikar. Det er og få barnefamiliar att på Vikøyri, og høvesvis mange eldre. Handverkarane har og forsvunne.

Naustrekkja borte

Det er lite att av naustrekkja som strekte seg frå forretningane langs hovudgata heilt til elva. Denne rekkja hadde tidlegare direkte kontakt til fjorden, men vegen til Vangsnes vart lagd framfor naustrekkja rett etter krigen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Engesæter, Aage: Vikøyri fram til om lag 1900, i serien Lokalhistorisk undervisningsstoff frå Sogn og Fjordane distriktshøgskule. Sogndal 1979.
Sæbø, Arne Inge: Handel i Vik. Vik i Sogn 1997.
Hoprekstad, Olav: Bygdabok for Vik i Sogn, bind I, s. 9-51. Bergen 1951.

PERMANENT IDENTIFIKATOR