Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. april 2010

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Grønlands apostel - ektepar frå Sogn og Fjordane med i 1721



Hans Egede - Grønlands apostel - reiste frå Bergen i 1721. Ekspedisjonen bestod av tre skip. Det eine hadde namnet "Haabet". Med i følgjet var to personar frå Sogn og Fjordane: Ekteparet Bendix Kolbeinsson frå Sunnfjord og Anna Steffensdotter frå garden Indre Hundeide i seinare Eid kommune.

<p>Hans Egede p&aring; frimerke. Postverket gav i 1986 ut minnefrimerke i h&oslash;ve at det&nbsp; var 300 &aring;r sidan Hans Egede vart f&oslash;dd.</p>

Hans Egede på frimerke. Postverket gav i 1986 ut minnefrimerke i høve at det  var 300 år sidan Hans Egede vart fødd.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1986

Fotograf: Faksimile

Om Hans Egede i biografisk leksikon (utdrag)
 

 Hans Poulsen Egede, 1686-1758, prest, misjonær, biskop, "Grønlands apostel". Født 21.1.1686 på Harstad gård i Trondenes (nå Harstad), Troms. Foreldre: Sorenskriver Poul Hansen Egede (1648-1706) og Kirsten Jensdatter Hind (1656-1724). Gift 1) 1707 med Gertrud Nielsdatter Rasch (ca 1673-12.12.1735), datter av lensmann Niels Rasch og Nille Nielsdatter, 2) 20.9.1739 med Mattea Trane f. Dau (januar 1690-22.10.1761). Død 5.11.1758 i Stubbekøbing, Danmark.

Hans Egede drog 1721 som den første misjonær i nyere tid til Grønland, og bygde under sitt 15 år lange opphold der ut misjonen blant inuitene, la grunnlaget for handelsvirksomheten med grønlandske varer og den nye danske koloniseringen, og drev vitenskapelige studier av land og folk.

Norrøn busetjing
Den norskfødde islendingen Eirik Raude oppdaga Grønland år 982. Han kom over spor etter eskimoar. Tre år seinare reiste han med 25 skip med folk og husdyr for å busetja seg i det nye landet. Andre følgde snart etter og busetnaden auka. På det meste var det truleg over 3000 menneske av norrønt opphav, og Grønland var ei tid eige bispesete. Men Grønlands-samfunnet var ikkje liv laga. Etter alt å døma var det ingen att kring 1520-1540. Då den engelske sjøfararen Frobisher kom til Grønland i 1578, fann han ingen av norrønt opphav der han var framom.

Tanken om å dra til Grønland
Hans Egede fortel sjølv om korleis det bar til at han byrja å tenkja på om det kunne vera etterkomarar av dei første norrøne bureisarane på Grønland. Ein kveld i tussmørket då han gjekk for seg sjølv, kom han til å tenkja på at han hadde lese i Peder Claussøn (død 1614) sitt verk Norgis Beskrifelse - også om kristne folk og kyrkjer og kloster på Grønland, men at fangstfolk som hadde fare dit, ikkje hadde sett noko til dei. Egede fekk då trong til å reisa til Grønland for å undersøkja nærare.

"Anno 1708 in Octobr: (…) der ieg en Afftens Tid i Tudtzmørchet gick for mig selfv, faldt det mig ind, at ieg en Gang for lang Tid siden hafvde læst udij Norgis Beskrifelse ochsaa om Grønland, at der samme steds vare Christne sampt Kircker og Klostere etc., men af dem, som faret derhen paa Hval Fangsten, intet af saadant har kundet erfare, hvor ieg fich Begierlighed at viide, hvormed nu i denne Tid motte vare beskaffet."

Ekspedisjonen i 1721
Året 1721 la tre skip ut frå Bergen. Kjeldene er ikkje heilt samstemde om kor mange som var med. Ein stad står det 46 - familien Egede (6), 10 sjøfolk og hjelparar og 30 soldatar. Ei anna kjelde oppgjer at ekspedisjonen bestod av nærare 60 personar. Ekteparet Bendix Kolbeinsson og Anna Steffensdotter Indre-Hundeide var med. Dei kom frå Sogn og Fjordane, men budde etter alt å døma i Bergen. Nedanfor følgjer to utskrifter frå to kjelder med opplysningar om ekteparet.

Bygdebok
Bygdebokskrivaren Jakob Aaland har eit avsnitt i Nordfjord. Fraa eldre dagar til no. (Eid-Hornindalen. (1909). Her er avsnittet omskrive til rettskriving 2009 og utan forkortingar.

I 1726 vart det teke prov på tinget om at ei kvinna, Anna Steffensdotter, som var død paa Grønland, var fødd på Indre Hundeide. Foreldra hennar var Steffen Hansson og Magdeli Olsdotter Indre Hundeide. Ho reiste heimanfrå til Bergen. Her vart ho kjend og gift med ein mann frå Sunnfjord. Han heitte Bendix. Dei drog begge to til Grønland, der ho døydde utan born. Næraste arvingane hennar var Steffen Hansson Eide og Magdeli Steffensdotter gift med Mikkel Røberg (søsken) og Jon Rasmusson Indre-Hundeide og Maritte Rasmusdotter (halvsøsken). Truleg har Anne Steffensdotter drege til Grønland med Hans Egede.

Avisartikkel
I 1936 stod det eit stykke om ekteparet Bendix Kolbeinsson og Anna Steffensdotter i Fjordenes Tidende, Måløy. Stykket er teke frå kyrkjelydsbladet Helg og Høitid, og forfattaren er P.M. Guddal. Han har heilt tydeleg brukt Aaland som kjelde, men Guddal har meir enn Aaland, utan å opplysa om korkje Aaland eller andre kjelder. Han brukar Anne og Ane om ein annan.

(..) Anne var av gode solide bondefolk, og ei som tok seg godt fram både heime og ute. Som ung gjenta drog ho heimanfrå og fór til Bergen - truleg i ei slags tenesta. Her vart ho kjend med ein sunnfjording som heitte Bendix. Med han vart ho gift og slo seg ned i byen.

Då Pietisma [merknad 1] med sitt friske, varme vekkjingsliv gjorde sitt kraftige innslag i folket vårt - og mange både i by og bygd vart rivne med, - er det fleire ting som tyder på at Anne Hundeide og vart rivi med i det nye straumdraget. På ein eller annan måte hev ho i denne tidi kome i kontakt med prestefolket, Hans Egede - i Bergen; og då dei står reiseklar å fara til Grønland, vert ho Ane med på ferdi. Misjonskallet hev vel drege og lokka på henne. Og Egede sjølv såg vel i denne energiske kvinna ei god støtte for kona si, Gjertrud - som allstødt hadde bore imot denne ferdi [merknad 2]. I 1721 ber det soleis avstad, og ho Anne tek mannen sin med.

På Grønland tek ho so ivrig del i alt forfallande arbeide både innan- og utanfor presteheimen. Og då ho var barnlaus, fekk ho soleis rikare høve til meire heilt gå opp i dei ymse opgåver som måtte møte i dei framande primitive tilhøve. Alt tyder på at Anne må ha vore ei motig og uredd kvinna - meddi ho kunde våga seg inn i dette eventyret.

Men det hardføre klima og dei elles uvande forholdi hev truleg teke på henne. 5 år etter, i 1726 [sic. dødsåret er 1724], slokna ho og fekk si kvild i Grønlands frosne jord. Mannen hennar hev truleg overlevt henne, elles fretter vi ingen ting om han meir. [merknad 3] (..)

Merknad 1:
Pietismen er namnet på ei vekkjingsrørsle som voks fram i dei evangelisk-lutherske kyrkjesamfunna på slutten av 1600-talet. Kom til Danmark-Noreg under Fredrik IV først på 1700-talet. Praktisk kristendom var eit trekk ved pietismen.

Merknad 2:
Kona Gjertrud var skeptisk til ektefellen sine planar om å reisa til Grønland i førstninga, men ikkje heile tida.'

Merknad 3:
Det gjer vi. Det finst eit Bendix Kolbeinson-spor i bokverket Nordmænd paa Grønland (sjå nedanfor). I kapitlet ”Andre Norske” står det på s. 871: ”Endvidere optræder (..) Colbein Colbeinsen (muligens en ætling af den paa Hans Egedes tid i Godthaab ansatte Bendix Kolbeinsøn, viss namn også findes stavet med C”). Det kan altså tenkjast at Bendix  Kolbeinson, som vart enkjemann på Grønland i 1724, gifte seg om att og fekk etterkomarar.
 

Bokverket Nordmænd paa Grønland 1721-1814
Standardverket til H. Ostermann: Nordmænd paa Grønland 1721-1814, kom ut i 1940. Det består av to bind på i alt 1078 sider og omfattar over 1000 personar. Alle er ikkje med, og nokre er berre nemnde med namn og nokre få opplysningar.

Både Bendix Colbeinsson og Anna Steffensdotter er nemnde. I eit oversyn over ”landfolck” som reiste med skipet ”Haabet” i 1721, står begge nemnde: ”desuden egteparret Bendix Kolbeinssøn og Anne Stephensdatter.” Vidare står det at Anne, ”Bendix Kolbeinssøns kone” døydde 13. august 1724.

Oppsummering - Anna Steffensdotter
Anna Steffensdotter frå garden Indre Hundeide, Eid kommune, Nordfjord, var med i ekspedisjonen til Hans Egede frå Bergen i 1721. Ho budde då etter alt å døma i Bergen. Ho var gift med Bendix Kolbeinsson. Ekteparet hadde ikkje born. Anna Steffensdotter døydde 13. august 1724 på Grønland. Vi kjenner ikkje til spor etter Anna Steffensdotter i tradisjon på/frå garden ho kom frå eller i skriftlege kjelder utanom det som går fram hjå Aaland (sjå ovanfor).

Oppsummering - Bendix Kolbeinsson
Bendix Kolbeinsson var frå ”Sunnfjord”. Det er den næraste adressa vi kjenner til. Han var med i ekspedisjonen til Hans Egede frå Bergen i 1721. Han budde då etter alt å døma i Bergen. Bendix Kolbeinsson var gift med Anna Steffensdotter, fødd på garden Indre Hundeide i Eid kommune (2010). Han vart enkjemann 13. august 1724. Bendix kan ha gifta seg om att og fått etterkomarar. Ostermann (1904) har med ein ”Colbein Colbeinsen” og nemner at denne ”muligens” kan vera ein slektning etter ”Bendix Kolbeinssøn”

kjelder:

Norsk Biografisk leksikon, bind 2, Oslo 2000.
Norsk biografisk leksikon. 1926. Nyutgåve.
Osterman, H.: Nordmænd paa Grønland 1721-1814. Gyldendal norsk forlag 1904.
Fjordenes Tidende, 13.02.1936
Aaland, Jakob: Nordfjord. Fraa eldre dagar til no. (Eid-Hornindalen. (1909).