Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Spor etter gruvedrift på Svanøy


Frå kaien i Svanøybukt går ein grusveg austover til Nordneset. Ved siste huset held vegen fram som sti eller traktorveg. Ei rusta jernstang står i vegkanten, og eit skilt med varslet: FARLIGE GRUVEÅPNINGER. Terrenget er tilvakse med furu. I området gøymer det seg spor etter gruvedrift i eldre tid.

Utsnitt av kart frå 1865. På kartet er her merka av 1) kisgruveområde på Nordneset, 2) kisgruveområde ved Kvalstad, og 3) klebersteinbrot ved Stryvatnet.

Utsnitt av kart frå 1865. På kartet er her merka av 1) kisgruveområde på Nordneset, 2) kisgruveområde ved Kvalstad, og 3) klebersteinbrot ved Stryvatnet.

Eigar: Originalkart, Statens Kartverk.

Datering: 1865.

Fotograf: Fotograf:

Berggrunnen - kismineral fleire stader

Kis (tysk: Kies) er eit mineral i kjemiske samanbindingar med visse metall. Kisminerala er skøyre, har metallglans, og lys farge som gjev mørk strek. På Nordneset, nordaust på Svanøy, finst eit lag av koparfattig svovelkis, og på sørsida ved foten av Storåsen finst svovelkis, magnetkis og litt koparkis.

Folk har fleire gonger prøvd å gjera forretning på Svanøy-kisen.

Periodevis drift i ein 80 årsperiode

Eva Skomsøe Svanøe har samla tilfang om gruvedrifta og skrive ein artikkel i Flora historielag sitt årsskrift 2003.

Det starta i 1860-åra med at Christopher Svanøe gjekk i gang med prøvedrift og heldt på i 18 månader.

I 1880-åra starta eit lite bergensfirma opp på ny. Dei heldt på i fire år med frå 12 til 25 arbeidarar. (Amund Helland opplyser i si bok Topografisk-statistisk beskrivelse. Nordre Bergenhus Amt, 1901. at det i 1883 vart vunne ut 2000 tonn med 40 % svovel og 3 % kopar.)

Den siste perioden, frå 1905 til 1920, kan oppsummerast i fylgjande punkt: a) fleire interessentar fylgde etter kvarandre, b) meir bruk av fagekspertise og eit monaleg større omfang på drifta, - nyanlegg (bane og bygningar), og betre utstyr, c) større arbeidsstyrke, - opp mot 100 på det meste, d) drift på nye stader, - t.d. Kvalstad sør på øya, og e) optimisme i starten og tidvis gode år, før pessimisme mot slutten og nedlegging.

Carl I. Christensen starta den siste kisgruve-perioden i 1905. Han satsa stort og heldt på til 1907 då engelskmannen H. Tideman fekk opsjonskontrakt på gruvene. Han heldt fram med å byggja ut, men måtte slutta etter to år då han gjekk konkurs.

Ein ny interessent kom inn straks etter, skipsmeklar Fridjov Sundt frå Bergen. Han tilsette bergingeniør A.O. Backe som driftsstyrar, og etter han ingeniør Breittholz i 1910.

No fylgde ein glansperiode, og i 1915 gjorde skipsmeklar Sundt verksemda om til aksjeselskap. Det nye selskapet hadde god tru på verksemda. Rekneskapa synte pene overskot i 1915 og 1916. Det vart kjøpt inn ein 200 hk dieselmotor som skaffa elektrisk straum til heile drifta, og jamvel sett av midlar til sosiale tiltak, - 5000 kr. til ei trygdeordning for arbeidarane og 4000 kr til fattigstellet.

Likevel, trass fleire gode år prega av optimisme og framgang, kom i 1917 eit brått omskifte til det verre, og etter underskot i 1917 og 1918, vart drifta stogga i 1919.

Spor i terrenget

I 2004, vel 80 år etterpå, finst det framleis synlege spor i landskapet etter kisgruvedrifta fleire stader på øya. Me skal her sjå litt nærare på gruveområdet på Nordneset.

Varselskiltet attmed stien inn til gruveområdet vekkjer undring. Kva finst att i landskapet etter gruvedrifta?

Ved ei bratt åsside ragar ein enorm betongkonstruksjon minst ti meter i veret. Inn til eine sida ligg svære mengder tilkøyrt stein. Gruvearbeidarane sprengde ut den kishaldige steinen i gruvegangane, transporterte den fram til knuseverket, og vidare på bane til utskipingskaia i Svanøybukt. I nærleiken av tårnet stod fleire bygningar. Grunnmurar og trapper er enno synlege. Her er fleire gruveholer, men no attfylte og avsperra med høge og solide gjerde.

Interessant kulturlandskap

Heile området er gruvehistorisk interessant og spennande, - eit gruve-landskap med fleire element. Når det gjeld vern og vedlikehald, og informasjon, vart det frå ein besøkande anno 2004 nemnt tre ting:
a) Det ville vore bra om plast og anna skrot i gruveholene frå det siste tiåret, kunne vorte teke bort.
b) Det er synd at steinhaugen ved knuseverket er skamfaren ved store uttak no heilt nyleg. Eit viktig element i det samla gruve-historiske landskapet er dermed sterkt skadd.
c) Kva med noko informasjon i terrenget?

Kleberstein

Det finst kleberstein ved Stryvatnet, og spor etter utvinning. Kleberstein vart alt i førhistorisk tid nytta som råemne for kokekar, søkke til fiskereiskap o.a. og seinare i bygningar. Sokneprest og biskop Hans Arentz (1731-1793) fortel i sin "Beskrivelse over Søndfjord", 1785, at etter storbrannen i Bergen 1756 vart det ført fleire jektelaster til Bergen. Det det finst Svanøy-kleberstein både i Nykirken og Tollboden. Klebersteinbrotet ved Stryvatnet var i bruk til slutten av 1800-talet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Svanøe, Eva Skomsøe: Svanø Gruber. I Flora-minne. Flora Historielag, årsskrift 2003.
Stavang, Harald J.: Flora. Kulturhistorisk vegvisar. Selja forlag 1999. Helland, Amund: Topografisk - statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Del 1. Kristiania 1901.
Arentz, Hans: Søndfjord - ufruktbare Klipper og Bjergetroldets Boliger 1785. Utdrag, Ragnar Bull (red.) 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR