Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. mars 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Stølen Langhuso i Undredalsdalen



Gardane Undredal og Hjøllo ligg nær kvarandre på vestsida av Aurlandsfjorden kring 5 km sør for innløpet til Nærøyfjorden. Hjøllo ligg på ein terasse kring 100 moh. på austsida av Undredalselva. Kring 1900 var det 14 bruk på gardane, og innmarka var berre kring 500 mål. Utmarkene og stølane var difor viktige.

Gamalt stølshus på Melhus. Denne stølen ligg kring 2 km sørvest for Undredal, og her var det på det meste 12-14 stølshus.

Gamalt stølshus på Melhus. Denne stølen ligg kring 2 km sørvest for Undredal, og her var det på det meste 12-14 stølshus.

Eigar: Åsmund Ohnstad

Datering: 2002

Fotograf: Åsmund Ohnstad

Fleire stølar
Då gardsdrifta var på det mest intensive, vart åtte-ni stølar brukte. Sju av stølane ligg i Undredalsdalen og i fjellsida på vestsida av dalen. To stølar ligg i to sidedalar til hovuddalføret, i Jonadalen og i Nisedalen. Den første stølen dei tok i bruk om våren var Melhus, kring 140 moh. og 2 km sør for gardstunet. Dei pla koma hit i midten eller i slutten av mai månad.

Langhuso
Når beita å minka på vårstølen, flytte dei til Langhuso. Denne stølen ligg i dalbotnen, vel 300 moh., 6 km sør for gardstunet. Det var kløvjaveg fram hit, men rett før andre verdskrigen laga dei køyreveg, nær 2 meter brei, slik at dei kunne nytta traktor til støls. I 1986 vart det bygt ein moderne bilveg frå Undredal til Langhuso og nokre hundre meter vidare framover til den nye E16. På Langhuso er det i alt 10-12 sel, eit par hytter og 10-12 gamle tufter.

Langhuso er dativ fleirtal av langhus, og namnet betyr då dei lange husa. Lengst mot nord, oppå ei flate i skogkanten, ligg ei stor tuft. Denne tufta er 6 x 12 meter stor, og huset har vore avdelt i midten. Denne tufta går tilbake til tida før Svartedauden, truleg til 12- eller 1300-talet. Andre slike gamle tufter er ikkje kjende, men dei kan vera nedbygde (nyare hus bygde oppå dei), eller elveflaumar kan ha viska vekk spor etter dei.

Flytting mellom stølar
I eldre tider skulle dei vera komne til Langhuso til syftesok, 2. juli. Då vart det servert god mat, og det var leik og dans på stølsvollen. Fram til denne tid hadde tenestejentene vore på stølen, men no skulle gardkjeringane og ungane ta over.
Etter kring tre veker på Langhuso bar det vidare til fjellstølane, Jonadalen, Nisedalen eller Grindafletene, lenger vest og sør i fjellet.
I byrjinga av september kom dei tilbake til Langhuso og var her fram til Mikkelsmesse, 27. september. I seinare år har dei ikkje nytta fjellstølane, og bruken av Langhuso har endra seg.

Smør og ost
Før 1900 hadde kvar bonde gjerne 6-7 kyr. Då laga dei mykje smør på stølen. Dei tok fløyten av mjølka, og i ei kinne, ein treholk, rørte dei fløyten rundt med ein stav til han vart til smør. Den mjølka som fløyten var teken vekk frå, kokte dei ost av. Denne osten vart magrare enn geitosten og den vanlege brunosten, og dei kalla han for rendebrimost. Denne vart for det meste nytta heime på garden.

På heile 1900-talet produserte dei mykje geitost på Langhuso. Det var vanleg at ein bonde hadde kring 50 geiter og 4-5 kyr, men dyretalet varierte mykje frå dei små bruka til dei store. På det meste var det 14-15 bønder og småbrukarar som nytta Langhuso. Noko av kyremjølka vart nytta til drikke og anna, og resten vart blanda med geitemjølka og brukt i geitostproduksjonen.

Moderne stølsanlegg
I 2003 opna tre bønder i Undredal eit nytt stølsanlegg på Melhus. Kring 250 geiter er ei tid på Melhus og ei tid på Langhuso, men all ysting føregår på Melhus. Mattilsynet set i dag svært strenge krav til hygiene og produksjonslokale. Etter mange søknader og mykje strev fekk bøndene høve til å produsera ost av upasteurisert mjølk, slik som dei alltid hadde gjort. Geitosten, både brunosten og kvitosten, frå Undredal har eit godt ry på seg, og bøndene sel varene sine utan vanskar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Åsmund Ohnstad: Manus til gardssoge for Undredal og Nærøy. 2006
Anders Ohnstad: Bygdebok for Aurland. bd.1. 1960

PERMANENT IDENTIFIKATOR