Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Steigastølen



Steigastølen, som ligg rett under Ølnesstølen og like ved Bergastølen, var støl til gardsbruket Steig. På stølen vart det separert og kinna smør medan kalvane fekk skummamjølka. Lars Steig dyrka opp 8,5 dekar jord attmed stølen. Her slo dei og køyrde høyet heim om vinteren. Stølen var i drift til 1979. Dei to sela står framleis og vert no nytta til fritidsbruk.

Steigastølen med Hafslovatnet og Hafslobygda i bakgrunnen. Nyaselet, bygt i 1940, til venstre, og det monaleg mindre Gamlaselet. Til høgre i biletet syner litt av den oppdyrka slåtteteigen, <i>slåttegjerdet.</i> Teigen har namnet Strandagjerdet.

Steigastølen med Hafslovatnet og Hafslobygda i bakgrunnen. Nyaselet, bygt i 1940, til venstre, og det monaleg mindre Gamlaselet. Til høgre i biletet syner litt av den oppdyrka slåtteteigen, slåttegjerdet. Teigen har namnet Strandagjerdet.

Eigar: Liv Janne Kvåle.

Datering: Kring 1950.

Fotograf: M. Fick.

Steig

Gardsbruket Steig ligg rett over kraftstasjonen ved Årøyelva. Namnet Steig finst fleire stader, - til dømes som gardsnamn i Fortun i Luster. Det heng saman med verbet å stige, og er brukt om ''noko som stig bratt opp, noko høgt'', her kan henda om bratte berg opp mot utmarka.
Steig var fram til kring 1930 plass under fleire gardar på Ølnes. Lars Steig (1902-1978) fekk då kjøpa plassen som kunne fø ei ku, ei kvige og sju-åtte sauer. Heimebøen var ikkje anna enn nokre småvollar med steinrøysar her og der overalt og åkrane likeins. Lars nydyrka alt saman og dyrka i tillegg opp eit nytt stykke der det var så mykje stein at han måtte køyra bort 1000 lass. Dessutan dyrka han 8,5 mål oppe ved stølen som gav 15-16 lass høy, og bygde ei løe. Heime planta han òg ikkje så få frukttre.
I 1954 fôra Kari og Lars Steig fire mjølkekyr, to ungfe og 20 sauer. Same året vart dei tildelte selskapet Ny Jord sin diplom for nydyrkingsarbeid.

To sel

Steigastølen er ingen gammal støl. Opphavleg stod det eldste selet oppe på Ølnesstølen. Tufta kan ein sjå i dag like innom Olaselet. Ho blir kalla Steigaseltufti. Steigakjelda ligg litt lenger nedanfor.
Selet på Ølnesstølen vart flytta ned på Steigastølen medan Steig enno var plass, men ein veit ikkje nærare når dette skjedde.
Våren 1940 bygde Lars Steig eit nytt, større sel fordi det gamle var for trongt. Etter dette vart Gamlaselet brukt til overnatting i slåttonna og elles til oppbevaring av matvarer. Kring 1990 braut snøen ned Gamlaselet. Eigarane, Johanna Gunnlaug og Harald Kvåle, bygde selet opp att på dei gamle murane. Begge sela er i god stand og vert nytta til fritidsbruk.

Budeier

Johanna O. Steig (1866-1948) var budeie i mange år fram til 1940. Ho gjekk i mellom (i mødlo), det vil seia ho var heimom om dagane på onnearbeid. Johanna Gunnlaug (fødd 1932) hugsar at bestemora hennar, Stora-Johanna, fortalde at ho spøtte når ho gjekk mellom. Frå Johanna var to år, var ho med bestemor si på stølen medan foreldra onna i utmarka heime. Der var det svært ulendt og farleg for små born.

Frå 1940 og fram til 1947 hadde dei leigebudeie (jente) på stølen, men i 1947 vart Johanna Gunnlaug budeie same sommaren som ho vart konfirmert. Ho var budeie til om lag 1968, berre avbrote av to år, 1959 - 1960, då døtrene Turid Karin og Liv Janne vart fødde. I åra 1947 - 1958 gjekk Johanna og i mødlo. Ho stod tidleg opp for å mjølka og separera på stølen. Så var ho heimover på onnearbeid. Særleg tungt var det når dei onna oppe i utmarka ovanfor Steig. Om kvelden var det til støls att. Var ho uheldig, kunne det bli ein ekstra tur inni Ølnesli etter kyrne før mjølking og separering og ho kunne ta kvelden.
Frå 1961 hadde ho jentene med seg på stølen, og då låg ho der oppe. Men når dei vart gamle nok til å gå, bytte dei på med å gå i mødlo med henne annan kvar dag.

Frå om lag 1968 til 1979 var det Kari Steig som var budeie, og ho hadde med yngste dotterdotter si, Liv Janne. Den siste sommaren låg dei der berre ei kort stund for å gjelda av kyrne, som då vart sleppte på stølsgjerdet (den dyrka teigen attmed stølen).

Kastegjerde

Lars kjøpte Strandagjerdet (stølsgjerdet) i 1932. Denne teigen hadde vore eit kastegjerde for tre Ølnesgardar. Stykket var delt i tre, Øvre -, Midtre - og Nedre Strandagjerdet, som hadde kvart sitt bruksnummer. Sidan dei tre teigane ikkje var like gode, ikkje gav like stor grasavling, gjekk teigane på omgang. Dei bytte teig kvart år og på denne måten vart teigane likeverdige over ein treårs-periode.

Stølsvegen

Den gamle stølsvegen går opp Skardet og om garden Berget. Vegen var vanskeleg for buforing av kyrne, så då følgde dei riksvegen og gjekk enten om Dvergadalen eller Myrhaug, i daglegtalen Maurahaugen. Ny stølsveg vart bygd på midten av 1980-talet, etter kraftutbygginga i Årøyelva, så i dag går vegen via Ølnes og England.

Offerplass

Ein stad ved stølsvegen er ein offerplass. Denne ligg rett etter Berget rett over Dvergadalen like ved Kvilesteinen, ein særmerkt, flat stein. Offerplassen er ei lita hole, på storleik med ein knytteneve, i hammaren ved stien.
- Me ofra alltid når me gjekk forbi, det vil seia me la friske blomstrar eller blad inn i hola. Dette var noko mor i si tid lærte av si bestemor, og som me ungane lærte av våre besteforeldre, Kari og Lars. Og det vart alltid spurt om me hadde hugsa å ofra.

Gøymestad for motstandsfolk

Nyaselet var på slutten av krigen (1940-1945) brukt av motstandsfolk i Sogndal når det var rassia eller risikabelt å opphalda seg der. Johanna G. fortel at ho hugsar godt at ho som jentunge lurte på kvifor faren tok med seg stølsnøkkelen når han ikkje skulle på stølen, men ein tur opp på garden England.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Norsk Stadnamnleksikon. Oslo 1997.
Ny jord. Nr. 3, 1954. Oslo.
Munnlege opplysningar frå:
Johanna Gunnlaug Steig Kvåle, Sogndal.
Kari Steig (1906-1999), Sogndal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR