Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Filippiner-Lund vidkjend og avhalden misjonær



David Olai Lund, betre kjend som Filippiner-Lund, vert rekna blant våre største misjonærar. Han såg tidleg vegen han måtte gå og førebudde seg særs grundig til gjerninga. Saman med kona la han ned alle sine krefter i misjonsarbeidet på Filippinane.

Parti frå Indrevær. Pila framfor naustet viser til staden der barndomshuset til David Olai stod. Her på den vesle øya kjende han som barn at han fekk misjonskall, og her la han første grunnlaget til førebuinga av sitt store livsverk som misjonær. Huset ved flagget er David Lunds Minne, bedehuset reist til minne om David Olai.

Parti frå Indrevær. Pila framfor naustet viser til staden der barndomshuset til David Olai stod. Her på den vesle øya kjende han som barn at han fekk misjonskall, og her la han første grunnlaget til førebuinga av sitt store livsverk som misjonær. Huset ved flagget er David Lunds Minne, bedehuset reist til minne om David Olai.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 1946.

Fotograf: Ukjend.

Fattig stove, gåverikt barn

I ei lita røykstove, med ljore og grue, heilt i strandkanten på nakne, vêrharde Indrevær kom David Olai Rasmussen Indrevær til verda i 22. desember 1863. Foreldra var fattige, arbeidssame husmannsfolk som livnærte seg av sjøen. Vesle David Olai var heimedøypt av skulemeister Torkjel Jensen, og ein av fadrane, som budde like ved, fekk mykje å seie for barnet si åndelege utvikling. David Olai hadde særleg arva faren sine gode evner. Mora var kjend for å ha ei vakker songrøyst. God songstemme fekk også David i voggegåve, og han var i tillegg utifrå musikalsk. Som ungdom og vaksen var han god både på gitar, orgel og piano.

Måtte vegen om fiskebåten

I eitt av nabohusa budde ein jamgammal gut. Dei to var særs gode vener og reiste seinare til Nordland på fiske, og delte fortenesta likt.

Forkynnar og songar

Eitt år rodde David Olai torskefiske frå Ålesund. Ein sommar på sildefiske slo bra til. Alt kom vel med for han måtte skaffe seg ei utdanning slik at han kunne realisere misjonskallet. Heime var inga råd med økonomisk hjelp.

Ferda gjekk til Bodø der han tok middelskuleeksamen med beste karakterar, visstnok i 1886. Eitt år seinare går han om Lærdal over fjellet til Valdres og vidare til Oslo. Med gitaren over ryggen tek han vegen langt ut på bygdene, stundom som forkynnar, stundom som songar. I denne perioden er han på predikantskule i Ørebro og på medisinsk kurs hos dr. Finne i Oslo.

Nytt etternamn

David Olai trefte fleire gonger på menneske som hjelpte han økonomisk for ei tid, og slik var det vel han kom seg over til Amerika kring 1890. I fleire år vart det farm- og fabrikkarbeid om sommaren og studiar om vinteren. Ei tid arbeidde han hos ein velståande svenskfødd farmar som heitte Lund og var einsleg. Han vart så imponert av David sin kristne vandel, og så takksam for si eiga frelse, at han tilbaud David å arve han dersom han tok etternamnet Lund. David Olai tok imot. David Lund vart dessutan eit lettare namn å reise rundt i verda med.

Til sørlege Filippinane

I Amerika studerte David på Augsburg Seminar i Minneapolis der han vart høgt verdsett for sine gode evner og kunnskapar. Siste året han var i Amerika, reiste han rundt og forkynte. Han var òg på Dei vestindiske øyane og i Japan, der han dreiv medisinske studiar. Heimkommen derfrå, gifte han seg i 1897 med svenskfødde Hulda Frikmann som var lærarinne i USA.

Det vart Filippinane, særleg øya Mindanao, som vart misjonsfeltet for dei to. Øyane måtte Spania overlate til USA i 1898. Etter at spanjolane hadde omvendt folket, dels med militær makt, var ein stor del av folket eit slags katolikkar då Lund kom hit i 1901.

Sjølvoppofring til siste slutt

Både Lund og kona kunne spansk då dei kom til Filippinane og starta straks misjonsarbeidet. I førstninga forkynte dei i gater og butikkar. Seinare fekk dei opp enkle kyrkjer. Amerikanarane begynte å byggje vegar, og det vart lettare å nå innover på øya. Lund arbeidde ei tid på Suluøyane, der utfordringane med natur og folk vart endå større. Misjonsvener heime i Noreg og i andre land støtta opp økonomisk. Kona dreiv også søndagsskule, og på uforståeleg vis greidde ho å starte og drive ein jenteheim for foreldrelause.

Lund gjorde tre reiser over Amerika til heimlandet, men elles arbeidde han og kona utrøtteleg på misjonsmarka til dei døydde, han i 1925, ho truleg kring 1940.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Solem, Johs.: Filippiner-Lund. Lunde & Co. Bergen 1944.
Engevik, Reidar: Husøy kyrkje 100 år. 1896 - 1996. Solund 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR