Bygde sel
Fyrste del av sommaren 1914 var svært varm, og det var stor snøsmelting i fjella. Hermund Olsen Hatlelid dreiv og bygde seg sel i Jordalen. Grunnmuren stod klar, og Hermund hadde i lang tid køyrt material på plass til sjølve bygginga. Ved jonsoktider 1914 skulle Hermund av garde med siste lasset. Han hadde ein avtale med Karl Hatlelid at veka etter skulle dei starta å byggja. Hermund og sonen Botolv, 13 år, drog av garde om kvelden.
Skavlen på Klepp
Då det lei på kvelden neste dag, byrja kona Lina Botolvsdtr. Lagmannsås (1865-1934) å verta redd for dei som ikkje var heimkomne. Ho kontakta naboane, og dei fekk fleire med seg framover i Tundalen. Då dei nærma seg Klepp, såg dei at det hadde gått eit svært snøras. Ein skavl oppe på Langafjellet hadde losna, som han ofte brukte gjera på den tida av året. Raset hadde gått over elva og eit stykke oppover på andre sida der vegen var. Dei oppdaga snart hesten til Hermund i kanten av raset. Hesten hadde hovudet over snøen og levde. Hermund og Botolv såg dei ikkje noko til. Karane byrja grava der hesten stod. Etter kort tid fann dei faren og sonen, begge døde. Det hadde då gått eit døgn sidan raset gjekk.
Hermundskavlen
Sidan har denne skavlen oppe i fjellet vorte kalla Hermundskavlen. På staden der snøskreda gjekk, vart årstalet 1914 rissa inn i ein stor stein til minne om dei to som mista livet der. Denne steinen står framleis ved stien, og årstalet er enno tydeleg.
Mange tunge slag for kona
Det var eit fælt bod kona Lina fekk denne sommarkvelden 1914. Ho sat att med fem ukonfirmerte born. Mannen Hermund vart 47 år gamal. Tolv born hadde Lina og Hermund fått, dei eldste var alt i arbeid på andre gardar. Eldsteguten Ola gjekk på lærarskule. Den nesteldste, Botolv, fødd i 1893, døydde same året. Men Lina skulle få fleire tunge slag i tida som kom. Då Ola var ferdig på lærarskule, var han fyrst eitt år som lærar i Fresvik. Så fekk han seg post utanbygds, men kom sjuk heimatt om våren. Ikkje lenge etter døydde han, 26 år gamal i 1918. I 1921 mista Lina ei av døtrene, Anna, berre 22 år gamal. Ein annan son, Olaf, hadde og bestemt seg for å gå på lærarskulen, men slo det frå seg då broren døydde. Han vart verande heime og tok over garden.
Livet gjekk vidare
Livet måtte gå vidare etter ulukka i 1914. Naboar og andre hjelpte til så godt dei kunne. Såleis kunne Lina framleis dra til Jordalen med kyrne sine. Ho hadde også naboane sine dyr, mot at dei byttest kvar si helg om å kløvja for henne. Dei hadde med seg det ho trengde til Jordalen, og tok avdråtten hennar heimatt. Ho var avhengig av garden og inntekta derifrå, og på denne måten kunne ho halda fram med garden.