Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gjestgivargarden på Vangsnes



Det har truleg vore gjestgiveri på Vangsnes heilt frå 1600-talet. På gjestgivarstaden er det att ei gamlestove og eit nyare hus. Husa representerer kvar sin stilart og er verneverdige.

Bilettekst: Det gamle gjestgivarhuset på Vangsnes. Huset har ein etasje og er heller lite. Huset vart truleg nytta både til overnatting og til handel. Huset er godt vedlikehalde.

Bilettekst: Det gamle gjestgivarhuset på Vangsnes. Huset har ein etasje og er heller lite. Huset vart truleg nytta både til overnatting og til handel. Huset er godt vedlikehalde.

Eigar: Arne Inge Sæbø.

Datering: 1997.

Fotograf: Arne Inge Sæbø.

Gjestgiveri

Alt på 1600-talet skal bergenske borgarar ha budd i gjestgivargarden og drive handel. Men det var fyrst i 1733 at eit offisielt gjestgiveri vart oppretta på Vangsnes, og det var Johannes Markussen som fekk løyve. Han var ein fattig husmann som hadde vore soldat og delteke i den store nordiske krig.

Gjestgivarhusa

På gjestgivargarden er det ei gamlestove og eit nyare hus. Gamlestova har ein etasje og nyehuset to. Me veit ikkje når husa er bygde, men nyehuset vert sagt å vera ein lensmannsgard som vart flytta til Vangsnes. Huset er i klassisk stil. Typiske trekk for den stilen er rette linjer, svai i taket ved gesimsen og småruta vindauge. Andre karakteristiske trekk som ikkje gjestgivarstova har, er søyler frå sokkel til gesims, heil- eller halvvalma tak og hjørnebord med mønster.
På nyehuset er vindauge og dører plasserte rett ovanfor kvarandre, noko som var typisk for klassisismen. I nybygget var det ikkje kjøken, så langt innpå 1900-talet føregjekk matlaging og det daglege hushald i gamlestova.

Tilbygg

Lenge var det ikkje trapp på framsida av huset, så døra der førte rett ut i lause lufta. Tilbygget over døra vart sett opp i 1996 for å verna dør og inngangsparti. Dette vart gjort etter godkjenning av kulturkonsulenten i Sogn og Fjordane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sæbø, Arne Inge: Stilartar i Vik. I Pridlao, nr. 3, 1997. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Munnleg informasjon frå:
Inger Marie Vangsnes Try, Stord.

PERMANENT IDENTIFIKATOR