Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. februar 2010

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Skudal bedehus



År 1900 var Skudal ein av 18 skulekrinsar i Gaular. Krinsen omfatta matrikkelgardane Foss, Fossevik og Skudal. Skulen heldt i mange år til i den eine stova i hovudhuset på garden Fossevika. I 1926 vart skulekrinsen slegen saman med Sande krins, og med det miste bygdefolket ein stad å samlast. Tanken om å byggja bedehus kom opp, og sommaren 1928 stod huset ferdig.

<p>&nbsp;Skudal bedehus 2009, sett  mot nordaust</p>

 Skudal bedehus 2009, sett mot nordaust

Eigar: Arne Kirkeli/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2009

Fotograf: Arne Kirkeli

Huset

Skudal bedehus står på garden Fossevik som ligg om lag midt mellom Hestad kapell og Sande sentrum. Huset er bygt på grunnmur av naturstein og har utvendige mål er 10,3 x 6,25m. Huset er tømra, har liggjande bordkledning og er tekt med skifer.

Hovudetasjen har Storsal (5,7 x 5,7 m), Vetlesal (3,7 x 3,25 m) og gang (3,6 x 2,2 m). Huset er invendig kledd med huntonitt og alle rom er måla i lyse fargar. Kjellarhøgda inneheld kjøkken og matsal, og er kledd med trepanel. Huset har ikkje innlagt vatn og såleis heller ikkje sanitæranlegg som svarar til krav i tida for forsamlingshus.

Lover

Vedtektene eller lovene er det viktigaste dokumentet for eit bedehus. Det slår til vanleg fast kven som eig huset, kva huset skal brukast til og korleis bedehuset skal styrast. Sidan det var uråd å finna lovene for Skudal bedehus, vart det i 1975 sett opp og vedteke nye lover. Her går det fram at ”det er folket i Skudal, Foss, Fossevik og Eikeland” som eig bedehuset. 

Paragraf 2 har denne ordlyden: ”Bedehuset vart bygt i 1927 og innvigt i 1928 med tanke på at folket her skulle samlast om Guds Ord, og at det dermed skulle hjelpe til å nøre det kristelege livet i grenda. Huset må framleis brukast i samsvar med Bibelen og vedkjenninga åt den evangelisk-lutherske kyrkja.”

Trong for hus

Fram til 1926 heldt skulen for Skudal krins til i den eine stova i hovudhuset i Fossevika. Krinsen omfatta då gardane Foss, Fossevik og Skudal. Stova i det noverande hovudhuset er den same som skulestova. Skulestova hadde også vore nytta som ein stad å samlast. Då ny skule stod ferdig på Flatene (om 1 km frå Sande sentrum mot Viksdalen) vart både krinsen og skulen i Fossevika lagd ned. Det gjorde at grenda med det miste ”forsamlingshuset”.

Såleis vart det sysla med tanken om å byggja eit eige hus. Det skjedde hausten 1927 då oppsitjarane på Skudal, Eikeland, Fossevik og Foss vart samde om å byggje bedehus. Vinteren 1927/28 arbeidde både ung og gamal med huset og 8. juli 1928 kunne huset vigslast.

Drivkraft

Ananias Skudal, var emissær i Indremisjonen og Kinamisjonen (no Misjonssambandet). Rognald Hestebeit (1878-1977), gardbrukar på Hestebeit i Viksdalen, skriv følgjande om Ananias Skudal i skriftet Dalsfjord og Bremanger Fellesforening 90 år.: 

”Det var han som var drivkrafta med å få opp bedehus i Skudalen. Han var av det gamle stillfarande gudfryktige slaget med eit klårt syn på Jesu lidingsverk, og Jesus-namnet hadde han trong etter å vera eit vitne om. Eg har aldri høyrt at nokon har tvila på at Ananias var ein ekte kristen. Naboen, Søren Skudal, var av same slaget som Ananias. Dei ar begge åndelege born av [sokneprest i Gaular] Echhoff. Å tala med Søren om anne enn frelse i Jesu blod, var mest rådlaust. Eg kan ikkje gløyma den underlege blenk i auga når han fekk tala om dette emnet. Han var far til Mads Skudal som var ein kjend forkynnar i Kinamisjonen og Indremisjonen, men meste tida av sin arbeidsdag var han forstandar i Frikyrkja. Hans kristensyn var som farens, og hans forkynning var heilt prega av dette.”

Mykje brukt den første tida

Huset var mykje brukt dei første 50-60 åra. Det kom jamleg forkynnarar og folket samlast til møte. Kvinneforeingar for Sjømannsmisjonen, Misjonssambandet og Indremisjonen heldt sine basarar og julefestar. Likeeins var det basar til inntekt for huset ein gong for året fram til slutten av 1970-åra.

Søndagsskule

Søndagsskulearbeidet har hatt trufaste arbeidarar. Albert Skilbrei var ein av dei. Om han kan ein trygt seia, for å sitera Skrifta: ”Sjå, der er ein ekte israellitt, ein som det ikkje finst svik i” (Joh. 1.47). Marie Horsevik (1923-2008) kom til Skudal krins i 1956 då familien busette seg der. Ho tok etter kvart over søndagsskulen etter Albert Skilbrei og ho stod i dette arbeidet i nærare 50 år. For dette fekk ho i 1988 Kongens Fortenestemedalje i sølv. Dei siste åra samla ho borna i heimen sin.

Ein misjonsheim i dobbel forstand

Heimen til Anna og Albert Skilbrei var ein misjonsheim i dobbel forstand. Dei hadde stor omsorg for alt misjonsarbeid. Anna deltok i foreiningsarbeidet og sytte for forkynnarane som kom, gav dei mat og husrom. Albert sytte for bedehuset, og heime heldt han andakt om morgonen, det var det same om dei hadde arbeidsfolk eller forkynnarar. 

Formenn i styret

Sidan det ikkje finst møtebok/bøker frå åra 1927-1974 er det uråd å setja opp eit fullgodt oversyn over kven som har vore med i styret. Etter det ein veit har desse vore formenn:
Ananias Skudal (1864-1951) frå innviinga i 1928 til slutten av 1940-åra.
Albert Skilbrei (1896-1971), frå slutten av 1940-åra, fram til ca 1969.
Sverre Foss (1915-2008), frå ca 1969 til 1996.

Nedlagt

Skudal bedehus er ikkje lenger i bruk. Det siste styremøtet vart halde 7. januar 2003, men planlagt årsmøte same året vart det ikkje noko av. Same året fann styret å måtta seia om branntrygdinga og den elektriske straumen.  

kjelder: