Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gåsemyr transformatorkiosk på Sandane



Gåsemyrkiosken, ein transformatorstasjon frå 1918, står i bakken bak Sandane hotell, tidlegare Firdaheimen. Bygningen er - sett frå avstand - både firkanta og grå. Men går ein nærare, vil ein sjå at huset har kvalitetar og detaljar som ein ikkje oppdagar med ein gong.

Gåsemyrkiosken midt i biletet. Det kvite huset med raud gesims framfor kiosken, er den nyaste delen av Sandane hotell, tidlegare Firdaheimen. Framfor Firdaheimen står det såkalla Ryssdalshuset. Huset er nyleg restaurert, men har fått behalde den opphavlege fasaden.

Gåsemyrkiosken midt i biletet. Det kvite huset med raud gesims framfor kiosken, er den nyaste delen av Sandane hotell, tidlegare Firdaheimen. Framfor Firdaheimen står det såkalla Ryssdalshuset. Huset er nyleg restaurert, men har fått behalde den opphavlege fasaden.

Eigar: Gloppen kommune.

Datering: Ca. 1995.

Fotograf: Jan-Kjetil Øygard.

Byggjemåte og byggjestil

Transformatorkiosken er frå tida då den elektrisk straumen vart bygd ut i Gloppen, i 1920- og 1930-åra. Han er ført opp i betong og naturstein. Kiosken er bygd i ein stil som representerer klassisismen på 1920-talet, noko som mellom anna viser seg i søylene på bygget. Stilarten finn vi først og fremst i industrimiljøa, og han er heller sjeldsynt i fylket vårt, sjølv om vi finn døme på bygningar i denne stilen både i Høyanger, Årdal og Svelgen.

Tekniske installasjonar

Frå først av var det sett opp ein 40 KVA-transformator på Sandane. Det viste seg snart at han vart for liten, og i 1918 vart det bygt to kioskar, Gåsemyrkiosken, og ein liknande på Øyrane. I kiosken på Øyrane vart det montert inn ein 100 KVA-transformator, medan det i kiosken på Sandane vart sett inn ein på 200 KVA.

Kulturminne og utviklingshistorie

Kiosken vart teken ut av bruk i 1987, og har no status som teknisk kulturminne. Ei av hovudmålsetjingane med kulturminnevernet er å sikre dei mest verdfulle kulturminnemiljøa og einskildobjekta i lokalsamfunna, slik at desse kan gje eit best mogleg bilete av staden si utvikling og historie. Gåsemyrkiosken er eit døme på eit kulturminne som viser ein viktig faktor i utviklinga av tettstaden Sandane, nemleg elektrisiteten. Det vil vere umogeleg å tenkje seg ei utvikling som den vi har sett dei siste 80 åra, utan den elektriske straumen.
Gåsemyrkiosken er i dag eit lite landemerke slik han står med fine murar rundt seg. Han er eit verneverdig teknisk kulturminne, og bør difor ikkje rivast, slik det vart søkt om i 1994. Ein må i dag gå over privat grunn om ein skal kome heilt fram til kiosken.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Informasjon frå:
Gloppen Energiverk AS.

PERMANENT IDENTIFIKATOR