Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 02. juli 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kong Olav i Sogn og Fjordane - Kronprinsparet sitt besøk i 1933



HM kong Olav V var konge i åra 1957-1991. Som kronprins var han på tre offisielle besøk i Sogn og Fjordane: 1) i 1906 som treåring på kroningsreisa til kong Haakon VII og dronning Maud, 2) i 1933 saman med kronprinsesse Märtha, 3) i 1949.

Kronprinsparet i Høyanger, pinsehelga 1933. Flaggsmykka MS "Nesøy" ligg til kai.

Kronprinsparet i Høyanger, pinsehelga 1933. Flaggsmykka MS "Nesøy" ligg til kai.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1933

Fotograf: Ukjend

Representasjonsreise

Sommaren 1933 var kronprins Olav og kronprinsesse Märtha på representasjonsreise i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Prinsessene Ragnhild Alexandra, fødd 9. juni 1930 og Astrid Maud Ingeborg, fødd 12. februar 1932, var ikkje med.

Kronprinsparet køyrde eigen bil med kronprinsen som sjåfør. Kaptein Østgård var med som adjutant. Fru Østby var også med på turen. Vegsambandet Nordfjord-Sunnfjord-Sogn var ikkje utbygd i 1933. Det var naudsynt å reisa fleire strekningar med båt. Fylkesbaatane sin nye båt MS "Nesøy" gjorde teneste som "kongeskip" og som ferje for to bilar. "Nesøy" gjekk desse strekningane: Olden-Sandane (4. juni), Vadheim-Høyanger-Leikanger (5. juni) og Leikanger-Kaupanger-Lærdal (6. juni).

Reiseruta i Sogn og Fjordane

* 3. juni, pinseafta, om kvelden:
Frå Volda. Gjennom Stigedalen til Nordfjordeid
* 4. juni, 1. pinsedag:
Frå Nordfjordeid. Til Stryn og Olden, med båt til Sandane, vidare med bil til Førde
* 5. juni, 2. pinsedag:
Frå Førde. Til Vadheim, med båt til Høyanger, Balestrand og Leikanger.
* 6. juni, tysdag:
Frå Leikanger. Med båt til Amla (Kaupanger) og Lærdal. Vidare over Filefjellet til Valdres.

Eid kommune

3, juni, frå Volda. I kveldinga, pinseafta, reiste kronprinsparet med ferje frå Volda til Folkestad og køyrde så den nye Stigedalsvegen (opna 1932) til Nordfjordeid. Dei vart mottekne på fylkesgrensa i Stigedalen, der det var reist ein æresport med eit stort "Velkomen". Mykje folk hadde reist opp i Stigedalen. Då kronprinsparet sin bil nærma seg æresporten, small det tre dundrande skot oppe i fjellsida. Kronprinsen og kronprinsessa steig ut or bilen og vart helsa med eit kraftige hurra.

Ordføren i Eid, Anders Hjelle, helsa velkomen og bar fram eit ønskje om ei gild reise gjennom Nordfjord og fylket elles. Etter at kronprinsparet hadde helsa på formannskapsmedlemmene i Eid og nokre andre, heldt kronprinsen ein kort tale og takka for den gilde mottakinga på fylkesgrensa. Kronprinsparet tok farvel med fylkesmannen i Møre og Romsdal, før det bar vidare mot Nordfjordeid med 20-30 bilar i kortesje. På ein holme i Storesetrevatnet var det kveikt eit stort bål og på ein haug like ved spela hornmusikken "Ja, vi elsker.." Langs heile vegen nede i bygda stod folk og vinka og ynskte velkomen. På Nordfjordeid paraderte eit rekruttkompani under kommando av oberst Lund.

Tidleg om morgonen 1. pinsedag møtte folk mannjamnt opp for å sjå kronprinsparet. Det var fullt av folk i tettstaden, nesten som på 17. mai, skreiv Fjordabladet. Kronprinsparet var på frukost hjå løytnant Moen, og deretter borte på ekserserplassen. Der fekk paret også høve til å sjå ein fjordhest. I halvti-tida starta turen mot Stryn. Kronprinsparet køyrde gjennom Eidsgata som var tettpakka med folk.

Stryn kommune

4. juni, frå Eid. Kronprinsparet hadde to stogg i noverande Stryn kommune, først på Tonning (Stryn sentrum) og så i Olden (då Innvik kommune). Ordføraren i Stryn, kaptein Lunde, møtte paret på kommunegrensa og vart med i bilen til Tonning. Der var det pynta med grønt og flagg, og mellom den store folkemengda var det mange frå Oppstryn og Loen. Kronprinsparet vart helsa med salutt. Ordføraren heldt tale frå troppa på kommunehuset, og kronprinsen takka for mottakinga og ynskte det beste for folket, kvar i sine yrke.

Kronprinsparet kom til Olden kl 12.30. Der var reist æresport og flaggallé ved Yris Hotel der dei kongelege var Innvik kommune sine gjester med ordførar Hallvard Sindre som vert. Klokka 14.30 gjekk kronprinsparet ombort i MS "Nesøy" med Sandane som neste stogg.

Gloppen kommune

4. juni, frå Stryn. "Kongeskipet" kom til Sandane i firetida. Her var det ordførar Elias Faleide som tok imot og ynskte velkomen. Frå kaia reiste gjestene i bilar til Firda Gymnas der det var mottaking og servering. Etterpå var det turnoppvisning på idrettsplassen. Kronprinsen heldt tale for turn og idrett. I kveldinga gjekk ferda vidare mot Førde til middag og overnatting.

Jølster kommune

4. juni, frå Gloppen. Jølster kommune stod ikkje på det offisielle programmet, men reisa gjennom Jølster gjekk på ingen måte ubemerka. Avisa Firda skildra møtet mellom jølstringane og kronprinsparet på denne måten:

"Langs veiene i Jølster var folk møtt frem i store skarer og prinsen stanset sin bil flere steder for å tale med de fremmøtte, og da kronprinsparet kom til Førde i 22-tiden var deres bil ganske fyldt av blomster."

Førde kommune

4. juni, frå Jølster. I Førde venta rundt 1500 menneske ved Sivertsens Hotell der kronprinsparet og fylgjet budde til neste dag. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Hans Seip, var komen frå Leikanger. Han helsa kronprinsparet velkomen til fylket. "Derefter takket kronprinsen i hjertelige ordelag for den kjærlige modtagelse kronprinsessen og han hadde fått her i fylket", skreiv Firda, "og han skildret envidere sin beigeistring for den herlige natur de hadde sett disse dagene. Denne luten av landet er noget av der vakreste man kunde se", siterte Firda.

Ved kveldsbordet ønskte ordføraren i Førde, Olai Tefre, kronprinsparet velkomen til Førde. Dagen etter, 2. pinsedag, heldt reisa fram tidleg om morgonen. Folk hadde møtt fram langs vegen og fleire gonger stansa kronprinsbilen for å ta imot blomster frå born. Ved Halbrensgrinda stod speidarjenter og vinka farvel.

Gaular kommune

5. juni, frå Førde. Gaular kommune stod heller ikkje på det offisielle programmet, men på Sande var alle skuleborna møtt fram for å helsa på kronprinsen og kronprinsessa. Det kongeleg fylgjet stogga og borna song nasjonalsangen.

Kyrkjebø (Høyanger) kommune

5. juni, frå Gaular. I Vadheim låg "Nesøy" og venta då kronprinsparet kom dit i ni-tida. Direktøren i Fylkesbaatane, T. Torgersen, stod på brua. Båten la til kai i Høyanger i 11-tida. Direktør Kloumann tok imot. Første programpost var omvisning i fabrikkanlegget til Naco (Norsk aluminium Comapany), deretter besøk på "stemneplassen". Det kongelege besøket fall saman med Kjøpstemna for Sogn og songarstemne. Her var det tale av fylkesmann Seip og av lærar Sigurd Fjøsne. "Serleg tala Fjøsne så det greip både krunprinsparet og stemnelyden", skreiv avisa Sogn og Fjordane. På kjøpstemna vart det overrekt kongeleg gåver, eit teppe i sognemønster laga av Eli Høyvik i Balestrand frå Kjøpstemna, og eit teppe laga av Brita Hønsi frå Vik frå Naco.

Balestrand kommune

5. juni, frå Kyrkjebø. "Nesøy" la frå kai kl. 17.30. På vegen til Leikanger, der kronprinsparet skulle overnatta, var båten oppom Balestrand. Båten vart motteken med salutt og "fru hotelleier" Kvikne overrekte ein blomsterbukett.

Leikanger kommune

5. juni, frå Balestrand. "Nesøy" kom til Hermansverk kl. 21.30. Mykje folk var samla på kaia og ordførar Grinde ønskte velkommen og tok folket med i eit 3x3 hurra.

Sogndal kommune

6. juni, frå Leikanger. Tidleg om morgonen heldt reisa fram med "Nesøy" til Amla (Kaupanger) der paret var gjester hjå godseigar H.H. Heiberg. På kaia var det laga æresport med bokstavane O og M. Ordføraren i Sogndal, Ivar Skjeldestad, heldt tale med det same kronsprinsparet steig i land og ynskte velkommen. Dei kongelege køyrde deretter til Heiberggarden, skreiv Sogn og Fjordane, der dei var eit par timar og såg seg om på "det gilde museet og der dei (..) kvilde seg i hr. Heiberg og frua sin ovgilde heim." Kronprins Olav og H.H. Heiberg hadde studert i lag i Oslo. Etter besøket reiste paret til Lærdal.

Lærdal kommune

6. juni, frå Sogndal. "Nesøy" kom til Lærdal i kveldinga og reiste same dagen austover over Filefjell til Valdres der det var overnatting før siste reisedagen heimatt til hovudstaden.

kjelder:

Fleire lokalaviser 1933