Kulturhistorisk leksikon

Besøk (9)

  • Fritjov den frøkne - heidra med hakekors i 1933

    Laurdag 27. mai 1933 hende noko uvanleg på Vangsnes. Tyske offiserar i nazi-uniformer la ned krans ved statua av Fridtjov den frøkne. Kransen var laga av granbar og forma som eit hakekors. Offiserane kom frå Balestrand der den tyske kryssaren "Deutschland" låg for anker.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Polsk turistskip i Skjolden sommaren 1939

    28. juli 1939 kom to personbilar frå Austlandet køyrande ned til Skjolden. Dei stogga på Fjøsne og tok bilete av eit stort turistskip som låg for anker. Det var det polske amerikalinje-skipet "Pilsudski". Fire månader seinare vart båten minesprengt i Nordsjøen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Hitler på tokt i Sognefjorden - kva lokalavisene skreiv om besøket

    Den 11. april 1934 gjekk den tyske kryssaren "Deutschland" ut frå Kiel for å ta del i ein vårmanøver i Aust Prøyssen. Men skipet la seg ikkje på kortaste kurs. Dagen etter dukka kryssaren opp i Sognefjorden. Besøket var ikkje varsla på førehand, og slett ikkje at sjølvaste rikskanslar Adolf Hitler var om bord. Denne artikkelen handlar om korleis nokre av lokalavisene i fylket dekka det tyske besøket.

  • SS «St. Sunniva» - verdas første spesialbygde cruiseskip i Gudvangen

    Sommaren 1892 ankra SS «St. Sunniva» opp i Gudvangen. Skipet var det første i verda bygd som cruise-skip. På stader båten ikkje kunne leggja til kai, blei passasjerane frakta til og frå med eigen dampdriven småbåt. Og det var det vesle skotske rederiet med det lange namnet The North of Scotland & Orkney & Shetland Navigation Company som stod bak. I åra 1887-1908 var «St. Sunniva» fast sommargjest på Vestlandet. I 1892 stod det ei reiseskildring frå ein av turane, i ei australsk avis.

  • Nederlandsk flåtebesøk i Sogn 1947

    På ei Fylkesbaatane-facebookside dukka det 8. juni 2013 opp eit interessant foto: Fylkesbaatane sin bilførande båt «Sandøy» til kai i Lærdal med tre krigsskip til ankers på fjorden. Fylkesbåten «Sandøy» var lett å identifisera, men kva med krigsskipa, jamvel ein hangarskipliknande farkost? Artikkelen handlar om eit «ukjent» foto som fleire medverka til å finna ut av.

  • Kongebesøket i Selje i 1733

    Anno 1733 den 9 August Reiste Hans Kongelige Majestet [og] Hendes Majestete Dronningen (…) Over dette Field Mandseidet. Denne informasjonen står under eit bilete som vart laga kort tid etter kongerisa i 1733. Mannseidet er namnet på høgda mellom Kjødepollen og Moldefjorden. Det høgaste punktet er omlag 350 moh. Landskapet på maleriet minner meir om eit dramatisk alpelandskap.

  • Kong Olav i Sogn og Fjordane - Kronprinsparet sitt besøk i 1933

    HM kong Olav V var konge i åra 1957-1991. Som kronprins var han på tre offisielle besøk i Sogn og Fjordane: 1) i 1906 som treåring på kroningsreisa til kong Haakon VII og dronning Maud, 2) i 1933 saman med kronprinsesse Märtha, 3) i 1949.

  • Island - Presidentbesøk i Rivedal i 1955

    I åra 1955-1961 hadde Sogn og Fjordane tre store besøk frå Island. I 1955 var president Asgeir Asgeirsson framom under ei reise i Noreg, i 1957 var 30 islendingar fire dagar i fylket på ei reise på Vestlandet og i 1961 var 150 islendingar tilstades då minnesmerket over Ingolv Arnarson vart avduka i Rivedal. Denne artikkelen handlar om presidentbesøket i 1955.

  • Engelske soldatar - frå Årdal til Florø våren 1940

    Laurdag 11. mai 1940 gjekk to menn opp Moadalen frå Øvre Årdal for å møta ei gruppe engelske soldatar. Gruppa var på flukt frå Gudbrandsalen mot kysten. Takka vere lokale hjelparar greidde følgjet å nå fram frå Årdal til Tirdalen ved Florø etter ein 17 dagars strabasiøs tur. Før dei kryssa fylkesgrensa hadde dei alt vore på marsj austanfrå i fleire døgn. Artikkelen her gjer i kortform greie for turen dag for dag gjennom Sogn og Fjordane.