Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Heirsnosvegen i Årdal



Det første store vegprosjektet i Årdal var ein imponerande anleggsveg i luftige svingar opp til Heirsnosi på 1000 moh. I 1920 vart anleggsvegen bygd vidare til Tyinoset. I 1934 vart denne vegen vidareført til Oppland fylke, og anleggsvegen vart eit riksvegsamband ut av fylket.

Heirsnosvegen vart bygd som anleggsveg i 1910-12 og har 42 krappe svingar. På biletet er svingane markerte for å gjera dei meir synlege. Vegen er i dag ein mykje nytta turveg. Toppen Heirsnosi ligg litt lenger sør og er nokre hundre meter høgare enn vegen.

Heirsnosvegen vart bygd som anleggsveg i 1910-12 og har 42 krappe svingar. På biletet er svingane markerte for å gjera dei meir synlege. Vegen er i dag ein mykje nytta turveg. Toppen Heirsnosi ligg litt lenger sør og er nokre hundre meter høgare enn vegen.

Eigar: Jomar Lie. Fylkesarkivet SFFf-1994296.0028

Datering: 1938-1942

Fotograf: Normanns Kunstforlag A/S

Industrien satsar i Årdal

I 1898 byrja oppkjøpet av fossar i Årdal. I 1908 var det tre tyske selskap som eigde fallrettane og industrigrunn i Øvre Årdal. Dei skipa A/S Tyinfaldene, som vart overteke av Norsk Hydro i 1911. Staten kravde at kraftutbygginga skulle starta i 1913 og vera fullført innan 1920. I 1911 hadde A/S Tyinfaldene 200 mann i arbeid, og i 1919 var talet nær 300. Fleire kilometer vasstunnelar var då under bygging, men kva for industri som skulle koma var det ingen som visste. Då børskrakket kom i 1929 hadde Norsk Hydro nok med å berga dei andre anlegga sine. Det skjedde lite i Årdal. Talet på arbeidarar gjekk ned til 110 mann i 1931 og til 20 mann i 1935.

Heirsnosvegen - ein anleggsveg

Då Norsk Hydro (A/S Tyinfaldene) byrja anleggsverksemda i 1910, kom det krav frå kommunen om å få køyrevegar i bygda. Noko av det første Hydro gjorde var å byggja ein transportveg fram til dam-stadene og tunnelpåhogga. Heirsnosvegen vart bygd i perioden 1910-1912. Vegen går i 42 hårnålssvingar opp til 1000 moh. Vegarbeidet vart utført og kosta av Norsk Hydro.

Ny veg ved Tyin

I 1920 var vegen ferdig vidare til Tyinoset. Der måtte ein med båt over Tyin, og derifrå gjekk det veg til Valdres i Oppland. I trafikkplanan av 1919 er ikkje vegen innteikna, då vegen var rekna som ein anleggsveg for Norsk Hydro.

Veg ut av fylket

Kommunestyret hadde fleire gonger oppe spørsmålet om samanhengjande veg til Oppland. Korkje fylket eller Vang kommune i Oppland var spesielt entusiastiske for prosjektet. I 1929 tilbaud A/S Tyinfaldene å yta 50.000 kroner til anlegget dersom vegen vart bygd i 1930 (seinare 1931). Vegen vart kostnadsrekna til kr 340.000. Stordelen, kr 325.000, ville gå med i Oppland. A/S Tyinfaldene hadde som vilkår at vegen skulle byggjast for biltrafikk. Vegdirektøren hevda at det var mogeleg å byggja vegen langt billegare, for kr 120.000, fordelt på begge fylka, A/S Tyinfaldene og Årdal kommune. Vegetaten i Sogn og Fjordane meinte det var uråd å gjera ein så billeg veg "fuldt tjenlig for offentlig automobiltrafikk". I 1932-33 kom den første løyvinga. A/S Tyinfaldene stod ved tilbodet sitt, og kommunen betalte sitt bidrag på 1/10.

Vegsamband over fylkesgrensa

Veganlegget vart bygt av vegvesenet i Oppland, og vegen frå Heirsnosi til Oppland vart oppteken som riksveg og høgfjellsveg i 1934. Årdal hadde dermed fått vegutløysing ut av fylket før dei fekk veg til eige fylke. Det kravde opprusting av den gamle anleggsvegen frå Vee til Tyin, som var svært smal og lite høveleg for biltrafikk. I 1935 byrja utbetringsarbeida med midlar henta frå naudsarbeid og lån frå Norsk Hydro. Den 1. juli 1935 vart vegen Veesletta-Heirsnosi offentleg veg og klassifisert som riksveg. Tyskarane innstilte utbetringsarbeidet i 1941, og det skjedde lite under krigen.

Ny veg over fjellet

A/S Årdal Verk, skipa i 1946, var svært interessert i å få vegen utbetra, men nye utbetringar vart ikkje påbyrja. Årsaka var at det då kom ein debatt i fylkestinget om Årdal skulle få vegutløysing til eige fylke, eller om dei skulle gå inn for heilårsveg over Tyin. Resultatet vart heilårsveg over Tyin i 1964, men med ein annan trasé, gjennom Moadalen. Bygginga starta i 1953. Heirsnosvegen var for bratt og bygd i vanskeleg terreng. Den gamle vegen vart nytta fram til 1964, og vart då omklassifisert til privat veg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn og Fjordane. Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
Ve, Søren (red.):Bygdebok for Årdal. Natur og næringsliv. Band I. Årdal Sogelag 1971.
Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne, Registreringsrapportar frå 1999-sesongen. Statens vegvesen Sogn og Fjordane, 1999.
Samtale med Bjørn Lindland, Årdal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR