Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. september 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kystgeita i Selje



Kystgeita er ein utryddingstrua geitestamme som det enno finst att nokre få flokkar av på Stadlandet i Selje kommune. I 2001 var det omlag 150 avlshodyr her. I tillegg går det eit mindre tal kytstgeiter på øyane Skorpa og Sandsøy i Møre og Romsdal. I Selje er det også kystgeitebønder som enno driv med kystgeitehald i ubroten tradisjon.

Havet, mannen og geitene. Helge Borgund med kystgeiteflokken sin i Borgundvåg på Stadlandet. Både geiter og mann står i ein lang og ubroten tradisjon med kystgeitehald.

Havet, mannen og geitene. Helge Borgund med kystgeiteflokken sin i Borgundvåg på Stadlandet. Både geiter og mann står i ein lang og ubroten tradisjon med kystgeitehald.

Eigar: Ingrid Berger

Datering: 2006

Fotograf: Ingrid Berger

Den typiske kystgeita
Kystgeita har aldri vore mjølka, dei var og er ammegeiter. Samanlikna med mjølkegeita produserer kystgeita mindre mjølk og har meir kjøtfylde. Kystgeita har gode og sterke føter, tett ull og ragg.

Kystgeitehaldet - ein levande tradisjon
For så kort tid sidan som på 1940-50-talet hadde nesten "alle" ein kystgeiteflokk på Stadlandet. I 2006 er det ein handfull brukarar som driv med kystgeit her, fleire i ubroten tradisjon. Truleg er dagens dyr og drift i Selje siste rest av ein geiterase og eit geitehald som for lenger tid sidan hadde stor utbreiing på Vestlandskysten.

Eit særmerkt geitehald
Kystgeitene gjekk meir eller mindre ute heile året og trong lite fôring. Vinterstid kunne dei finne seg mat både på fjellet og i fjøra. I ein flokk var det oftast ein avlsbukk, "grabukken", medan dei andre hannane vart kastrerte.

Juleribbe og spekeskinke
Juleribbe og spekeskinke frå kastrerte bukkar, "gjeldbukkar", på 2-5 år, er topp-produkta i kystgeitehaldet. Andre tradisjonelle produkt er skjeltehaud, mylje, ispen, blodpølse og skræde. I dag er det helst ribbe og spekeskinke og kanskje blodpølse ein lagar.

Blodpølsedeig - ei oppskrift frå Borgundvåg
8 dl geiteblod
600 g skrelte, malte, rå poteter
10 ss farin
1 pk allehånde
2 ts salt
200 g netjetalg som vert hakka i bitar litt større enn sukkerbitar.
Alt vert blanda og byggmjøl hatt i til det vert ei tjukk suppe.

Skinn og bein
Tidlegare vart nærast alt brukt på kystgeita etter slakting. Skinn, horn, magesekk, innvollar, tarmar og talg (feittet) kunne dekke mange behov. Skinn kunne verte til vasstette beinklede til bruk på sjøen. Horn kunne verte både blåseinstrument og nåler til å sy nett rundt dei grøne glaskulene på fiskegarna. Tarmar og magesekkar vart skinn til blodpølser og andre pølser og talget kunne verte både såpe, smurning, tettestoff og brukt i mat.

Å ta vare på
Mykje er gjort for å ta vare på både dyra i seg sjølve og på tradisjonane rundt kystgeitehaldet. Mange har både vore og er involverte i dette, ikkje minst Kystgeitlaget, skipa år 2000, med mellom anna dei få som enno held fram med kystgeitehald i Selje. Genressursutvalet for husdyr og Norsk landbruksmuseum har også vore sterke aktørar. Det er til dømes lagra sæd frå tre kystgeitebukkar for å ta vare på genmaterialet.

Dokumentasjon av kystgeithaldet
I samarbeid mellom Norsk Landbruksmuseum, Selje kommune, Kystgeitlaget og Nordfjord Folkemuseum vart det i 2003-2004 gjennomført eit dokumentasjonsprosjekt med fokus på kulturhistoria rundt kystgeitehaldet. Nordfjord Folkemuseum stod for den praktiske gjennomføringa ved etnolog Ingrid Berger. Hovudkjelda var intervju med folk i Selje som hadde kystgeit eller hadde vakse opp med kystgeit.

Den fullstendige rapporten frå dokumentasjonprosjektet er trykt i artikkelform i Norsk Landbruksmuseum si årbok Jord og gjerning 2005. Her kan du lese meir om alt frå heimeslakting, mørning og konservering av kjøt, det daglege arbeidet, rytmer og onner i kystgeitedrifta til foredling av mat, matrettane og skikkane rundt dei og foredling og bruk av møkk, skinn, horn og feitt. Årboka kan tingast frå Norsk Landbruksmuseum eller Nordfjord Folkemuseum.

 

kjelder:

Bjellekua . Meldingsblad for Genressursutvalet Nr.1. s.4, 2003.
Berger, Ingrid 2004: Kystgeithaldet i Selje. I Jord og gjerning. Årbok for Norsk Landbruksmuseum. s.123-170. Norsk Landbruksmuseum. Østfold.
Berger, Ingrid 2004: Geita hadde vi berre for kjøt. I Årbok for Nordfjord - eit skrift for folkeminne og kulturminne. Nordfjord Sogelag, Sogn og Fjordane Ungdomslag og Nordfjord Folkemuseum, Sandane.
Børresen, Bergljot: Kunsten å bli tam. Folk og dyr i 18 000 år. Gyldendal Norsk Forlag. Oslo 1994
Børresen, Bergljot og Gjersøe, Vera: Husdyrliv. Gyldendal Fakta. Noreg.1999.
Drabløs, Dagfinn: Soga om smalen. Jubileumsskrift. Norsk sau- og geitalslag 1947-1997. Norsk sau- og geitalslag. Oslo 1997.
Eik, Lars Olav: Norsk geithald i fortid, notid og framtid sett frå produksjons og ressurssynsstad. Faginfo. Statens fagtjeneste for landbruket. Nr.20. NLH. Ås, 1991.

PERMANENT IDENTIFIKATOR