Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Sjur i Vaim



Den eldgamle slekta som hadde sete på halve Hovland med ei landskyld på 45 merker smør, døydde ut på 1790 talet. Knut Larsson Tronvik som var i mågskap på Hovland, tok over. Han var gift med Barbro frå Frivik. Den nye ætta var drivande og flinke folk. Dei hadde to søner, Hans og Daniel. Båe var utifrå kloke karar, og skiftast om å vera lærarar i krinsen.

Midt på 1800-talet dreiv Sjur Hansen - Sjur i Vaim - hotell og handel i Vadheim. Han hadde si eiga jekt som m.a. frakta ved til Bergen og varer heim att.

Midt på 1800-talet dreiv Sjur Hansen - Sjur i Vaim - hotell og handel i Vadheim. Han hadde si eiga jekt som m.a. frakta ved til Bergen og varer heim att.

Eigar: Biletsamlinga ved Universitetet i Bergen.

Datering: Ca. 1890.

Fotograf: Knud Knudsen.

Bonde og husmann

Hans fekk garden, medan Daniel vart husmann. Hans hadde åtte born. Den nesteldste heitte Sjur. Han tok til som kjøpmann i kjellaren under eldhuset hos broren då han så vidt var vaksen, og fekk også ei bot for ulovleg brennevinsomsetjing. Men etter at den nye postvegen frå Sunnfjord var ferdig i 1837, slutta folk å bruka dei gamle vegane til Hovland, frå Viksdalen over Markeset, og over Brekka frå Sande. Handelen til Sjur kasta difor lite av seg. Men i 1844 gifte han seg med dottera til gjestgjevaren i Vaimsgarden, Lukris Andersdotter, og flytte dit.

Den tida var Vaim ein grom gard. Heile området mellom dei to elvane, Vollen og Fløene, var ei frodig slette som bogna av korn og poteter. Ja, Fløene var no berre slåttemark, sidan sjøen fløymde inn i springflo og sunnanstorm.

Brennevinshandel, byved og tønner gjev god fortenste

Frå no av auka omsetjinga og inntektene monaleg. Den unge handelsmannen var på ferde seint og tidleg. Han bygde inntil og utvida dei gamle husa til gjestgjevaren. Bygsla fyrst grunn ved sjøen, men kjøpte seinare. Han skaffa seg ei stor jekt som han frakta ved og andre varer til Bergen med, og tok med varer til krambu og gjestgjeveri heim att. Hopa, dvs. sameiga, kalla folk jekta hans. Det tyder på at ho har vore eigd av fleire. Mågane på Løbø og i Vaim til dømes. Då han hadde tid, siglde han jekta sjølv. Høkerane i Strandgata la merke til denne staselege unge mannen som arbeidde så hardt, og han skaffa seg tidleg gode forbindelsar innan bank og kjøpmannskap.

Både Sjur og Lukris hadde stor slekt, så dei mangla ikkje arbeidskraft. Han kjøpte eit jordstykke på Sanden som fekk namnet Hotellåkeren. Der dyrka han det som trongst av grønsaker og poteter til gjestgjevarverksemda. Dei talrike borna i slekta held stykket fritt for ugras, og kjellaren til Sjur var alltid velfylt med sjølvdyrka mat. Snart skaffa han seg ei jekt til som for det meste frakta byved. Men også transport av tønner frå Sunnfjord kravde stor fraktkapasitet. I gode sildeår var det spørsmål etter tønner langs heile kysten. I alle kjellarar, naust og uthus, både i Sogn og Sunnfjord, stod gammal og ung og arbeidde tønner. Sunnfjordingane dreiv rein stordrift og somme år gjekk det nærare hundre tusen tønner over Vaim, noko liknande over Bygstad. Heile Bergen vart oppvarma med ved. Det trongst uhyre mengder, og fortenesta var god. Svogeren på Løbø siglde den andre jekta. Alle oppdrag og forteneste gjekk til slektningane. Dei hjelpte kvarandre og hang saman som erteris.

Ei ny tid

I 1858 tok Fylkesbaatane til med faste ruter på Sogn. Sjølvsagt fekk Sjur Hansen vervet som dampskipsekspeditør. Til å byrje med måtte dei ro ut og borde båtane, for ved den gamle jektebryggja var det ikkje djupt nok for dampen. Men Sjur klemde i veg og bygde ny kai med ein drabeleg ekspedisjon ved sida av. No hadde han handelen frå Skjerjehamn til Vik. Men det spørs om han hadde vore dyr på varene sine. Eit brev skrive i 1882 av syskenbarnet hans, læraren Hans Danielsen, tyder på det. I brevet bad han son sin i Bergen ordne både det eine og det andre av varer og sende heim med jektesiglaren Lasse Tangen. Sikkert nok av di Sjur var dyrare enn høkerane i Strandgata. Eller kanskje ikkje husmannen Hans og frenden Sjur var særleg gode bussar? Den eine slektsgreina vart kaksar, medan den andre som var rekna for den klokaste, vart husmenn. Slik går det ofte. Vårherre rår.

Bilete av Dampskipskaien.

Siste storverket

Etter at dampbåtar vart vanleg, fekk rike engelskmenn sansen for sommarferie på Vestlandet. Den storfelte naturen med fossar, laksefiske, fjellklatring, karjolturar med fotoapparat og mykje meir, freista. Sjur Hansen skjøna kva som trongst i den nye tida. Han fekk tak i byggmeistar, tromma saman det som fanst av skyldfolk til handlangarar, frakting og sjauing, og i 1882 stod eit staseleg hotell med kjellar og tre høgder ferdig.

Bilete av Vadheims Hotel i 1918.

Bilete av hotellverttinna Hansine Edvardine Eide til høgre.

Berre solskin?

Ein skulle tru at livet til Sjur og kona Lukris var eit travelt og lukkeleg tilvære. Men går vi til kyrkjebøkene og andre kjelder, finn vi ein annan røyndom.
Folk i Sogn og Fjordane vande seg snart på kaffi og kandissukker, skillingsbollar og sirup. Når pengane var slutt, var det å ta på krita hos Sjur. Og ein dag stod lensmannen på trammen med ein liten hammar i handa og ropa: "Gi bud! 1. gang! 2. gang! 3. gang! Solgt!!"
Enno verre var det i heimar der mannen la seg til med det sterke. Aldri har det vorte lese så mange vonde og svarte bøner framover Ytredalsvegen som når bøndene pengelause og skrale skrangla seg heimover med hest og kjerre som dei ikkje lenger eigde, men hadde pantsett for pengar til fyll. 20-30 gardpartar og skogar eigde Sjur ei tid.

Men alt kan ikkje kjøpast for pengar. Fyrste barnet, Hans, fødd i 1845, døydde før eittårsalderen. Så kom det eit barn for året i fem år. Alle døydde småe. Men så kom Kristian og året etter Andreas. Dei vart båe 77 år. Så kom eit barn til, og endå eit. Båe døydde småe. Så kom Edvard i 1856. Han var ein triveleg krabat, men fem år gammal drukna han. Ulukkene var utan ende for dei arme foreldra.
Til slutt kom det tolvte barnet i 1857. Då var det slutt på kreftene til den stakkars mora og ho døydde 34 år gamal. Inga kvinne i Sogn har fått ein verre lagnad. Barnet Lukris vart eitt år.

Nytt ekteskap, meir pengar, men lita lukke

I 1860 vart Sjur gift på nytt. Denne gongen med ei storbondedotter frå Gaular, Nilske Olsdotter Døskeland. Faren var Gaulars rikaste mann. Ein kan vel knapt tru det var av kjærleik den atten års gamle jenta gifta seg med ein førtiåring, men den tida lydde borna sine foreldre. Med Nilske fekk Sjur ni born. Berre fem av dei nådde vaksen alder. Noko som også var vondt, var at sønene som voks opp, tidleg fekk smak for alkohol. Eit par av dei var det reint ille med til tider. Og frua sjølv vart så drikkefeldig i sin alderdom at ho gjekk rundt og tigga øl av gjestene. Det seiest å koma av at ein gong jaga ho bort ei fantekjerring som tigga. Fantekjerringa kasta vondt på henne til takk. Ja, ja, den eine forklaringa kan vera like bra som den andre. Iallfall er det ikkje rart at snakket har gått i Vadheim om forbannelsen i Hansen-slekta.

Då hotellet stod ferdig var Sjur 62 år, men han heldt fast i taumane enno i mange år. Han døydde i 1898, 78 år gammal. Som menneske veit me lite om Sjur. Det ser ut til at han la om til bymål og byklede etter tidas skikk mellom handelsfolk. Om han hadde problem med alkohol eller andre veikskaper er ikkje kjent. Heller ikkje om han var religiøst eller politisk interessert. Det er som framsynt gründer han vert hugsa. Mannen som skapte Vadheim om frå ein søvning avkrok med nokre bønder og husmenn til ein av dei livlegaste handelsplassane i Sogn.

Portrettbilete av Sjur Hansen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Adolf: Ættebok for Kyrkjebø, band I. Boktrykk-Norsk Skjemaforlag. Bergen 1981.
Førsund, Adolf og Sigurd: Bygdebok for Kyrkjebø, band II og III. Bygdeboknemnda for Kyrkjebø. Bergen 1963.
Mor og far av forfattaren.
Gamle folk i bygda.

PERMANENT IDENTIFIKATOR