Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. august 2010

Sist oppdatert 16. juli 2021

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane - Stoppestaden Berle



Boka "Dampen og kaia" (1998) handlar om båtstoppestadene i Sogn og Fjordane i tida 1858-1998. Forfattaren, Finn B. Førsund, fortel kort og informativt om i alt 234 stoppestader. Berle i Bremanger har ein omtale på ca 150 ord. Ei skildring i Måløy-avisa "Fjordenes Tidende" (1984) er meir omfattande. Lesaren får eit større og meir nyansert bilete av stoppestaden Berle. Artikkelen her har tre deler: - ein kort presentasjon av bygda Berle, omtalen i "Dampen og kaia" og stykket i "Fjordenes Tidende".

<p>Berle fekk kai i 1958. F&oslash;r den tid m&aring;tte dei borda Dampen med ekspedisjonsb&aring;tar. Her ser me tre. Sj&oslash;bua til h&oslash;gre var ekspedisjonslokale. Landet i bakgrunnen er aust i Fr&oslash;ysj&oslash;en. Fylkesb&aring;ten kan vera &rdquo;Sogn&rdquo; eller &rdquo;Nordfjord1&rdquo;</p>

Berle fekk kai i 1958. Før den tid måtte dei borda Dampen med ekspedisjonsbåtar. Her ser me tre. Sjøbua til høgre var ekspedisjonslokale. Landet i bakgrunnen er aust i Frøysjøen. Fylkesbåten kan vera ”Sogn” eller ”Nordfjord1”

Eigar: Reidar Ytre-Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1900-1949.

Fotograf: Ukjend.

Bygda Berle

Bremangerlandet heiter den største øya vest i Bremanger kommune. Øya er skilt frå fastlandet med Frøysjøen i sør og aust, og frå Rugsundøya ved den tronge Skatestraumen i nord. Berle ligg aust på Bremangerlandet. Rutebåtane kunne ikkje leggja til kai i Berle før 1956 då ei mudra renne inn ytste delen av pollen vart teken i bruk. Bygda fekk vegutløysing i 1978 med tunnell nordover. Under 2. verdskrigen bygde tyskarane eit heller stort festningsanlegg på Gotraneset på garden Skarstein sør i bygda.

Omtale i Dampen og kaia

Alt i 1868 tilrådde Bremanger kommune stoppestad i Berle, og staden kom med som stjernestopp [båten stoppa på signal], truleg i 1876. Berle finn vi som stjernestopp i ei nordfjordrute i 1890, og i eit tre år eldre stoppestadoversyn ser vi at her då var litt trafikk.

I lang tid vart det arbeidd for å få mudre opp ei renne inn til Berle med ei djupne på 4,5 meter, og kai vart bygd i samanheng med det. Folket her hadde Måløy som handelssenter, og dermed var båtrutene dit viktige for dei. Men sjølvsagt var sambandet til Florø med korrespondanse til Bergens-rutene viktig også.

I lokalavisene kan vi lese at den 6. desember 1956 var ein merkedag i Berle. Klokka 13.30 vart det avfyrt salutt, skuleborna hadde fri, flagga small i vinden, og på kaia var det mykje folk som tok imot "Hornelen", som var det første større båt som la til kaia i Berle. Dette var ei bygd utan vegsamband, og som då hadde gode krav om kai.

Bilete av omslaget til "Dampen og kaia."

Omtale i avisartikkel

Måløyavisa Fjordenes Tidende hadde i julenummeret 1984 ein heilsides artikkel om Berle som båtstoppestad. Tittelen var: ”Skipsrutetrafikken på Berle var eit eventyr”. Vi får høyra om dampskipsekspeditørane, båtar og bording, om reisande, lossing og lasting, og om endringar gjennom fleire generasjonar. Artikkelen er attgjeven slik han står i avisa, med tekst og mellomtitlar. Vi har skote nokre opplysningar inn i hakeparantesar.

Berle

var tidlegare heilt avhengig av sjøverts samband, men for få år sidan fekk vi vegsamband [1976]. Likevel betyr den sjøverts trafikken mykje, også i dag [1984]. Skipsekspedisjonen i Berle har no i fire generasjonar vore styrt av familien Ytre-Hauge. Det er ganske eineståande. Rasmus Ytre-Hauge hadde jobben frå 1902 til 1923. Då overtok Kristen Ytre-Hauge fram til 1957. Sigvald Ytre-Hauge førte arven vidare frå 1957 fram til 1983 (han var og med og ekspederte i 60 år). Reidar Ytre-Hauge overtok i 1983.

Stoppestad

Kva tid det vart stoppestad for dampskip i Berle veit ein ikkje heilt nøye. Ved kjempeeksplosjonen i Bergen under krigen [1944] rauk heile FSF sitt arkiv. Undersøkingar som er føretekne i bygda og ved Florø postkontor tyder på at ekspedisjonen starta 1. januar 1888 [stjernestogg 1877, kanskje før]. Den ruta som Berle først kom med i var hovudruta som gjekk frå Bergen til Nordfjord og retur. Den fyrste dagen båten stoppa i Berle må ha vore ein stor dag for bygda, kanskje den viktigaste hendinga i heile det førre århundret. Folk samla seg langs med stranda for å ta imot ”dampen”. No skulle også Berle-folket få reise med slike skip.

Ekspedering av dampane

Det var inga kai i Berle som båten kunne gå inn til. Dei måtte difor ro bort til ”Dampen” for å ”bore” han, som dei sa. Varer og passasjerar vart tekne ut eller inn gjennom ei luke i skipssida. Det gjekk 70 år før ”dampen” kunne legge til kai i Berle. Fyrst då vart det slutt på den vanskelege og ofte fårefulle oppgåva å ”bore” skipa ute i opne fjorden. Fyrst i 1958 [1956] då sundet var ferdig mudra kunne dei store ”dampane” gå inn på hamna og legge til kai.

Ikkje enkelt

Havet står mest rett på inn fjorden her på nordsida av Frøysjøen, og det kunne ikkje vere enkelt å ”bore” dei store ”dampane” med robåtar. Når veret var uroleg, måtte ein nytte seksring eller femkeiping. Til vanleg – når veret var bra – kunne frå 2 til 4 mann ekspedere båtane. Når det var mørkt og uroleg ver, var ekspeditøren avhengig av å få hjelp frå naboane. Åtte mann måtte ein vere i kuling og storm for å klare ekspederinga.

Slit

Berre det å ro ut til ”Dampen” i ruskever måtte vere litt av eit slit. Den vanskelegaste oppgåva var likevel å koma inn til skipet i grov sjø. Dei kunne lett få knust til pinneved dei små båtane mot skipssida. Det var neimen ikkje lett å få varer og passasjerar om bord. Men desse ”Gamlekarane” var erfarne og sterke sjøfolk. Dei takla dei mest fårefulle situasjonar.

Vanskelege oppgåver

Dei som hadde til oppgåve å få varene frå og til ”dampen” sto ofte overfor vanskelege situasjonar. Mange gonger var det so mykje varer at dei måtte ro to gonger til ”dampen”. Det var gonger det var 20-30 sekkar med kjøt som haustane. Det hende og at folk kom med varer og dyr frå andre bygder som skulle sendast. Det var mange gonger eit under at det ikkje gjekk gale.

Levande dyr

Verste oppgåva karane kunne få var å sende levande dyr. Hestar, kyr eller oksar. Dramatikk var det å få dyra ombord i robåten. Store, sterke og ofte ville dyr. Dei måtte bindast godt, slik at dei ikkje bykste på sjøen. Eit godt knep var det å feste rova stramt ned i båten. Så var det berre å håpe på at dyret ville stå roleg til dei kom bort til ”dampen”, og kunne få sele på det og heist det om bord. Det gjekk ikkje alltid etter planen.

Trakka hol

Ein gong dei hadde ein hest om bord i robåten måtte dei gje opp til slutt. Hesten hadde då trakka hol i båten og vatnet fløymde inn. Hesten stod med begge framføtene gjennom båten. Slike ting hende mange gonger.

Ein annan gong hadde dei fått hesten vel om bord i seksringen og var komne frå land. På veg bort til ”dampen” blei hesten uroleg og karane greidde ikkje å halde han så han hoppa rett å sjøen. Gamlekarane ordna også det problemet på ein overbevisande måte. Dei snudde ikkje for å berge hesten på land igjen. Nei då, dei heldt fram med å ro, og slepte hesten etter seksringen bort til dampen. Då dei var komne bort, vart selen slakka ned. Og medan hesten låg i sjøen, fekk dei selen på, og kunne heise han trygt om bord.

Farefulle situasjonar

Opp gjennom åra var det med ei rad fårefulle episodar i fleng å beretta om, men det blir å gå for langt. Veret kunne mange gonger vere sers stormfullt. Ein gong bryllaupsfolk skulle i land i Berle kom ein brottsjø og fylte halve seksringen. Og bryllaupsfolket måtte berre fare vidare til Måløy. 

Sju - åtte barske tyske soldatar skulle ein gong i land i Berle. Dei nekta imidlertid plent å gå om bord i den vesle båten i det stormfulle veret. Slikt var det mykje av.

”Dampane”

Ei reise med desse båtane til Bergen tok om lag to døgn frå Berle. Dette var i byrjinga då båtane låg i ro om natta. Men etter kvart fekk båtane betre utstyr. Ein fekk og lykter langs leia, slik at båtane også kunne gå i mørkret. Reisetida vart nesten halvert.

På den tida var det staselege båtar som trafikkerte. Det var gode sjøbåtar som kunne trasse uvêr. Bra fart hadde dei og. Gamle ”Sogn” t.d. gjorde 11 knop. Dei fleste var i drift til etter 2. verdskrig.

Før hundreårskiftet [1800/1900]

vart det klaga mykje på forholda for dei reisande. På kvar båt var det tre klassar. 1. klasse var berre for ”storfolk”. 2. klasse var litt billegare, men likevel dobbelt så dyr som 3. klasse. Dei aller fleste på den tida hadde lite pengar å rutte med og måtte reise på 3. klasse. Desse måtte halde seg framme i båten, eller dei kunne stå i lasterommet om der var plass.

Etter kvart fekk ein det framskritt at det vart overbygg framme. Dei med 3. plass-billett kunne smette inn her og stå eller sitje. Eit sitat frå ein reisande syner litt av tilhøva inne på ”Bondestova” (rommet på på 3. plass vart kalla det):
 

”Umframt det der er jamt over stor trengsel på 3. plass, så er det ofte slik ståk med banning, kortspel, skrik og skrål at det av den grunn kan vere godt for ein som mislikar slikt, at dei for rimeleg pris kunne få ta inn andre stader.”

Over til motorbåtar

I 1950-åra vart dei fleste av dei gamle dampbåtane frå førre hundreåret skifta ut med nye skip. Det vart og omlegging av rutene. Småstadane fall ut på hovudrutene og fekk i staden fleire lokalruter. Slik også med Berle. Det blei fleire lokalsamband til Måløy og Florø. Det einaste av hovudrutene bygda fekk behalde var ei lasterute eller to for veka. Dei andre rutene slutta i 1961. Eit par år før vart det oppretta kombinert vare- og lokalrute til Måløy. Dei vart utført av mindre motorbåtar som FSF [Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane] leigde. Det var lite komfortabelt for passasjerane om bord og det viste seg snart at båtane ikkje greidde å fylle sine oppgåver.

Bilete av MS "Kila," ein leigebåt hjå Fylkesbaatane.

”Maaløy”

I midten av 60-åra blei det ei betring. Då fekk bygda anløp av ”Maaløy”, ein stor og staseleg båt som tjente godt si oppgåve den tida den gjekk i rute opå Berle. Berle har no [1984]vegsamband, men framleis har bygda so godt som dagleg sjøverts samband med Måløy. Det er M/S ”Opstad” som går i denne ruta. Og ekspedisjonen i Berle eksisterer den dag i dag i fjerde generasjon, etter å ha hatt ei eventyrleg historie bak seg. 

Bilete av "Maaløy" på kai på Kjelkenes.

Bilete av rutebåten "Opstad" til kai i Berle på 1980-talet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordenes Tidende. Julenummer 1984.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia. Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Selja forlag 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR