Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. november 2001

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bøyum Pensjonat



Like ved vegen i Balestrand sentrum ligg ein stor trebygning. I dag vert huset kalla Bøyum Pensjonat, men her har vore pensjonat, hotell, framhaldsskule, mellomskule og statsrealskule. Til slutt vart det på nytt pensjonatdrift i huset.

Johan og Karen Kvammen ville satsa vidare då krigen var over. I 1921 opna dei Kvammens Hotell med 75 senger. Dette var eit vakkert bygg med små arkar på taket. Desse vart seinare tekne bort.

Johan og Karen Kvammen ville satsa vidare då krigen var over. I 1921 opna dei Kvammens Hotell med 75 senger. Dette var eit vakkert bygg med små arkar på taket. Desse vart seinare tekne bort.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1924.

Fotograf: Ukjend.

Kvammens Hotell

I 1908 kjøpte Johan Kvammen frå Lavikdalen og Karen Olsdotter Kvikne frå Lærdal denne eigedommen. Karen var i slekt med dei som dreiv Kvikne's Hotell. Då dei gifte seg i 1907, var Johan skomakar og Karen hotelltenar. I 1912 bygde dei Kvammens Pensjonat. Dette gjekk godt i dei gode åra før 1. verdskrigen. Etter kvart vart staden utvida med kjøp av granneeigedommar slik at dei hadde nok areal til å utvida.
I 1921 opna dei Kvammens Hotel med 75 senger. I slutten av 1920-åra vart det vanskar med drifta, og i 1931 vart det gjort kjent at Johan Kvammen var konkurs. Året før hadde han mist kona si så dette var tunge tider for huslyden. Etter konkursen vart Kvammens Hotell seld på auksjon til Oddmund Bøyum frå Fjærland. Johan Kvammen drog frå bygda og fekk seg arbeid som seljar. Nokre år seinare vitja han Balestrand som handelsreisande.

Framhalds- og mellomskule

I 1925 vart Balestrand 2-årige framhalds- og mellomskule skipa. Oddmund Bøyum (1893-1948) frå Fjærland vart tilsett som styrar. Dei første åra heldt skulen til på barneskulen Sagatun. Då Kvammens Hotell kom på sal, meinte Bøyum at kommunen burde kjøpa dette til skulehus. Kommunen sa nei, og då kjøpte like godt Bøyum det for eigne pengar. Kvammens Hotell vart no skulebygg. Elevane kom både frå bygda, men òg frå Bergen og mange bygder på Vestlandet. Frå 1947 til og med skuleåret 1951/1952 heldt Balestrand Statsrealskule til i bygningane, med klasserom, hyblar og matservering for utanbygds elevar.

Pensjonat att

I 1965 tok Eli Bøyum til med Bøyum pensjonat. Ho var dotter til Oddmund Bøyum. Sesongen starta kring midten av juni, og Eli dreiv verksemda med 1-2 to medhjelparar. Bøyum Pensjonat var i drift fram til kring 1990. Eli Bøyum var òg lærar i Balestrand i mange år. I eldre tid skal det ha vore ein urmakar i kjellaren på det eldste huset. Det var truleg ein som heitte Bjåstad.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Laberg, Jon: Balestrand, Bygd og Ætter. Bergen 1934.
Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards- og ættesoge. Bind II. Balestrand 1991.
Intervju med eldre folk i Balestrand.

PERMANENT IDENTIFIKATOR