Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Askvoll sjukeheim



På Ask i Askvoll dreiv Sogn og Fjordane fylke i over 40 år sjukeheim for tuberkuløse. Dette var den store folkesjukdommen i første halvdel av 1900-talet, og det vart bygt opp ei rekkje heimar og sanatorium der dei sjuke vart plasserte og behandla. Først etter andre verdskrigen kom det gode medisinar, og talet på tilfelle av tuberkulose har gått kraftig tilbake.

Askvoll og ytre Ask sett frå Olsetvikane, med sjukeheimen midt på biletet.

Askvoll og ytre Ask sett frå Olsetvikane, med sjukeheimen midt på biletet.

Eigar: Dagmar Ask.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Kampen mot ein epidemisk sjukdom

Tuberkulose, eller tæring, som sjukdommen også vart kalla, greip om seg på 1800-talet. Med aukande urbanisering og tettare busetnad vart folk meir utsette for smitte. Kring 1900 var sjukdommen årsak til kvart femte dødsfall. Mellom 1901 og 1950 døydde over 180 000 av tuberkulose.

Først i 1947 kom det effektive medisinar mot tuberkulose på marknaden. Før den tid var det "kuring" som var viktigaste behandlingsforma. Dei sjuke skulle ete sunt, kvile mykje, og vere mykje ute i frisk luft, gjerne sjøluft eller fjelluft. Etter kvart vart det bygt opp ei rekkje særskilde sjukehus, sanatorium, for tuberkuløse.

Bilete av Alf Tronstad som var arbeidsufør og ein pasient ved sjukeheimen på Ask.

Mislukka byggjeprosess

I 1909 kom det opp spørsmål om særskilde sjukeheimar for tuberkuløse i Sogn og Fjordane. Etter tilråding frå ei nemnd vedtok "amtsutvalet" i fylkestinget å byggje fire slike heimar, to i Sogn, ein i Nordfjord og ein i Sunnfjord. Sistnemnde vart vedteken lokalisert til Askvoll. Byggjearbeidet kom i gang, og sjukeheimen stod ferdig i 1913. Men det viste seg snart at det hadde vore kommunikasjonssvikt mellom byggmeisteren og byggjenemnda, som mellom anna hadde legar som medlemer. Det mangla både liggjehall og samlingsrom, og det var dårleg isolasjon mellom delen for dei som skulle liggje der for tuberkulose og dei som låg der for annan sjukdom. Det vart såleis naudsynt med mykje ekstraarbeid for å setje sjukeheimen i god stand.

Bilete av omstreifaren "Pussesteinen" si hytte.

Livet på ein institusjon

Liggjehallen på Ask vart kalla "Kuren", og var eit eige bygg med skråtak og opning mot sør. Her låg pasientane ute for å nyte sol og frisk luft. Elles hadde dei eige arbeidsrom i kjellaren der dei laga korger og liknande som vart selt på bygda. Sjukeheimen heldt seg med eigne høns, og hadde ein robåt slik at pasientane kunne skaffe fisk. Mjølk vart kjøpt inn frå dei næraste gardane. Kommunelegen i Askvoll hadde jamlege visittar på sjukeheimen. I tilfelle operasjon vart dei sjuke sende til sanatoriet i Luster. Det var elles ikkje berre tuberkuløse som var innlagt ved sjukeheimen, også ein del andre.

Bilete av sjukeheimen "Kuren."

Bilete av Ask.

Frå tuberkuloseheim til sjukeheim

Med dei effektive medisinane ein fekk etter andre verdskrigen, minka behovet for eigne sjukeheimar for tuberkuløse. I 1954 la fylket ned drifta av sjukeheimen på Ask. I staden overtok Askvoll kommune heimen og dreiv han vidare som vanleg kommunal sjukeheim fram til 1977. Seinare har hovudbygningen vorte leigd ut som bustad.

Bilete av Magnus Spord i midten, og sjukepleiarar rundt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn og Fjordane fylkesting. Forhandlingar 1954.
Munnleg kjelde:
Dagmar Ask (f. 1918), Askvoll.
Karlsen, Jan og Skogheim, Dag: Tæring. Historia om ein folkesjukdom. Oslo 1990.
Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Leikanger 1958.

PERMANENT IDENTIFIKATOR