Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2004

Sist oppdatert 29. april 2020

Kategori

Rå-data

1905 - Folkerøystinga 13. august



I 1905 vart Noreg eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om folkerøystinga 13. august.

Stedje kyrkje i Sogndal folkerøystingsdagen 13. august 1905.

Stedje kyrkje i Sogndal folkerøystingsdagen 13. august 1905.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1905.

Fotograf: Reppen.

Minnedag "fra Slegt til Slegt"

"En stor festdag blev Affstemningen her i Vik", skreiv avisa Sogningen om folkerøystinga den 13. august. "..en Dag, som aldrig vil glemmes i Bygdens Historie, men komme til at staa som en Mindedag fra Slægt til Slægt."

Ja eller nei til unionsoppløysing

Det var 28. juli 1905 Stortinget gjorde vedtak om at det skulle haldast folkerøysting søndag 13. august. Folket (dvs. dei som hadde røysterett) skulle svara ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad ved Stortinget sitt vedtak 7. juni.

I heile landet var valdeltakinga 85%; 368 208 svara ja, 184 svara nei. Dei tilsvarande tala for Sogn og Fjordane fylke var 92,5% (nummer to av alle fylka frårekna byane), 16 819 ja og 3 nei. For Vik valsokn var tala 98,4% (høgaste prosentvis deltaking i heile landet!), 692 ja, ingen nei.

"Mød frem! - Stem ja!"

For Stortinget og Regjeringa var to ting svært viktig; - at flest mogeleg deltok i valet, og at alle røysta "rett", at dei røysta Ja! Stor deltaking og eit "samrøystes ja" ville visa Sverige, og utlandet, at eit samla folk stod bak 7. juni-vedtaket, og at eit samla folk stod bak Stortinget og regjeringa.

På same måten som heile folket utover våren hadde slutta opp om styresmaktene i konsulatsaka gjennom ei mengd fråsegner, vart det no ei kraftfull mobilisering på grasrotplan for nettopp dette: - å få folk til å møta fram, og røystaja. Fjordenes Blad skreiv:

Det eneste ord, som maa findes paa stemmesedlerne den 13de august,er JA! Og hjælp saa ogsaa alle og enhver til, at der i vore bygder ikke mangler en eneste af dem, som har retten til at stemme. Thi med retten følger ogsaa ansvaret!

Valkamp

Vi kan trygt gå ut frå at folkerøystinga var det "ståande samtaleemnet" i kvar einaste bygd i byrjinga av august 1905. Avisene var det viktigaste valkampmidlet, - fyrst og fremst dei seks avisene i fylket den gongen. Alle var "fulle av" folkerøysting. Somme trykte opp større opplag enn vanleg og minst ei avis kom med ekstranummer. Blada oppmoda folk om å levera avisa vidare til andre når dei hadde lese ho.

Avisene både melde om opprop og hadde heile opprop på trykk, til dømes frå amtmann Utheim. Dei saksa røystestoff frå riksaviser og andre blad. Dei oppmoda ungdomar og ungdomslag, lærarar, kvar og ein, om å orientera og opplysa, driva valkamp, - få folk til å nytta røysteretten sin, enten ved å levera "forfaldsanmeldelse" eller å møta fram. Dei oppmoda også om å hjelpa til med skyss.

Avisene seier også noko om korleis somme verdsette eventuelle nei-folk, - nidingar, svenskar, svikarar, ikkje verdige til å gravleggjast i norsk jord. I Sogn og Fjordane var det tre som røysta nei, to i Sogndal og ein i Selje.

Skyss til røystelokala

Valdeltakingsprosenten på 92,5 var høgare enn noko val både før og seinare. Sogn og Fjordane kom på andreplass på landsbasis. Korleis kunne dette la seg gjera med "den tids kommunikasjonar", med berre nokre få vegstubbar her og der?

Noko av svaret må vera at folk var vande med å ta seg fram til sjøs og hadde farkostar av alle slag å hjelpa seg med. Vi veit at det blei lagt maksimalt til rette denne dagen for at veljarane skulle nå fram til røystelokala. Fylkesbaatane la om rutene sine og sette opp ekstraturar. Fleire stader gjekk private båteigarar i valskyss, som til dømes Ulf Lem og Ulvesund fiskeriselskab i Vågsøy, slik det går fram i ei avisnotis:

[Fiskebåten] "Ruth" gikk til Vaagsvaag med anløb af Holevik, "Kveldulf" gikk til Skavøpold og hentet folk fra fastlandet. Side om side gled saa disse kampfeller nordover Ulvesundet med sine dyre laster, vakkert hilset af en flagsmykket bygd. "Skjold", "Skallagrim" og "Egil" var gaaet indover til Davik og Rugsund for at assistere der.

Høgtidsdag - vallokala vakkert pynta

Erling Vindheim fortalde i august 1955 om minne han hadde frå 13. august 1905. "Dagen har festet seg i minnet", sa han, "det står for meg som ein solskins-sundag." Han fortalde om to menn, og særleg den eine hadde festa seg i "minnekransen" hans, holmedalsbonden Jens Engebø.

Han kom med ein stor fletta lyngkrans, forma som som eitJa og sette opp på veggen nær preikestolen. [Og] frå den stund vart Jens Engebø "min mann", fortalde Erling Vindheim, "og vart det alltid sidan.

Kyrkja i Holmedal var røystelokale og det var vakkert pynta der. Slik var det i andre valsokn óg. Kyrkjene var mest alle stader nytta til røystelokale og det var pynta med flagg og grønt, i mange høve både ute og inne. Vi "veit" heilt nøyaktig korleis det vart gjort nokre stader. Fotografen Isak Hellebust "foreviga" Eid kyrkje som vallokale, og signaturen "S-e" sende lesarbrev til Fjordenes Blad om korleis det var pynta utanfor og inne i kyrkja på Røysa på Nord-Vågsøy.

Røisens kirke var udmerket pent dekoreret - (..) med grønne baand af lyng rundt prækestolen og de to søiler ved opgangen til koret. Længere oppe var mellem disse bundet op af lyngblomst "13/8 1905", og øverst opp hang et stort nyt, norsk flag, ligesom birkekviste titted frem bag hvert hjørne.(..)
Et kvarter før et [12.45] tog kirkeklokken til at kime samtidig som der heistes flag paa de ved indgangen til kirkegaarden anbragte flagstænger.

"et eventyr"

Lesarbrevet til "S-e" er så utførleg skrive at det langt på veg let seg gjera å rekonstruera røystedagen i Røysa-kyrkja. Høyr berre:

Rundt et lite bord i koret, hvorpaa en nyanskaffet valgurne med en saadan inskription var anbragt: "Folkeaffstemningen i Vaagsø 13. august 1905," havde stremmestyrets medlemmer med nationale sløifer paa brystet grupperet sig. Grundlovens § 50-53 samt Storthingets beslutning av 28. juli blev saa oplæst.

Kl. 1 traadte stemmestyrets formand frem og bad forsamlingen synge første vers af fædrelandssangen. Hele forsamlingen reiste sig og sang: "Ja, vi elsker dette landet". (..)
Kl. 3 var affstemningen færdig, og den talrige almue begav sig hjem hver til sit med dagens minderige begivendhed over sig. For de fleste mere som et eventyr end en virkelighed.

Meir om resultatet

Straks røystinga var over talde valstyra opp røystene og sende resultatet "paa hurtigste maade" til styresmaktene i hovudstaden. Resultata kom snart i avisene, og det vart laga fleire tabellar til Stortingsmelding nr. 16, 1904-1905, om folkerøystinga. Tabell 1 inneheld resultata for kvart valsokn ordna amtsvis (fylkesvis), tabell 2 viser resultata for landdistrikta oppsette amtsvis, og tabell 3 omfattar kjøpstadene.

Kommunale heidersutgifter

Amtmann Utheim sende kort tid før folkerøystinga rundskriv til kommunane der han ba dei vurdera å ta utgiftene ved folkerøystinga - som eigentleg var utgifter staten skulle bera. Han skreiv:

La det blive en æressag for hvert herredsstyre frivillig at bære denne lille udgift

Som et udtryk ved siden af vore enstemmige JA er for vor inderlige tak til statsmagterne, fordi de med klogskab og resoluthed benyttede det rette tidspunkt til fædrelandets frigjørelse.
Som et udtryk for vor store glæde over, at vi alle fik anledning til at være med og give vore tilslutning.
Og som vidnesbyrd om, at vi alle er villige til - om saa maatte kræves - at yde hvilketsomhelst offer for vort elskede fædrelands frihed."

kjelder:

Fjordenes Blad. 23.08.1905.


Heiberg, J.V.: Unionens Opløsning 1905.


Firda Folkeblad. 15.08.1955.

PERMANENT IDENTIFIKATOR