Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gamle Restøylen



Vi kjenner til at tidlegare hadde Re-brukarane støl i Kålemarka på Breimsfjellet.

Re har fått avsett plass til stølsbol ved Hetlastøylen. 12 seltomter er avsett i terrenget. Ein er til no teken i bruk. Fram til 1722 hadde Re støl i dette området, men oppsitjarane på Kåle fekk medhald i at Re-brukarane måtte finna seg nytt stølsområde.

Re har fått avsett plass til stølsbol ved Hetlastøylen. 12 seltomter er avsett i terrenget. Ein er til no teken i bruk. Fram til 1722 hadde Re støl i dette området, men oppsitjarane på Kåle fekk medhald i at Re-brukarane måtte finna seg nytt stølsområde.

Eigar: I Støylat i Breim.

Datering: Før 1938.

Fotograf: Ukjend.

Flytting av stølen

I Ålandsboka står det: "Um stølen vart det mykje strid millom Re og Kaale. I 1680-aari kravde Absalon Kaale 8 skill. eller eit dagsarbeid um aaret av kvar Re-mann i grunnleiga for stølen. Dette ville ikkje Re-brukarane vere med på. I 1722 var det aastadsak um dette. Daa retten fann at Kaale leid skade av Re-krøteri, dømde retten at Re-stølen skulde flytjast lenger inn og upp paa fjellet til ein turr haug, Nystølen, der det var lagleg stølstuft." Om det var på denne tida dei flytta stølen til noverande stad, veit vi ikkje.

Restøylen på Breimsfjellet

Re hadde i eldre tider stølsrett på Breimsfjellet. Etter sak i 1722 måtte dei flytte stølen frå Kålemarka. Retten påla dei å flytte lenger inn og opp på fjellet. I jordskiftesak om Breimsfjellsameiga, sak 12/1985, vart det godtgjort at Re hadde stølsrett. Retten avsette plass til stølsbol for Re ved Hetlastøylen. 12 seltomter er avsett i terrenget. Ein er teken i bruk til no.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR