Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. november 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bedehuset i Tyssedalen



Tyssedalen i Dalsfjorden går sørover frå gardane Leitet og Tysse til Tyssedalsvatnet. Tyssedal var eigen skulekrins. Skulehuset stod kring 2 km sør i dalen. I 1907 bygde dei nytt skulehus. Læraren i bygda kjøpte det gamle huset, flytte det og sette det oppatt som bedehus. No er det fleire år sidan bedehuset var i bruk, men huset er framleis i god stand.

Bedehuset i Tyssedalen. Huset er etter måten i god stand og skifertaket heilt tett.

Bedehuset i Tyssedalen. Huset er etter måten i god stand og skifertaket heilt tett.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Huset

Bedehuset i Tyssedalen ligg ved garden Engeset, tett attmed vegen om lag 1 km sør for vegkrysset på Tysse. Det er eit lite kvitmåla hus på låg grunnmur, om lag 10 m langt og i underkant av 6 m breitt. Taket er tekt med skifer. Huset har eit lite vindauga på nordveggen, eit mykje større med 36 småruter i sør og takvindauga (ljore) på austsida.

Inne

Ved inngansdøra ligg ei stor dørhelle. Døropninga er låg, - vaksne folk må bøya seg når dei går inn. Huset har tre rom og er ei typisk sperrestove. I norde enden er det gang og kjøken med halvloft over kjøkenet. Det går tropp frå gangen opp til loftet over kjøkenet. I den søre delen, stova eller salen, er det open himling med bete (bjelke) tvers over.

Innreiing og inventar

Noko av inventaret står framleis i huset. I stova står ein etasjeomn like innom døra, og ein stor talarstol. Då bedehuset var i bruk, stod talarstolen ved langveggen til høgre frå døra. Benkene, som ikkje hadde ryggstø, stod såleis på langs i rommet. På dagtid kom det store vindauga og takvindauga (ljoren) vel med. Det var lyst i bedehussalen.

I gangen står ein annan talarstol, eit staseleg møbel, bygd med sju sider og fast brett for bok eller bibel. Talarstolen er overflatebehandla med måling i engelskraud farge og det er innslag av marmorering på felt i fem av sidene. Heile kanten oppe ber preg av lang tids bruk. Målinga er heilt borte. Denne talarstolen har etter alt å døma ikkje vore brukt i bedehuset. Kåre Hauge minnest at talarstolen stod i skulehuset sør i dalen då han gjekk på skulen. I kjøkenet er der lite att av koppar og kar. Ei gamal valurne på ei hylle ber bod om at bedehuset i farne tider vart brukt som vallokale i Tyssedalskrinsen.

Bedehusbyggjaren

Det var lærar og gardbrukar Rasmus Andreasson Skarstein (1849-1936) som bygde bedehuset. Han hadde gått lærarskulen på Volda og blei tilsett i Fjaler (då Ytre Holmdal kommune) i 1870. I år 1900 budde Skarstein på garden Engeset og var lærar i Tyssedal skulekrins. Skarstein var gift tre gonger, først med Kristiane f. Hauge, deretter med Inger (1856-1908) og så i 1909 med Sara Madsdotter "i Hamnen" (?-1957) Alle ekteskapa var barnlause. Då dei bygde nytt bedehus på skulestaden sør i Tyssedalen, kjøpte Skarstein det gamle skulehuset og flytte det til noverande stad. Han åtte bedehuset privat, men gav det seinare til bygda.

Bedehusminne

Elfrid Hovland, f. 1931, bur i Dale. Ho voks opp på Leitet. Hausten 2007 fortalde ho om bedehuset, somt ho hugsar frå ho sjølv gjekk der og somt ho veit om bedehuset elles. Dei heldt juletrefestar på bedehuset til inn på 1950-talet. Då vart juletrefestane flytte sør i skulehuset. Borna gjekk på søndagsskule. Borghild Tysse var søndagsskulelærar. Det var stas å få gule stjerner på søndagsskulekortet.

Elfrid minnest at det var møte ved omreisande emissærar om haustane. Alle møtte opp, både gamle og unge. Ein frå bygda opna møta og ynskte velkommen før emissæren heldt tale. Ho minnest Matias Orheim var på besøk. Han spelte på glas. På den årlege sjømannsbasaren kom det óg alltid ein tilreisande talar. Det var kvinneforeininga til sjømannsmisjonen sin basar. Dei laga dukar, sokkar, strikkejakkar og hekla ting som vart hengt opp på snorer på veggene til utlodning. Dei selde lodd på to måtar, - skreiv namn i ei bok og selde lause lodd, oppklipte nummer, som dei trekte opp frå ein hatt. NMS (Det norske misjonsselskap) heldt og ein årleg basar nokolunde på same måten.

Elles hadde ungdomslaget møte i bedehuset og det var 17.mai-tilstelling både før og etter krigen. Då blei det servert mylse og rømmegraut som vart koka og stelt til på ein av dei næraste gardane, Engebøhaugen, Engeset eller Stølen. Fleire hjelpte til. Elfrid Hovland minnest det var to bilete på veggen. Ho lurer på om det ikkje var eit av Jesus på krossen og eit av oppstoda.

Særeige bedehus

Det gamle bedehuset i Tyssedalen skil seg på fleire måtar frå alle andre bedehus i Sogn og Fjordane. Det var opphavleg skulehus bygt før 1900 og typisk for mange skulehus i Fjaler på den tida, sperrestove med 1 klasserom og "lærerkammer", open himling, glasljore og som regel to store vindauga på brystveggen.

Huset vart ikkje endra då dei flytte det, heller ikkje seinare. Det er det minste av alle eksisterande bedehus. Det er i god stand og etter måten rimeleg å halda ved like.

kjelder:

Fagerheim, Ragnvald og Magne: Fjaler. Gards- og Ættesoge. Bind 1, Holmedal sokn, 2. opplag, 1994.
Beretning om Folkeskolens Virksomhed i Ytre Holmedals Skolekommune i Femaaret 1891-95. 1896.
Munnleg informasjon frå:
Elfrid Hovland, Fjaler.
Kåre Hauge, Fjaler.
Ansgar Tysse, Fjaler.

PERMANENT IDENTIFIKATOR