Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 11. august 2017

Sist oppdatert 10. juni 2021

Kommune

Rå-data

Kryssbolt med ring på Knutholmen



Fleire skilt viser vegen til Knutholmen restaurant og resepsjon i Kalvåg. Inne er det ei opning i golvet der litt av grunnfjellet i Knutholmen kjem fram. Det står ein kryssbolt med ring der, og tett attmed er det måla eit sirkelfelt i svart og kvitt. Det er eit båtfeste med lang historie; kan henda bortimot to hundre år. Reiselivsverksemda Knutholmen AS har kryssbolt med ring i firma-namnet sitt.

Kryssbolt med ring og nymåla sirkelfelt på Knutholmen, juni 2021. Sirkelfelta ved båtfesta måtte målast med jamne mellomrom for at dei skulle vera maksimalt synlege.

Kryssbolt med ring og nymåla sirkelfelt på Knutholmen, juni 2021. Sirkelfelta ved båtfesta måtte målast med jamne mellomrom for at dei skulle vera maksimalt synlege.

Datering: 2021

Fotograf: Hermund Kleppa


Knutholmen «rundt 1880» - to sjøbuder

Paul Frøyen bur i Kalvåg. I 2002 gav han ut boka «Frøya og Kalvåg. Historiske streiftog og Fragment av ein barndom i krigstid». Boka er rikt illustrert med både gamle og nyare foto. Mange har motiv frå Kalvåg. Eit frå «rundt 1880» viser ein liten holme inne i vågen, Knutholmen. Det står to sjøbuder der. Og det går ei lita bru (klopp) frå land ut til holmen. Biletet er teke vinterstid under sildefisket. Heile Kalvågen er full av båtar. Mange ligg til ankers rundt Knutholmen, med feste i land.

«desse maleriske fortøyingsgreiene»

Kryssbolten med ring på Knutholmen, pr 2016, var mykje truleg i bruk «rundt 1880», som landfeste for både ein og fleire båtar. Denne kryssbolten var ein av mange båtfeste, ikkje berre i Kalvåg, men også rundt om på øya Frøyna (og andre stader på kysten). Paul Frøyen har eit avsnitt om dei gamle båtfesta i boka si, om funksjonen dei hadde i eldre tider og om korleis det stod til med dei då han skreiv boka si, då det ikkje lenger var bruk for dei på same måten som før.

«Dei finst på nes og i lune bukter langs land, av og til på lesida av holmar og øyar, eller på begge sider av sund, nesten alltid i kombinasjon med god ankergrunn. Her berga fartøya seg inn frå havet når uvêret raste, og fiskarane låg her under vinterfisket.

Tjukke og rustklaka har dei stått imot tida sine glupske tenner og står framleis til teneste for den som er i beit for landfeste. På vest- og sørsida av Frøyna går vi oss på dei rett som det er. Vi finn dei i alle øyane langs sjøen frå Småvågane [Steinset] og nordetter til Torshovden. Vidare finst dei ved Lisetlandet og rundt Kalvågen – frå Flatholmen på eine sida til Utigard-strendene på hi.

Dei gamle kryssboltane må takast til vare; men trass i verneiveren når det gjeld sjøhus, synest mangt anna, m.a. fortøyningsringar og kryssboltar – også ein viktig del av kystkulturen – fullstendig gløymde. Ingen tykkjest sjå dei eller fatte kva dei er verd.»

Egil Totland – registrering og kartfesting

I tida etter Paul Frøyen si bok i 2002 har i alle høve ein mann både sett den kulturhistoriske verdien av «fortøyningsringar og kryssboltar», og gjort noko: Egil Totland, Kalvåg. Frå båt og til fots leita han sommaren 2009 opp og registrerte fortøyningsfeste i områda rundt Kalvåg. Registeret omfattar 95 feste, med omtale, kartfesting og foto. Dessutan har Egil Totland formidla fortøyningsregisteret på ei internettside.

Fortøyningsfeste med sirkelfelt

«Dei målar blinkar i berg» var overskrift i Firdaposten 23. juni 1997. Ytterøyane 4H hadde teke på seg å restaurere dei gamle «fortøyningsboltane» i distriktet. Dei pikka rust og sette jarnet inn med mønje, og dei brukte stålbørste på berget og skrubba mose og lav av målingsrestane på sirkelflata attmed. 4H-laget hadde kontakta Kystverket og Kystverket tykte det var eit godt tiltak.

I Kvamsøysundet, Balestrand kommune, Sogn, fins eit fortøyningsfeste ved ein bratt bergnakke på Kvamsøysida av sundet. Sirkelfeltet, eller blinken attmed, «treffer auga» på lang lei, i grålysinga og skyminga som i dagslys. Det fungerer som optisk varsel om at her finst eit fortøyningsfeste. Det var kommandør Friis, overlos i Bergen, som i 1799 lanserte bruk av «blinkar» attmed fortøyningsfeste, Friis utarbeidde også framlegg til nye ringmodellar der ringen låg laus rundt ein bolt. Eit tverrjern gjorde at ringen ikkje kom bort. Fortøyningsfestet på Knutholmen er eit typisk Friis-feste. Historisk Museum i Bergen har tidfesta fortøyningsfestet til kring 1810. 

Lov 1827

I 1827 kom «Lov ang. [angående] Havne- og Ringevæsenet». Kapittel II handlar særskilt om «Ringe- og Fortøiningsvæsenet». Her går det fram at det i første rekkje var grunneigar som skulle ordna med forøyningsfeste etter tilvising frå vedkomande styresmakt. Ved etablering av nytt fortøyningsfeste skulle det skrivast ut offisielle dokument på festet, m.a. heimelsbrev. Eigar hadde rett til å krevja godtgjersle for bruk av fortøyningsfestet. Etter kvart vart det likevel slik at det offentlege meir og meir tok over ansvar og oppgåver knytt til fortøyningsfeste langs kysten.

1922 – over 12 000 offentlege fortøyningsfeste

Egil Totland registrerte 87 fortøyningsfeste rundt Kalvåg i 2009. Dei fleste var truleg i si tid sette på plass og vedlikehaldne av det offentlege. I 1922 var det 12 200 offentlege fortøyningsfeste av ulikt slag i heile landet. Hamnestellet hadde lenge eigne båtar som reiste rundt og sytte for vedlikehald og sette ned nye feste der det trongst. Alle fartøy hadde rett til å bruka festa, men berre for kortare tid. Etter kvart vart systemet med offentlege fortøyningsfeste langs kysten avlegs, og hamnestellet slutta med regelmessig vedlikehald. Og som Paul Frøyen skriv, fortøyningsfesta greier seg ei tid mot «tida sine glupske tenner», men jarnet rustar og sirkelfelta kjem bort. Fortøyningsfestet på Knutholmen er mykje truleg det einaste som er teke vare på i eige «overbygg».

Kommunestyra fremja søknader

Nye fortøyningsfeste kunne koma på plass etter søknad frå/via kommunestyre. I Fylkesarkivet sitt digitale møtebokregister – som pr. 2016 ikkje på langt nær er fullstendig – kjem opp 32 treff på søk «Fortøyning» i feltet «saksnamn». Til dømes søkte Innvik kommune under sak 4 i møte 29. mai 1845 om få sett opp fortøyningsringar i Smørhamn. At ein kommune langt inne i Nordfjord søkte om fortøyningsringar i kystkommunen Bremanger, kan ha si forklaring i at folk inne i Nordfjord i mange år reiste på sesongfiske på kysten med eigne båtlag.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firdaposten, 23.06.1997


Frøyen, Paul: Frøya og Kalvåg. Historiske streiftog og Fragment av ein barndom i krigstid. 2002


Lov ang. Havne- og Ringevæsenet». 24.07.1827


Opplysningar frå Svein Inge Fosse, Kalvåg:


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Møtebokregisteret.

PERMANENT IDENTIFIKATOR