Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vassenden



Stølen Vassenden ligg i nedre enden av Eimhjellevatnet. Tidlegare hadde alle bruka vårstøl her bortsett frå bnr 6 som var på Sørenstøylen, noko lenger oppe i Vassendedalen. Stølinga her tok slutt før 1940. Her er stort sett berre tuftene att.

Vassendestølen med to fjøs og eitt sel.

Vassendestølen med to fjøs og eitt sel.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Tilkomsten var med båt på Eimhjellevatnet.

Bruk av stølen

Sjå artikkel om Vikastøylen.

Nokre fakta

Eimhjellen, gard nr. 24, Hyen sokn, hadde 7 bruk i 1890. Folketalet på garden var 63 i 1865. I 1900 var talet auka til 67.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 267. Sandane 1988.
Nils Eimhjellen, Gloppen
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR