Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. oktober 2001

Sist oppdatert 15. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Skreda i Ese i 1928



Ese-gardane ligg på begge sider av Ese-elva. Elva kjem frå dei mektige fjellområda Vindreken og Grisagrøegga. Grisagrø-skreda er årviss og losnar på nokre store, nakne svaberg på vestsida av fjellet Vindreken. 1928 kom ho med ei kraft ingen hadde venta.

Bilete frå skreda i Ese i 1928 med husa på bruk nr. 1. Driftsbygningen vart teken av skreda. Dyr som vart skadde i skreda måtte naudslaktast og vart hengde opp i trea til høgre for husa. Biletet gjev eit godt inntrykk av kor enorme snømassar som kom ned frå fjellet. Dalføret vidare nedover til høgre for husa vart heilt oppfylt av snømassane.

Bilete frå skreda i Ese i 1928 med husa på bruk nr. 1. Driftsbygningen vart teken av skreda. Dyr som vart skadde i skreda måtte naudslaktast og vart hengde opp i trea til høgre for husa. Biletet gjev eit godt inntrykk av kor enorme snømassar som kom ned frå fjellet. Dalføret vidare nedover til høgre for husa vart heilt oppfylt av snømassane.

Eigar: Halsten Ese/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1928.

Fotograf: Ukjend.

Vêromslag

Folk i Ese kjende ei gamal segn som fortalde at Grisagrø-skreda ein gong hadde gått like til fjorden og gjort stor skade på garden. I januar og februar 1928 var det mykje kaldt vêr, og elvane fraus att. I byrjinga av februar slo det om til mildvêr og deretter kom det mykje regn. Det låg òg mykje snø i fjellet. Folk såg med otte mot dei faste skredfara og frykta at dei no ville koma tyngre og farlegare enn vanleg.

Den 9. februar 1928

I 9-tida om morgonen den 9. februar hadde Erling Ese vore i løa og drege høy. Han kom inn att på kjøkenet til syskena sine og fortalde at det var slik storm at hatten dreiv av han inne i løa. Han sa òg at det dreiv styggeleg hardt ute. Han fekk ikkje snakka ferdig. Brått snudde alle seg og stirte ut kjøkenglaset. Løa der Erling nett hadde vore, kom sigande mot kjøkenglaset med stabburet føre seg. Rutene i stoveglaset singla innover golvet.

Bilete frå skredet.

Enorme snømassar

Denne gongen kom Grisagrø-skreda slik segna hadde fortalt dei. Skreda hadde slite laus enorme snømassar på vegen ned frå fjellsida. Nedover dalen gjekk ho 5-600 meter brei og heile dalbotnen vart fylt opp til ei stor flate av dei enorme snømassane. Skreda jaga over elva og 150 meter opp i bakken på den andre sida av dalen. Ho velta fjøset til Eirik Ese før ho strauk langs stoveveggen. Derifrå gjekk ho vidare og fylte vedhuset til Jens Ese med snøsørpe og fór rett framom stovehuset. Lenger nede tok skreda med seg 4 kvernhus, ei bru og fjøset og buskapen til Hans L. Ese.

Bilete av ei ku på garden til Hans L. Ese.

Store skader

Skreda slo sund fjøset til Eirik Ese, og beista vart klemde i hel under tunge bjelkar og våt snø. Av heile buskapen fekk han berre berga 4 kyr, ein kalv og ei høne. Hesten og to kyr vart dregne daude fram før kvelden kom. Lenger nede tok skreda med seg fjøset til Hans L. Ese i indre Ese. Beista vart sopte nedover mot fjorden. Nokre fann dei daude i fjøra, andre låg og flaut ute i Esefjorden.

Taksering av skadene

Etter oppmoding frå fylkesmannen, valde kommunestyret ei nemnd på tre personar som skulle taksera skadene etter skredene som gjekk den 8. og 9. februar. Det vart òg vald ei nemnd som skulle dela ut dei pengane som vart løyvde til dei som vart råka. Takstnemnda var òg i Ese. Anders A. Ese, som åtte bruk nr. 1, fekk skade på hus og reiskap for 8250 kroner. Skaden på jorda var òg stor. Eirik Ese, som var forpaktar for Anders, miste beist og avling for 3250 kroner. Skade på jord, hage og vegar vart taksert til 3800 kroner.

Bilete av stovehuset på bruk nr. 1.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards- og ættesoge. Bind II. Balestrand, 1991.
Intervju med eldre folk som opplevde skreda i 1928.
Balestrand kommune, kommunearkivet:
Formannskapet/kommunestyret, møtebok, 1928.

PERMANENT IDENTIFIKATOR