Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. februar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Korleis såg han ut - Eivindvigens andens skaber?



I 2002 tok administrasjonen i Gulen kommune ned biletet av første ordføraren sin, sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl. Det var ikkje deira Dahl. Det synte ein annan Niels Dahl, ein som var sokneprest i Sør-Trøndelag og på Eid i Nordfjord.

<p>Niels Dahl (1806-1954). Dahl-biletet i J.E. Sars si bok som kom ut i 1904. &rdquo;Sogneprest Niels Dahl&rdquo; st&aring;r det i billetteksten. Det er same mannen som p&aring; biletet nr. 2, berre med den skilnaden at det viser litt meir av mannen.&nbsp;</p>

Niels Dahl (1806-1954). Dahl-biletet i J.E. Sars si bok som kom ut i 1904. ”Sogneprest Niels Dahl” står det i billetteksten. Det er same mannen som på biletet nr. 2, berre med den skilnaden at det viser litt meir av mannen. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

Hol i ordførargalleriet

Men korleis såg han ut, den vidgjetne Eivindvik-presten, Niels Griis Astrup Dahl? Dei trudde lenge dei visste det i Gulen, men så fekk dei høyra at det ikkje var deira Dahl dei hadde bilete av, det var ein annan med same namn. Det var ei enkel sak å ta ned biletet frå ordførargalleriet, verre er det å fjerna det same biletet i bygdebøkene, for ikkje å seia i hovuda på folk. Det har liksom frå barndomen festa seg på netthinna til gulingane – og andre - korleis ”Eivindvigens anden Skaber” såg ut. Ein ungdommeleg mann med kvitt skjortebryst og krosslagd sløyfe i halsen, mild og sympatisk i uttrykket. Det verste var likevel at dei ikkje hadde noko bilete å hengja opp i staden, eit bilete som viser korleis deira Dahl såg ut.

Portrett på minnestein

Sommaren 2002 reiste Gulen ein minnestein over Niels Griis Alstrup Dahl. 
Kunstnaren Elisabeth Steen laga relieffet. Ho måtte greia seg utan bilete eller portrett. Oppgåva hennar vart å framstilla eit kunstverk som ber bod om noko av det ein veit at ”Dahl i Eivindvigen” var og gjorde, både som prest og som samfunnsengasjert person på ei rekkje område.

Tre blad Niels Dahl på Stortinget

Samanblandinga av fleire Dahl-bilete skuldast at tre stortingsmenn med namnet Niels Dahl er innblanda. To av dei var på stortinget i 1830 og desse to hadde ikkje berre same førenamn og etternamn, Niels og Dahl. Dei hadde jamvel nøyaktig like mellomnamn, begge heitte Niels Griis Alstrup Dahl! Nedanfor fylgjer personopplysningar om kvar av dei tre Niels Dahl.

Niels Griis Alstrup Dahl (prest), fødd 14. mars 1778 på garden Nedre-Fet i Kvinnherad, Hordaland, var son til den velståande oberstløytnant Johan Koren Dahl og Else Alstrup. Dahl gjekk på katedralskulen i Bergen, vart student i 1796 og cand. theol. ved universitetet i København 1800. I 1804 vart han kapellan i Eivindvik prestegjeld og sokneprest same staden i 1807.

Sidan vart han verande i Gulen. Han var prest i 45 år, ordførar frå 1837 til 1847 og representant på Stortinget hausten 1814, 1827, 1828 og 1830. Dahl arbeidde i alle år for betre allmugeskule og meir folkeopplysning, for betre helsestell og jordbruk. Han vart heidra med borgardådsmedalja og vart medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selsskab. Niels G.A. Dahl var gift med Hylleborg Hertzberg (1765-1848). Dei var barnlause.

Niels Griis Alstrup Dahl (militærmann), fødd 31. august 1777 på Onarheim i Tysnes, Hordaland, var son til krigskommissær Henry Frimann Dahl og Inger Dorthea Alstrup. Han vart offiser i 1796, kaptein i 1811 og major i bergenske brigade 1829. Han var 4. representant frå Søndre Bergenhus amt på Stortinget 1830. Niels G.A. Dahl var gift med Cecilie Sophie Muller Segelcke. Han døydde i Tysnes 10. juni 1834.

Niels (Nicolai) Nielsen Dahl (prest), fødd 18. juli 1806 på garden Øvstedalen i Tresfjord i Vestnes, Møre og Romsdal, var son til gardbrukar Nils Nilson Øvstedalen og Anna Larsdotter. Han var såpass gløgg at soknepresten sette han til omgangsskulelærar då han var i konfirmasjonsalderen. Kort tid etter vart han ”oppdaga” av biskop Neumann som saman med andre hjelpte han fram til utdanning. Han vart cand. theol. ved universitetet i København i 1830. I 1832 vart han kapellan hjå sokneprest Dahl i Eivindvik, deretter i fleire prestegjeld i Bergenhus Stift, før han i 1838 vart residerande kapellan i Melhus, Sør-Trøndelag. Her vart han verande i tretten år.

Niels Dahl var sterkt samfunnsengasjert. Han gjekk i brodden for å skipa sparebank, bibliotek og gjensidig branntrygdelag. Dessutan var han mannen bak ei ny bru over Gaula. Han har vorte omtala som presten bak fire b-ar: bank, bru, bibliotek og branntrygdelag. Niels Dahl var ordførar i perioden 1840-1847, og vart innvald til Stortinget i 1845, 1848 og 1851.

Hausten 1851 vart han utnemnd til sokneprest i Eid, og tok over embetet våren 1852. Grunna sjukdom måtte han seia frå seg embetet etter berre to år, og døydde kort tid etter, 21. juli 1854. Niels Dahl var gift med Christopha Kristine Rønneberg (1812-1890). Dei hadde fleire born. Ein son var den kjende lagdommaren Walter Scott Dahl.

Lett å blanda saman

Dei er lette å blanda saman, desse tre Dahl-ane, og då særleg dei to med nøyaktig same namn som var på stortinget i 1830. Dei to Dahl-teologane kjende kvarandre. Dahl i Melhus og på Eid hadde minst to opphald hjå namnebroren Dahl i Eivindvik. Han var på ”lærarskulen” Dahl i Eivindvik heldt for skulehaldarar, og han var kapellan hjå han i 1832. Begge var på Stortinget, men ikkje samstundes, og begge var ihuga opplysningsprestar som sette varige merke etter seg i høvevis Gulen og Melhus.

Bilete fleire stader

Stortingsarkivet har bilete av dei aller fleste representantane. I 2002 opplyste stortingsarkivar Sigurd Rønning dei ikkje har bilete av presten Niels Griis Alstrup Dahl. Dei har to bilete av Niels Nielsen Dahl, eit bilete frå eit maleri, og eit av han på eit gruppebilete av stortingsrepresentantane i 1851.

Sogn og Fjordane-bindet av verket By og bygder Noreg, Gyldendal (1980), har eit bilete av Niels Griis Alstrup Dahl med bilettekst om presten. Her er ein feil. Biletet viser militærmannen, søskenbarnet til presten. Elles er det verdt å leggja merke til at eitt av bileta av presten Dahl i Melhus og Eid som finst i ulike bøker, skil seg ut frå det vanleg brukte, ved at det viser meir av mannen enn dei andre. Det står i J.E. Sars si bok Norges Politiske historie 1815-1885 som kom ut i 1904.

Spørsmål

Det store spørsmålet er: Finst det eit bilete av ”Dahl i Eivindvigen” nokon stad? Med god grunn har ein og annan undra seg: Er det ikkje merkeleg viss det aldri har eksistert eit maleri eller eit teikna portrett av ein så framståande person?  

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. 1. del biografiar, 2 bind. Kristiania 1914.
Sars, J.E.: Noregs Politiske Historie 1815-1885. Kristiania 1904.
Melbye, Arnfinn: Nils Nielsen Dahl. Prest og Samfunnsbygger. 

Statsarkivet i Bergen: Prestearkivet for Eids prestegjeld. Kallsbok.
Opplysningar frå:
Stortingsarkivet. 

PERMANENT IDENTIFIKATOR