Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

The Ladder - Laksetrappa i Osen



Om "den som kan få to aks ut av eit korn, eller grasstrå til å gro der det før berre vaks eitt" fortener hyllest av folket, så er ikkje han som fylte ei ubrukeleg elv med den praktfulle lakserasen mindre verdig. Laksetrappa i elva Gaula i Noreg er eit vedvarande minnesmerke over initiativet og genialiteten til iren som planlagde og bygde den.

"Fos at Osen". I <i>A River of Norway.</i> av Charles Thomas-Stanford.

"Fos at Osen". I A River of Norway. av Charles Thomas-Stanford.

Eigar: I A River of Norway

Datering: 1903

Fotograf: Ellen Thomas-Stanford

Charles Thomas Stanford: A river of Norway (1903)
Charles Thomas Stanford was one of the many British who came to Norway to fish for salmon around the turn of the nineteenth century. He wrote the book A River of Norway in 1903. The river was Gaula, and the book was published in Norwegian the year after. A chapter deals with the ladder in Osfossen that the Irishman William T. Potts built around 1869. The ladder is the eldest pool ladder in the country.

"Ah! Who can tell how hard it is to climb?"
(BEATTIE, The Minstrel).

Planlagd og bygd av ein ire
Trappa som gir fisken tilgang til elva over den store fossen, vart bygd for omtrent tretti år sidan [dvs. 1869] av ein irsk herre. Han var eigaren av området Osen, som strekte seg nesten to mil opp frå utløpet av elva på venstre bredde. Iren inngjekk avtalar med dei andre interesserte eigarane, som gav han fiskerett i mange år. Det var sannsynlegvis den viktigaste fiskepassasjen som fanst på den tida, sjølv om det sidan den gang er overgått av den store Vefsn-trappa, og kanskje av fleire.

Den har på alle måtar vore ein suksess. Trappa har ikkje berre gjort laksefiske mogleg i 16-20 km, men ved å opna opp glimrande gyteområde, har den forbetra fiskerasen enormt. Tidlegare har dei ferdast i vatnet under den store fossen. Denne prosessen, om ein kan lita på bevisa frå den eldste innbyggjaren, pågår framleis.

Konstruksjonen
Hindringa som må taklast, er eit nærast loddrett fall på 16-17 meter. Trappa går i sikksakk for å gjera oppstigninga meir overkomeleg. Inngangen byrjar på ei naturleg hylle på botnen av fossen, der vatnet er på flodhøgde med kulpen under.

Det er til saman seksten trinn, som går frå det eine til det andre, med varierande høgde på rundt ein meter. Nokre få er stryk, der fisken enkelt kan symje, i motsetning til trapper. Dei små kulpane er av ulik storleik og form. Vatnet i dei er for det meste fossande og skummande, men nokre er meir eller mindre stilleståande vatn der fisken kan kvile litt. På toppen er det ein solid mur som går oppover frå toppen av fossen og høgt nok til å halde elva på si høgaste mål ut av trappa og gjennom denne passasjen ved hjelp av ei av to luker. Desse blir brukt høvesvis i stor eller lita vassføring, inn i den stille og djupe kulpen over.

Størstedelen av trappa blei sprengt ut i fjellet. Trinna blei bygd ved hjelp av stein og trebjelkar. Det heile får ein veldig naturleg utsjånad - noko som er av stor verdi. Fisken ser ikkje ut til å ha vanskar med å oppdaga den, eller å vera redd for den avgrensa straumen dei plutseleg er i. Vi har av og til avliva fisk i elva ovanfor, som må ha komme rett gjennom frå fjorden utan store forseinkingar.

Frå tidleg i juni
Dei fleste år byrjar fisk å vandre i trappa frå byrjinga av juni. Men det er som regel ikkje stor pågang før slutten av månaden, og nokre gonger ikkje før juli. Slike vandringar finn vanlegvis stad når elva byrjar å stige etter regnfall, då temperaturen i vatnet også er høgare. Men denne regelen er ikkje ufråvikeleg. Eg har enno tilgode å finne ut kvifor tusenvis av fisk plutseleg får det for seg at dei skal opp elva.

Nedanfor er det eit utdrag frå dagboka mi frå dei tidlegaste datoane der fisk har blitt oppdaga i trappa, og frå dei dagane der det var stor vandring av fisk.

1898. (Ingen registrering av fisk, men det var garantert fisk i trappa før 14. juni.)
1898. 5. juli. - Ei stor mengde fisk på veg opp.
1899. 11. juni. - Ein fisk.
1899. 2. juli. - Mykje fisk på vandring. Vandringa haldt fram i to eller tre veker.
1900. 13. juni. - Ein fisk.
1900. 15-19. juni Mykje fisk.
1900. 1. juli. - Mykje fisk.
1900. 14. juli - Trappa var full av fisk etter kraftig regn.
1901. 5. juni. - Ein fisk.
1901. 23. juni - Talrikt med fisk etter stadig regn.
1902. 18. juni. - Ein stor fisk.
1902. 23. juni - Mykje fisk.

Denne sesongen var det aldri store mengder med fisk, og det vart rapportert til meg at i august og september var det svært få fiskar i elva.

1903. 23. juni. - Noko fisk.
1903. 4. juli - Lite fisk.
1903. 16. juli - Trappa var heilt full av fisk - ei stor vandring som varte utan pause i fjorten dagar.

Eit mysterium
Dette året, 1903, som var typisk for eit svært seint og heilt unormalt år, var det knapt ein fisk å få auga på i trappa før i midten av juli. Den 16. byrja vandringa. Det var ikkje nokon openberr grunn. Vatnet hadde vore kaldt og elva gjekk ned kvar dag. Dagane i seg sjølve var fine og varme, men elva var enno ikkje påverka av dette. Men likevel vart den plutseleg levande med fisk.

I løpet av dei neste få dagane fór sannsynlegvis tusenvis av fisk opp. Kvar alle kom ifrå, var eit mysterium. Svært få hadde blitt sett i kulpane nedanfor, og sportsfiske hadde då så smått byrja. Eg kan ikkje unngå å konkludere med at ei stor mengd fisk som hadde komme inn fjorden dei seks føregåande vekene, hadde reist tilbake til fjorden. Der var dei til den atmosfæriske endringa - eller kva det enn var - oppstod, som gjorde at dei for til dei høgare vatna.

Vandringa haldt fram utan stans til vi reiste i slutten av juli. På slutten bestod den for det meste av laks som kom tilbake frå havet for første gang, som kom frå fjorden i store mengder i gangen. Dei var som vanleg fylgde av nokre få laks. Den 22. avliva vi to - ein på 5,8 kg og ein på 10,8 - som hadde lakselus. Det fine vêret som byrja 16. juli, varte til slutten av månaden. Elva vart høgare for kvar dag, og temperaturen på vatnet steig frå 10 til 13 grader (celsius). Det kan sjå ut som om laksen, når dei byrja vandringa den 16., visste om forholda som var på veg.

Fantastisk
Det er alltid underhaldande for oss å sjå på når fisken vandrar. Du kan stå ved sida av eitt av trinna med ein stim av laks berre få meter unna, mange av dei halvveges oppe av det skummande vatnet. Stundom hoppar ein fisk i eitt av dei små stryka og, mens den så vidt rører kulpen over, tek neste hindring i same "steg". Det er eit fantastisk syn å sjå ein laks på ti kilo takle hindringane så leikande lett.

Andre fisk ser ut til å ha motvilje mot hopping, og lurer seg opp stryka ved å sno kroppane og å vifte med halane. Noko som må vera ein mykje meir strevsam måte å komme seg opp på. Andre ser ikkje ut til ha sans for arbeidet sitt og prøver å hoppe kort eller kroket, noko som endar med at dei fell tilbake om og om igjen. Dei fleste kulpane er bygde slik at det er vanskeleg for ein fisk å hoppe rett ut på steinane, og eg kjenner berre til ein som har gjort dette, og blitt drepen.

På toppen
Det er også veldig interessant å stå på muren øvst på trappa og sjå fisk komme gjennom luka inn i elva ovanfor. Då må det vera ei lette å komme opp i dei romslege, rolege elvevatnet etter uroa i dei små kulpane. Det ser vanlegvis ut som om fiskane stoppar opp eit sekund og vurderer situasjonen. Deretter flyt dei med straumen majestetisk ned i djupna, og med mindre vi er så heldige at vi møter dei høgare oppe, så er dette siste gong dei vert sett.

Ikkje tjuvfiske
Heldigvis har innbyggarane liten sans for tjuvfiske. Det hadde vore enkelt å ta hundrevis av fisk ut av trappa på ei enkelt natt. I nokre land, som ikkje treng nemnast med namn, krevst det at minst fire, tungt væpna menn vaktar trappa. Eg er glad eg kan seie eg aldri har hatt den minste grunn til mistanke om ulovlege handlingar her.

Konstruksjon av laksetrapper
Den beste konstruksjonen av laksetrapper eg har funne i bøker som omhandlar sportsfiske, er i Fishing in American Waters, av Genia C. Scott (New York, 1869), ei interessant og underhaldande bok. Etter å ha understreka kor viktig det er å gje laks tilgang til dei øvre og grunnare delane av elvane, om arten skal vernast, held forfattaren fram med å drøfta i kva forhold laksen kan hoppe opp eit fossefall. Hovudkrava er ein tilstrekkeleg kulp under, for å kunne oppnå, med tanke på ein stim, nok kraft og snøggleik. Fråværet av dette gjer kverndammar, på berre ein meters djupn, uframkomelege.

Forsyning av nok vatn til avsats i kvart trinn er hovudingrediensen i ei vellykka trapp. Det har blitt prøvd i denne trappa her. Mr. Scott forklarer detaljert med illustrasjonar om ulike trapper i Amerika og andre stadar. Den kanskje mest interessante er det velkjente laksetrappa ved Ballisodare, vest i Irland.

Ein artikkel kalla Salmon Passes av A. F. Bruce, A.M.I.C.E, finst i Transactions of the Civil and mechanical Engineers Society, 1887-1888, og bør konsulterast av alle som er ivrige etter å få greie på forholda og kostnadene rundt ei vellykka trapp.

Eit vedvarande minnesmerke
Om "den som kan få to aks ut av eit korn, eller grasstrå, til å gro der det før berre vaks eitt" fortener hyllesta av folket, så er ikkje han som fylte ei ubrukeleg elv med den praktfulle lakserasen mindre verdig. Laksetrappa i elva Gaula i Noreg er et vedvarande minnesmerke for initiativet og genialiteten til iren som planlagde og bygde den.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR